Anna Olsdtr. Økland, gift til Tverdarøy 1778.

Moderator: MOD_Hordaland

Svar
Leiv Sigmund Hope
Innlegg: 2
Registrert: 5. februar 2013 kl. 20.29
Sted: Tønsberg

Anna Olsdtr. Økland, gift til Tverdarøy 1778.

Legg inn av Leiv Sigmund Hope » 31. januar 2025 kl. 19.40

Ei av mine anegreiner svingar innom Tverdarøy i Fitjar der ein av mine forfedre er Johannes Johannesson Onarheim, d. 74 år gml i 1810. Første kona hans døydde i 1776 og han gifter seg omatt med Anna Olsdtr. Økland og får seks barn med henne. Det er det vesle vi får vite om henne i bygdeboka for Fitjar. Kven var ho? Kor kom ho frå? 
Det er sju Øklandgardar i næraste kommunane,- Sveio, Bømlo, Austevoll, to i Tysnes og to i Stord. Har leita i alle bygdebøker og finn i Tysnes gards- og ættesoge to stader nemnt at ei Anna Olsdtr., fødd i 1722 først vart gift til Molnevika, nemnt under Høviskeland, og sidan vart gift til Tverdarøy. Same nemnt på Økland S. Dette må vera feil. Ho ville då vore 56 år gamal når ho gifter seg  i 1778 og det i seg sjølv er nok til å sei at det ikke er rett.
På side 2 i Ministerialbok nr. A 3, 1778-1800 for Stord finn eg at Johannes gifter seg med Anne Olsdtr N Økland i 1778. Her er N-bokstaven svært tydeleg.Vidare kom folketeljinga 1801 til hjelp. Der er Anne Olsdtr nemnt å vera 60 år og ho er der i sitt første ekteskap. Fødd rundt 1741. Det gir meining. Ved leiting i kyrkjebok for Stord, Ministerialbok nr. A 1, 1725-1744, s. 86, finn eg ei Anne døypt den 16. november 1743 som er dotter av ein Ole Michelson på Nedre Økland. Kan det vera henne? Mitt problem at det i bygdeboka ikkje er nemnt nokon Ole Michelsen fødd tidleg på 1700-talet på Nedre Økland i Stord. Det kan vere at det er oversett ved bygdebokskrivinga eller han kan kanskje ha vore innom der ei kort tid og flytta til annan gard?
Er det nokon der ute som har arbeidd med same personane og har klart å finne bekrefta svar på kven Anne Olsdtr. Økland, gift til Tverdarøy i 1778, er? 
 
 
 
 
 

Marie Skålnes
Innlegg: 11
Registrert: 26. januar 2021 kl. 18.38

Re: Anna Olsdtr. Økland, gift til Tverdarøy 1778.

Legg inn av Marie Skålnes » 1. februar 2025 kl. 22.55

Her er namnet på Ole Mihelsen si kone og alle borna, men eg veit ikkje om det hjelper deg så mykje. Ser jo ut som om ham budde på Nedre Økland då døydde 27.06.1763.
Enke Ales Olsdatter og barna Michel, 16, Ole. 12, Hans, 8, Jæns, 1, Pernille, 24, Anna, 20, og Siri, 4 1/2.

Marie Skålnes
Innlegg: 11
Registrert: 26. januar 2021 kl. 18.38

Re: Anna Olsdtr. Økland, gift til Tverdarøy 1778.

Legg inn av Marie Skålnes » 1. februar 2025 kl. 23.43

Ole og Ales gift 18.09.1740. Står ikkje kor dei kjem frå.

Svar

Gå tilbake til «Fitjar»