Elling Monson Lie

Moderator: MOD_Hordaland

Svar
gj13588
Innlegg: 412
Registrert: 21 mar 2011 14:07:40
Sted: BErgen

Elling Monson Lie

Legg inn av gj13588 » 31 jan 2013 11:39:36

Eg har spora opp ein Elling Monson Lie i Manger, som far til Willum Ellingsen. Her er dåpen til Willum:

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcen ... k=350#ovre

Det store spørsmålet er: Kvar ligg garden Lie? Eg trur garden Elling Monson bur på også er omtala som Nordre Lie. Er det Li som ligg mellom Gardviki og Rinndalen?

takksam, Bjarte

Johan Ludvig Kvamme
Innlegg: 84
Registrert: 23 des 2004 14:12:53
Sted: BERGEN

Re: Elling Monson Lie

Legg inn av Johan Ludvig Kvamme » 01 feb 2013 09:30:13

I bygdebok for Radøy står Under gården Li: Garden Li ligg i bakkane på vestsida av Hallandsvatnet. Mot aust følgjer gardsgrensa dette langstrekte vatnet. I sør grensar garden til utmarka til Kolås, og mot vest går grensa mot Solend, Nøttveit og Morken. Hovudvegen frå Marås svingar seg opp bakkane på Li, over Solendfjellet og vidare mot kommunesenteret Manger. Li er delt i to matrikkelgardar, Sørli og Nordli.

mvh.
Johan Ludvig Kvamme

gj13588
Innlegg: 412
Registrert: 21 mar 2011 14:07:40
Sted: BErgen

Re: Elling Monson Lie

Legg inn av gj13588 » 01 feb 2013 21:23:06

Mange takk. Kva band er dette?

Bjarte

Svar

Gå tilbake til «Lindås»