Nikolai Ulfsten, kunstmålar, f. 1854 Bergen

Moderator: MOD_Hordaland

Svar
Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5725
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Nikolai Ulfsten, kunstmålar, f. 1854 Bergen

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 23. september 2016 kl. 23.10

Utgangspunktet er eit lesarinnlegg i Vikebladet, lokalavis for Ulstein (Sunnmøre) - kva var opphavet til Nikolai Ulfsten, fødd som Nikolai Nielsen 1854?

https://lokalhistoriewiki.no/index.php/Nikolai_Ulfsten
https://nbl.snl.no/Nikolai_Ulfsten

Det heiter i lokalhistoriewiki at "Navneendring fra Nielsen til Ulfsten ble foretatt i 1876, etter farsslektens hjembygd Ulstein på Sunnmøre. "
Eg har undersøkt litt ... - og kom førebels til Ullensvang.

Leitinga byrjar i Bergen; sjå der: https://slektsforum.slektogdata.no/view ... p?t=141577

Dersom eg har funne rett Nikolai, var far hans, Niels Nielsen, handelsborgar i Bergen, fødd i Kinsarvik (=Ullensvang) prg. (ifl. FT1875 og FT1865, og vigsel 1843).
I FT1875 hadde Niels ei søster Herborg buande hjå seg, f. 1803 Kinsarvik

Det ser ut til å stemme:

Niels Nielsen Tjoflot døypt 1806
SAB, Ullensvang Sokneprestembete, H/Haa: Ministerialbok nr. A 8, 1804-1835, s. 7
https://media.digitalarkivet.no/kb20070522640274
døypte 1806
«2den Febr. Døbt en Søn af Ægtefolkene Niels Nielsen Tioflot og Jorand Asgieldsd., nom: Niels.»
SAB, Ullensvang Sokneprestembete, H/Hab: Klokkerbok nr. E 5, 1804-1811
https://media.digitalarkivet.no/kb20050822030254
bilete 34, 1806, 2. s. i faste . 2.mars «Introd …. Niels Nielsøn Tioflots Kone Jorond Aslachs, …»


syster Herborg Nielsd Tjoflot døypt 1803
SAB, Ullensvang Sokneprestembete, H/Haa: Ministerialbok nr. A 7 /2, 1788-1804, s. 287-288
https://media.digitalarkivet.no/kb20070522640164

s.288, døypte 1803 «Herborg fød paa Tioflodt den 30de Martii af Niels Nielsen
Tioflodt og Jorond Aschields datter, hiemmedøbt samme dag af Barnets fader,…»


farfar til Nikolai: FT1801, Niels Nielssen, 31, ug
http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft ... 8376000711
bror: Johannes Nielsen 39; mor: Herborg Ellingsd. 72, enke 1.ektesk.


farforeldre til Nikolai vigde 1802, Nils Nilsson Tjoflot og Jorond Askildsd Kvale, Ulvik
SAB, Ullensvang Sokneprestembete, H/Haa: Ministerialbok nr. A 7 /1, 1788-1804, s. 477-478
https://media.digitalarkivet.no/kb20070522640229
Kinservig sogn, vigde 1802
«20 April Niels Nielsen Tioflot, Ungkarl , med Pigen Jorond
Askildsdtr. Qvale frå Ullvigs Sogn. Forl: Torgijelds
Anchels. Tioflot, Jedmund Samsonsen Haaeim»


Så langt er det vel stadfesta at den
Niels Nielsen, handelsborgar i Bergen, eg fann i Bergen og truleg far til Nikolai Ulfsten,
vart fødd i Kinsarvik(Ullensvang) i 1806.

Vi må ta det stegvis.
Når eg får stadfesta koplinga mellom denne Niels og Nikolai, så kan eg gå vidare.
Til så lenge er det berre eit spørsmål om nokon kjenner meir til Nils Nilsson Tjoflot som vart handelsmann i Bergen - og truleg far til Nikolai Ulfsten.

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5725
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Nikolai Ulfsten, kunstmålar, f. 1854 Bergen

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 23. september 2016 kl. 23.24

Før nokon kastar seg over tastaturet for å hjelpe meg: Eg er klar over denne:

Olav Kolltveit: «Odda, Ullensvang og Kinsarvik i gamal og ny tid. 5 2 : Bygdesoga», 1974
http://www.nb.no/nbsok/nb/5a3f8565ae863 ... ndex=19#88

Tjoflot bnr.2
6. Nils Johannesson Tjoflot (1728-89), br. 1753 e. foreldra sine; g. 1752 Herborg Ellingsd Folkedal (1726-1811)
e) Johannes ny br
h) Nils (1770-1850) g. 1802 Jorond Askjelsd Kvåle (1770- ) frå Ulvik (Æb. Ulvik s. 112), flytte til Etne, der han i 1824 bygsla Rabben under Skjensvoll. Born: Herborg (1803), Nils (1806), kjøpmann i Stavanger, Askjel (1809-34), Samson (1813), flytte til Stavanger i 1840.


og denne:

Olav Kolltveit m.fl «Ulvik : gards- og ættesoga. 1 : Almennsoga og ein del gards- og ættesoga», 1987
s.401 http://www.nb.no/nbsok/nb/178375d149e34 ... dex=16#404
Kvåle bnr.3

1.Samson Askjellsson Torblå bnr 6 (1701-62), br. Ca. 1732, sk frå syskena 1734, g. Anna Maria Larsd. Vambheim bnr.1 (1706-90), 7 born, b. Askjell (neste br).

2. Askjell Samsonson Kvåle (1742-1817), br./sk. 1761 frå faren , g. 1763 Brita Eiriksd. Håheim bnr. 9 (1741- )
7 born; c. Jorond (1770-) g. 1802 Nils Nilsson Tjoflot (1770-1850), b. Etne. Born: Herborg (1803), Nils (1806), Askjell (1809-34), Samson (1813)



Altså foreldra og besteforeldra til Niels Nielsen i Bergen.

Svar

Gå tilbake til «Ullensvang»