"Russa-Martå" - Bømlo.

Moderator: MOD_Hordaland

Svar
Brukeravatar
Hans Magnus Stølen
Innlegg: 10
Registrert: 2. februar 2007 kl. 22.22
Sted: RANDABERG

"Russa-Martå" - Bømlo.

Legg inn av Hans Magnus Stølen » 23. august 2009 kl. 23.09

Hei!
Er det noen som veit noe om "Russa-Martå" som skal ha budd på Bømlo, nærmere bestemt i området Gåsland-Habbastad-Sæverud eller deromkring. Hun skal muligens være av Russisk lav-adel og ha kommet via det kongelige hoff i København. Eg er interessert i alle opplysninger om henne som feks. årstall, slekt o.l.
Eg har høyrt om henne i barndommen, men som så mykje anna så er ingenting notert og kjeldene er borte :(

MVH
Hans Magnus Stølen
Randaberg

Anne Lisbeth Stavland
Innlegg: 2474
Registrert: 3. oktober 2008 kl. 18.16
Sted: BREMNES

Re: "Russa-Martå" - Bømlo.

Legg inn av Anne Lisbeth Stavland » 23. august 2009 kl. 23.17

Hei :)

Så det var "Russa Martå" ho heitte. Eg har nevnt ho i ein annan post her på forumet, men visste ikkje kva ho heitte. Eg har dessverre ingen konkrete opplysninger om ho. Far min som var frå Bømlo, fortalte om ho. Nå angrer eg på at eg ikkje spurte meir :oops: .


Mvh
Anne Lisbeth

gj00104
Innlegg: 84
Registrert: 5. desember 2004 kl. 19.29
Sted: FRANKRIKE

Re: "Russa-Martå" - Bømlo.

Legg inn av gj00104 » 18. oktober 2009 kl. 20.48

Bømlo I, s. 292

"7) Endre Haldorson Gåsland, d. 1752. G. m. Marita Enevoldsdtr., d. 60 år gl. i 1763. Born: a. Karl, g. Urong. b. Anna Marie, f. 1729, g. Stølo. c. Ingvald, f. 1731, g. nora Sele. d. Haldor, f. 1736, g. Urong. e. Anna, f. 1738.
Etter segna skulle Marita vera av russisk ætt. Her i bygda vart ho kalla "Russa-Marto". Ho vart kjend med Endre på den måten at ho var kokke hjå tsaren av Russland som var i sendeferd til Kjøbenhavn samstundes som Endre var i militærteneste der. So bar det til at ho skulle ha barn med dåverande prins Carl av Danmark, og for at dette ikkje skulle koma ut, vart det kunngjort for eit norsk regiment av marinesoldatar, som då var i Kjøbenhavn, at den som ville gifta seg med jenta skulle straks verta fri tenesta og få reisa heim. Endre steig då fram og sa seg viljug. Dei vart sende oppover med eit orlogsfarty som skulle til Bergen, og vart sette iland i Øklandsvågen. Marta hadde ei stor kiste med seg med grovsmidd beslag og lås. Denne kista har vore i ætta si eige til straks før siste verdskrigen, og var kalla "Russakisto".
Det som særpregar denne segna er at mest alle som høyrer til denne ætta veit at dei er av "russaslekta" og kan fortelja segna mykje likt, medan andre utanom ætta blandar den saman med andre segner, og veit seg ikkje å vera av denne ætta.
Eit er visst: Endre var "mariner" i den tida dette skulle ha hendt. I kyrkjeboka står ikkje at dei er vigde her i bygda, og Karl er heller ikkje døpt i Gåslandskyrkja.
Det var skifte etter Endre i 1752. Medelen var ikkje stor, berre 5 rdl. I buet var 7 kyr og kviger, 2 kalvar og 4 sauer. Av "jernfang" var ei bakstehelle, 1 øks, 1 navar, 2 spajarn og nokre ljåar. Av "træfang" 2 færingsbåtar, 1 fiskesnøre utan stein, 4 strokkar, "adskillige melkekiørler af bøtter, koller, Stamper, Kiærner m.v." 1 mjølkeskåp, 1 børe "i Kaaven", 1 kiste utan lås, 4 sildegarn, 2 tønner havrekorn som var sådd om våren. Mannen sine gangklær var 1 svart og 1 kvit vadmålstrøye, 1 grå og 1 svart vadmålsbrok. Ekkja melde frå at då eldste sonen, Karl, gifte seg, hadde han fått 2 kyr i heimanfylgje, og mannen hadde "paa sit yderste" vilja at dei 3 andre borna istaden for arv skulle og få 2 kyr kvar, "og da Enken meere end gierne bifaldt saadan hendes Mands forlangende skiønt hun des aarsage liidet eller intet kand tilkomme at det overskydende naar gielden og de øvrige afkortninger er fradraget, 'begierede hun og hendes lougverge at bem.te 3 Børn maatte nyde, og som af Retten tilstodes -". Dette tyder på at tilhøvet i heimen og samlivet mellom dei hadde vore godt, og at ho har vore eit "godmenneske".
Som før nemnt brukte Endre garden saman med løremannen Endre Jonson frå 1737 til 1742 då Endre Haldorson bygsla andre helvta. Endre var brukar til han døydde. I 1743 fekk han, og mange fleire, stødnad av "den Kongel. Naadegave" 4 mark i pengar."

FT 1701:
http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/we ... 14278#ovre

Brukeravatar
Hans Magnus Stølen
Innlegg: 10
Registrert: 2. februar 2007 kl. 22.22
Sted: RANDABERG

Re: "Russa-Martå" - Bømlo.

Legg inn av Hans Magnus Stølen » 18. oktober 2009 kl. 21.56

Takk skal du ha kjære 7-menning. :D
Prøver å hjelpa min bror som bur i København, men har aldri vært sikker på om Russa-Marto egentlig eksisterte eller berre var nærmast eit sagn. No kan eg nøsta litt vidare.

Anne Berit Mæland
Innlegg: 10
Registrert: 29. mars 2014 kl. 8.39
Sted: BREMNES

Re: "Russa-Martå" - Bømlo.

Legg inn av Anne Berit Mæland » 29. oktober 2014 kl. 23.40

Hei! Eg leitar etter informasjon om "Russa-Marto", og ser desse "gamle" innlegga. Er det nokon som har funne ut noko meir om dama?

mvh Anne Berit Mæland

Anne Lisbeth Stavland
Innlegg: 2474
Registrert: 3. oktober 2008 kl. 18.16
Sted: BREMNES

Re: "Russa-Martå" - Bømlo.

Legg inn av Anne Lisbeth Stavland » 30. oktober 2014 kl. 14.28

Her er ein kopi på engelsk som oldefar min Jens Jensen Sortland sendte til ei dame i USA.

Eg har hørt i seinare tid at eine kista befinn seg på ein gard i Fitjar (gardsmuseum), men kan dessverre ikkje huska kva gard det var.

Det er nok fleire familiar som har lagt ut slektstreet til Marita Enevoldsdatter som ho blei kalla f 1703 Russland død 1763 Urang, Bømlo. Ho gifta seg i København med Endre Haldorsen f 1697 Urang død 1752. Carl Endresen (som ho fekk med Prins Carl) f 1728 København død 1770 Urang, Bømlo. Gift med Åsa Larsdatter f 1723 Stokkvik, Bømlo død 1801 Urang. Du kan finna desse trea på Dis treff. (Dersom du har bidratt med ged fil kan du bla i slektstrea der og få meir info.)
Du har ikke de nødvendige tillatelsene for å vise filene som er tilknyttet dette innlegget.
Mvh
Anne Lisbeth

gj11900
Innlegg: 80
Registrert: 19. desember 2010 kl. 18.43
Sted: Rubbestadneset

Re: "Russa-Martå" - Bømlo.

Legg inn av gj11900 » 30. oktober 2014 kl. 17.14

Somme av dykk las kanskje den artikkelen som stod i Bømlo-Nytt nå i haust. Sigmund Steinsbø held på og granskar på denne Russa-Marto.

Anne Lisbeth Stavland
Innlegg: 2474
Registrert: 3. oktober 2008 kl. 18.16
Sted: BREMNES

Re: "Russa-Martå" - Bømlo.

Legg inn av Anne Lisbeth Stavland » 30. oktober 2014 kl. 17.26

Takk for opplysningen. Abonnerer ikkje på avisa, men kan vel kanskje få tak i eit eksemplar. :)
Mvh
Anne Lisbeth

Anne Berit Mæland
Innlegg: 10
Registrert: 29. mars 2014 kl. 8.39
Sted: BREMNES

Re: "Russa-Martå" - Bømlo.

Legg inn av Anne Berit Mæland » 5. november 2014 kl. 12.03

Takk skal du ha, Anne Lisbeth! :)

Brukeravatar
Hans Magnus Stølen
Innlegg: 10
Registrert: 2. februar 2007 kl. 22.22
Sted: RANDABERG

Re: "Russa-Martå" - Bømlo.

Legg inn av Hans Magnus Stølen » 5. november 2014 kl. 14.24

Artiklane i Bømlo Nytt kan kjøpast på nett:
https://bomlonytt.buyandread.com/wl/index.htm

Når det gjeld det i Danmark så veit eg at bror min som bur der nede har planar om å sjekka litt i "Rigsarkivet", men er ikkje kommen så langt enda.

Sjølv har eg ikkje høyrt om at eg er av Russa-slekt, men eg burde vel kanskje sjekka om det er noko slektskap.

Anne Lisbeth Stavland
Innlegg: 2474
Registrert: 3. oktober 2008 kl. 18.16
Sted: BREMNES

Re: "Russa-Martå" - Bømlo.

Legg inn av Anne Lisbeth Stavland » 5. november 2014 kl. 20.21

Hei :D
Veit ikkje om eg er i slekt eg heller enno, har ikkje komt så langt. Oldefar min har berre fortalt historien til ei dame i USA som var interessert. Men eg jobbar med saken.

Skal nok få da til å passa inn i slekta skal du sjå :wink: :lol:
Mvh
Anne Lisbeth

gj10576
Innlegg: 100
Registrert: 7. desember 2009 kl. 17.32

Re: "Russa-Martå" - Bømlo.

Legg inn av gj10576 » 13. januar 2016 kl. 17.25

Måske kunne denne historie fortjene at blive set lidt efter med de historiske briller på.

Peter d. 2. var Zar af Rusland 1727 - 1730. Der er ingen officielle kilder, som peger på, at han nogensinde har været i København. Zar Peter d. Store besøgte København i 1716.

Store Nordiske Krig sluttede med fredsaftalen mellem Rusland og Sverige i Nystad i 1721. Der var fred mellem disse lande i 1728-1729.

Prins Carl af Danmark (1680-1729) var bror til Frederik IV (ikke Frederik III).

Der var et fast russisk gesandtskab i København fra år 1700. Marita kan have været kokkepige der, eller hun kan have været ansat andetsteds København - måske ved hoffet, som havde tætte forbindelser til Rusland.

Om Prins Carl :
runeberg.org/dbl/3/0360.html

hilsen Karsten

Brukeravatar
gj25335
Innlegg: 100
Registrert: 19. desember 2015 kl. 16.18
Sted: Bremnes

Re: "Russa-Martå" - Bømlo.

Legg inn av gj25335 » 11. februar 2016 kl. 21.34

Det er publisert en artikkel på dansk om tsarens besøk i København, se
http://www.dnm.dk/filer/pdf%20dokumente ... rtikel.pdf

Forøvrig vil jeg gjøre utenforstående oppmerksom på at etterslekten selvsagt tar legenden om Russe-Marta med en klype sunn fornuft. Men det skader jo ikke å etterforske saken. Lese historie, ja det er en betingelse for å forstå tiden for 300 år siden.

Jo mer historie jeg leser om Peter den Store, jo nærmere kommer jeg det sanne bildet. Hvilket er meget sammensatt og interessant. Det er flere historikere enige om, det er usedvanlig mange biografier om denne tsaren.

F.eks. så besøkte han også England, et opphold som er godt dokumentert. Peter ble invitert på besøk til kong James, og han gjengeldte invitasjonen ved å arrangere middagsselskap for kongen. Selvsagt vil vi si, men de russiske skikkene var anderledes også dengang.

I alle fall under besøket i København, som heftet ovenfor forteller om, så kom spørsmålet opp om Peters innkvartering. Dette var de første dagene, da han bodde hos en russisk diplomat i byen. Vel, Carl av Danmark hadde et stort hus kalt Charlottenborg. Og der ville Peter bo, han ytret ønske om å bli innkvartert der sammen med Katharina når hun ankom noen dager senere. Ønsket ble ikke imøtekommet, men man skulle jo tro at Peter visste hvor han ville bo fordi han kjente stedet Charlottenborg fra et selskap. Og hvis han hadde vært i selskap hos Carl, så var det russisk skikk å gjengjelde innbydelsen. Så kanskje han inviterte Carl på middag, og på den festen har Carl kommet i forbindelse med tsarens kokk.

Våre slektsgranskere på saken om Russe-Marta har startet et DNA-prosjekt for om mulig å finne hennes forfedre, det er jo spennende. Og DNA lyger ikke.

Svar

Gå tilbake til «Bømlo»