Brithe Pedersdtr Lundalen

Moderator: MOD_Hordaland

Svar
dn32005
Innlegg: 5
Registrert: 23 aug 2014 00:50:31
Sted: Orre

Brithe Pedersdtr Lundalen

Legg inn av dn32005 » 21 sep 2014 20:10:29

Brithe Pedersdtr Lundalen vart døypt i Skånevik (Åkra?) hausten 1790 http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-41

Kven var ho? Og kven var faren Peder Lundal? Eg finn ingen av dei i Skåneviksoga.

mvh Geir Paulsen

23058
Innlegg: 2472
Registrert: 03 okt 2008 18:16:01
Sted: BREMNES

Re: Brithe Pedersdtr Lundalen

Legg inn av 23058 » 21 sep 2014 20:55:46

Skånevik høyre til Etne kommune idag, så eg lurer på om dette kan vera Brithe med familie i FT 1801. digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058368000996
Mvh
Anne Lisbeth

dn32005
Innlegg: 5
Registrert: 23 aug 2014 00:50:31
Sted: Orre

Re: Brithe Pedersdtr Lundalen

Legg inn av dn32005 » 23 sep 2014 20:36:56

Mange takk for svar!
Dersom det er Peder Gregorsen og Gunild Olsdtr som er foreldra til Britta, kva gjorde dei i Lundal? I Etnesoga står det at Peder og Gunild kom til Flåte i Etne midt på 1790-talet. «Etter overleveringa kom dei frå Telemark eller Numedal», står det. Angjerd og Ola i Lundal kom iflg Skåneviksoga til Lundal frå Uvdal midt på 1760-talet. Eg har funne paret Peder Gregarsen Teigen og Gunnild Olsdtr Bakke, gift i Uvdal 16.februar 1788. http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?s ... %2509%25C5
Det kan vera desse som reiste til Etne, og kanskje dei budde ei kort tid hjå sambygdingane sine i Lundal, før dei reiste vidare , og til slutt vart buande på Flåte?

Kor sterke "indisier" må ein i grunnen ha, før ein kan rekna med at ein slik teori er rett?

Geir

Svar

Gå tilbake til «Etne»