Olai Wik eller Vik frå Myking? pappa i København i 1901

Moderator: MOD_Hordaland

Svar
19328
Innlegg: 84
Registrert: 01 jan 2007 22:18:33
Sted: GJØVIK

Olai Wik eller Vik frå Myking? pappa i København i 1901

Legg inn av 19328 » 11 aug 2014 21:58:54

Eg treng litt hjelp for barnebarnet mitt, som har ein oldefar "frå Lindås". Olav Emil Johan Wik vart fødd i Københamn i 1901, iflg datter, og faren hans var Olai Wik eller Vik, som skal vere frå Myking i Lindås, medan kona var dansk. Vi har ikkje noko dokumentert frå fødselen.

Eg leiter etter Olai Wik/Vik i kyrkjebøkene tilhøyrande Lindås, men er ikkje kjent i kommunen, og veit ikkje kva for sokn å leite utanom Myking. Har ikkje funne noko med referanse til gard eller plass som heiter Vik der. Er det nokon som kan hjelpe meg på veg? Olai Wik åtte gard eller eigedom i Bruvik på Osterøy, men eg forstår at han flytte derifra, etter at sonen Olav tok over eigedomen på 30-talet.

Eg ynskjer å finne dåps/fødseldato i Lindås, men veit altså ikkje kvar eg skal starte.

Takknemleg for litt hjelp, skal lage ei anetavle for barnebarn sin konfirmasjon.

Tove DePasquale i Gjøvik


19328
Innlegg: 84
Registrert: 01 jan 2007 22:18:33
Sted: GJØVIK

Re: Olai Wik eller Vik frå Myking? pappa i København i 1901

Legg inn av 19328 » 11 aug 2014 23:15:07

Tusen takk, Oddgeir!

Har søkt i heile kveld, men det kom ikkje opp i Bergen.....

Da kan eg komme noko lenger.

Tove DePasquale

3496
Innlegg: 392
Registrert: 29 des 2004 21:27:29
Sted: LODDEFJORD

Re: Olai Wik eller Vik frå Myking? pappa i København i 1901

Legg inn av 3496 » 11 aug 2014 23:42:47

Hei

Familien er omtalt i bygdebok nr 2 for Lindås - Lygra og Hundvin sogn, side 50 - 51.

Foreldrene til Olai Andreas, f. 1871, var Jon Mikkjelson Hauge (1831-1924) og Kari Olsdatter Øvretveit (1835-????).

Mvh
Gunnar

gj08391
Innlegg: 4450
Registrert: 01 jan 2009 20:12:07
Sted: GRINDER

Re: Olai Wik eller Vik frå Myking? pappa i København i 1901

Legg inn av gj08391 » 12 aug 2014 05:38:59

Olai Andreas sin dåp her nr 214.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-50

Foreldrene ble gift allt i 1859. Se nr 3 høyre side her.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-45

Her er de i 1865-tellinga.
http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft ... 8246004551

Johns dåp i 1831 her øverst.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-56

Karis dåp i 1835 her nr 24.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-181

19328
Innlegg: 84
Registrert: 01 jan 2007 22:18:33
Sted: GJØVIK

Re: Olai Wik eller Vik frå Myking? pappa i København i 1901

Legg inn av 19328 » 12 aug 2014 15:45:13

Hei sann, flott med så mange svar! Eg har ikkje hatt tid til å gå inn i forumet før no i ettermiddag, men eg har vore på biblioteket for å låne bygdebøkene, og eg har funne Olai Andreas sin dåp, slik som døkk har gjengjeve lenka her. No skal eg prate med barnebarnet til Olai på Osterøy, for å høyre om ho trur dette stemmer. Ho hadde nemleg lite informasjon om besteforeldra og ingen lenger bak.

Eg reknar med at Olai gifte seg i København, og eg får prøve å finne noko der på nettet då.

Tusen takk til døkk begge to!

Tove

Svar

Gå tilbake til «Lindås»