Søker navn bak initialer og årstal

Moderator: MOD_Hordaland

Svar
gj22640
Innlegg: 6
Registrert: 15. november 2014 kl. 19.51
Sted: Dalekvam

Søker navn bak initialer og årstal

Legg inn av gj22640 » 15. november 2014 kl. 20.57

Under rivinga av eit hus i Dale sentrum på 1990-talet, fann eg eit lite tre-etui bak kledningen.
Huset var bygd i 1878, og etuiet var truleg mista frå loftet og havna mellom vegg og kledning.
Etuiet kan sjå ut til å ha vore til ei salmebok e.l., er håndskåret i form av ei kiste ca 13 cm langt, og i bunnen har det årstallet 1853 og initialene IASL etter mi tolking,
Har leita i bygdebøker etc. for å finna muleg opprinneleg eigar til skrinet, men finn ikkje noko eintydigt der.
S-en i initialane betydde vanlegvis Son, AS = t.d. Anders Son, men etuiet virkar for meg noko "feminint" så eg undrast på om det kan vera vår moderne skrivemåte med pikenavn og giftarnavn ? To gardsnavn til slutt ?
Eg har vore innom Ingeborg Andersdtr. Stavenes, gift m. Mikkel Langhelle, og i Dale bygdaboka står at ho er fødd 1853 på y. Bruvik bnr. 5
Når eg går til ytre Bruvik bnr. 5 s. 151, er der to søstre Ingebjørg, f. 1853 og 1856, men ingen av dei var gift med Langhelle. Ved nærare ettersyn finn eg at dei hadde ei eldre halvsyster Ingeborg f. 1850 med same far og mora Magdeli Tomasdtr. Øye i ugifte.
Dette vart nok innvikla, men der forsvann liksom sporet eg trudde eg var inne på, like navn men ulike årstal, og feil ektefelle.
Difor spør eg her på forumet: Er det nokon som har forfedre/-mødre med årstal og initial som passar her ?
Ivar Vaksdal
PS. Om eg får det til så legg eg inn bilder i kommentarfeltet, ellers prøver eg att seinare
Du har ikke de nødvendige tillatelsene for å vise filene som er tilknyttet dette innlegget.

gj22640
Innlegg: 6
Registrert: 15. november 2014 kl. 19.51
Sted: Dalekvam

Re: Søker navn bak initialer og årstal

Legg inn av gj22640 » 15. november 2014 kl. 21.04

Prøver å legga til eit bilde til
Ivar Vaksdal
Du har ikke de nødvendige tillatelsene for å vise filene som er tilknyttet dette innlegget.

Brukeravatar
Åsbjørg Johanna Susort
Innlegg: 791
Registrert: 10. oktober 2012 kl. 18.59
Sted: Skåredalen

Re: Søker navn bak initialer og årstal

Legg inn av Åsbjørg Johanna Susort » 15. november 2014 kl. 21.20

Årstallet kan vise til konfirmasjon eller bryllup.
Har du sjekka pantebok eller vet hvem som i sin tid bygde huset?
Vennlig hilsen
Åsbjørg

gj22640
Innlegg: 6
Registrert: 15. november 2014 kl. 19.51
Sted: Dalekvam

Re: Søker navn bak initialer og årstal

Legg inn av gj22640 » 20. november 2014 kl. 11.43

Takk for svar.
Huset tilhøyrde Dale Fabrikker og var arbeidarbustad. Opprinneleg var kvar leilighet på kun eitt rom, og tre slike "leiligheter" delte på eitt kjøkken. På kvistane budde der også folk, då helst einslege og ugifte. Iflg. folketellinga 1900 budde der omlag 50-60 menneske i kvart av desse 4 like husa.
Gjennomtrekken av arbeidsfolk, særleg yngre, var truleg stor, og i samband med bygginga av Vossebanen på 1880-talet var her folk frå heile landet, også mange frå Sverige slo seg ned her då.
Eg har sjøl gitt opp å leita etter ein "eigar" som høver til initialane på skrinet, så om ingen her på forumet kjenner igjen nokon blant sine forfedre/-mødre, lar eg det forbli ukjent.
PS: driv for tida og ryddar ut i huset, er nokon interesserte i å gi meg eit bud på kjøp av etuiet ?

Brukeravatar
Paul Johan Hals
Innlegg: 13013
Registrert: 17. oktober 2007 kl. 20.33

Re: Søker navn bak initialer og årstal

Legg inn av Paul Johan Hals » 20. november 2014 kl. 12.44

Som Åsbjørg nevner kan det vises til en konfirmasjon eller bryllup. Om det viser til et bryllup kan det være et av barna som har fått det med da han/hun reiste hjemmenfra.

Man skal heller ikke se bort ifra at den opprinnelige eier kan ha bodd i Bergen. I byene ble det vanlig med fast etternavn tidligere enn på landsbygda. Det begynte ofte med at barna i en familie to farens patronym som etternavn (slektsnavn)
Hypotetisk eksempel: Ingeborg AndersSen Laksevåg.

Mulighetene er mange så det blir vel som å lete etter den berømte nåla i høystakken :?

Lykke til

Mvh Paul

Svar

Gå tilbake til «Vaksdal»