Inger Anne Margrethe Mortensdatter Rosendahl, f. oml. 1787

Moderator: MOD_Hordaland

Svar
gj19068
Innlegg: 13
Registrert: 17. mars 2013 kl. 16.30
Sted: Rollag

Inger Anne Margrethe Mortensdatter Rosendahl, f. oml. 1787

Legg inn av gj19068 » 16. mars 2014 kl. 20.08

Eg leitar etter opphavet til Inger Anne Margrethe Mortensdatter Rosendahl, f. oml. 1787, ei sagnomsust kvinne som hamna i Uvdal i Numedal kor ho gifta seg med Knud Olsen i 1826. Her gjekk ho under namnet "Normann Inga" (Vestlendingar kom frå "nord") og i følgje munnleg tradisjon hadde ho eit liv fylt av dramatikk og romantikk. Mellom anna seiest det i Gamalt frå Numedal at ho skulle ha høyrd til "baronætti i Rosendal", medan gardssoga for Uvdal viser til tradisjon om at ho skulle ha vore prestedotter. Båe tradisjonane er forteljingar om ei tragisk "klassereise" der ei frå storfolket vert husmannskone. (Om det ikkje er sant så er det godt ljugi) :)

Eg ottast at tradisjonane ikkje er historisk sanne. I folketeljinga for 1801 finn ein Morten Rosendal (f.oml. 1746) som "Husmand med jord og giæstgiver" under "Skonevigs Præstegaard". Han og kona Wilmek Birgitte Rosendal er registrert med 4 jenter under 15 år og 4 gutar mellom 18 og 26 år, men eg finn ingen med namnet Inger. Ho var truleg kring konfirmasjonsalderen i 1801 og hadde kanskje forlete heimen for t.d. å vera tenestejente? Farsnamnet og etternamnet høver godt til Inger Anne, og jamvel tradisjonen om at ho var prestedotter kan moglegvis ha sitt opphav i at ho var husmannsdotter under prestegarden? Dersom faren var gjestgjevar kan ho gjerne ha møtt ein uvdøling på gjennomreise.

Hovudspørsmålet mitt er altså om de synes at det er truleg at denne Morten i Skånevik er far til Inger Anne? Og dersom ikkje, har de andre føreslag?

gj11900
Innlegg: 80
Registrert: 19. desember 2010 kl. 18.43
Sted: Rubbestadneset

Re: Inger Anne Margrethe Mortensdatter Rosendahl, f. oml. 17

Legg inn av gj11900 » 17. mars 2014 kl. 18.36

Skåneviksoga nemner ikkje noka Inger som dotter av Morten Pettersson Rosendal (kom frå Førde i Sunnfjord).

gj11900
Innlegg: 80
Registrert: 19. desember 2010 kl. 18.43
Sted: Rubbestadneset

Re: Inger Anne Margrethe Mortensdatter Rosendahl, f. oml. 17

Legg inn av gj11900 » 17. mars 2014 kl. 19.20


gj19068
Innlegg: 13
Registrert: 17. mars 2013 kl. 16.30
Sted: Rollag

Re: Inger Anne Margrethe Mortensdatter Rosendahl, f. oml. 17

Legg inn av gj19068 » 18. mars 2014 kl. 17.48

Takk for responsen! Eg skal passe meg for å verta for glad i min eigen teori, men kan det ikkje vera at Inger var fråverande når huslyden vart innskrive? Kanskje ho var tenestejente på ein gard? Men dette vert jo berre spekulasjonar. Det som stend fast er at ho påstår å koma frå Skånevik prestegjeld, og at det så langt eg kan sjå ikkje er nokon andre der med fyrinamnet Morten i 1801 og heller ikkje med etternamnet Rosendal. Men det er sjølvsagt fullt mogleg at det kan vera nokon annan.

Svar

Gå tilbake til «Etne»