Søket gav 4901 treff

av Ivar Ståle Ertesvåg
21 okt 2008 15:43:08
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Kirkebok, Buksnes, Nordland, 1783
Svar: 5
Visninger: 964

Re: Kirkebok, Buksnes, Nordland, 1783

Eg les også "Cordsd. Lodvig" (evt. "Lødvig" - dersom strekane over o-en er utegløymde).

Kva er problemet med det?
av Ivar Ståle Ertesvåg
21 okt 2008 14:02:01
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Kirkebok, Borge, Nordland, 1776
Svar: 1
Visninger: 595

Re: Kirkebok, Borge, Nordland, 1776

det er nok eit dødsfall, ja

"kastet Jord paa Melcher Christensen Knustad og Ane Eliæd: deres P.b. Nom: Dorthea Susanna gl. 1 1/2 Aar."
av Ivar Ståle Ertesvåg
21 okt 2008 11:30:25
Forum: Generelt
Emne: hustru = gift
Svar: 1
Visninger: 885

Re: hustru = gift

ei "hustru" er gift, ja. Slik innførslene i kyrkjeboka er, må det også vere meint at no er gift med mannspersonen som er nemnd først. Om det faktisk er tilfelle for alle konfirmantane her, er ei sak du sikkert kan undersøkje.
av Ivar Ståle Ertesvåg
21 okt 2008 08:18:04
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Kirkebok, Høland, Akershus, 1730
Svar: 4
Visninger: 1058

Re: Høland, Ministerialbok Kronologisk liste 1730

Innførsla er litt rotete; det ser ut som om han har kome på at foreldra sine namn må vere med, og føya desse til øvst. Peder Nielsøn og Anne Nielsd: er forældrenes navn. d.25 Feb .?. gerworben dragon av Hr. General Major Øxers(?) ...?..., av de Selves Compagnie, hans barn, Anne. T: Rasmus Vertrugs(?...
av Ivar Ståle Ertesvåg
21 okt 2008 07:52:15
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Kirkebok, Vinger, Hedmark, 1829
Svar: 2
Visninger: 826

Re: Kirkebok Vinger ekteviede 1829

ditto [dvs. oktober, som innførsla over] 17 Ungkarl Ole Lars: Bjernnæs af Ourskoug 24 A:[-ar] og P:[-ige] Marte Tostensdr. Havsjømoen 19 A: [-ar], Begge havt naturlige Kopper. Kaut. [-ionister] Berger Nielsen Fjeldskoven og Hans Ols: ibid.
av Ivar Ståle Ertesvåg
20 okt 2008 10:59:32
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Kirkebok, Lyngen, Troms, 1763
Svar: 4
Visninger: 923

Re: Kirkebok Lyngen, Troms - 1763

"Døbt 15 et P.B. ne" 15 er nummer i rekkja; det ser ut til at han byrjar etter jonsok ("Festo Joh. Bapt."), og at han gløymer å setje nummer på nokre av dåpane. Han har tilsvarande nummerering på dei andre handlingane. "P.B." er "Pige Barn" og "ne" forkorting for "nomine", "navnet" eller noko slikt.
av Ivar Ståle Ertesvåg
17 okt 2008 18:06:16
Forum: Volda
Emne: Oline Severine Nilsdatter. f. 1863 på Rødset i Volda
Svar: 3
Visninger: 1751

Re: Oline Severine Nilsdatter. f. 1863 på Rødset i Volda

Dåpsinnførslene for systrene er tolka her:
https://slektsforum.slektogdata.no/view ... hp?t=74263
av Ivar Ståle Ertesvåg
16 okt 2008 22:44:53
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Kirkebok, Ringsaker, Hedmark, 1818
Svar: 4
Visninger: 851

Re: Kirkebok, Ringsaker i Hedmark, 1818

Hængt sig selv i Afsindighed
av Ivar Ståle Ertesvåg
14 okt 2008 23:34:02
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Kirkebok, Elverum, Hedmark, 1903
Svar: 2
Visninger: 811

Re: Tyding av kirkebok fra Elverum - 1903

"Anmeldt [dvs farskapen] af barnemoderen som
hans 3die (1ste for c. 6, 2det for c. 2 år siden med 2 forskj.) og hendes 1ste leiermål.
av Ivar Ståle Ertesvåg
12 okt 2008 22:50:35
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Kirkebok, Dovre, Oppland, 1858
Svar: 3
Visninger: 990

Re: Kirkebok, Dovre, Oppland, 1858

Det er sannsynlegvis han som er døypt her, nr. 100:
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-185

Ifl matrikkelutkastet 1950 er Moldal eit bruk under gnr 52 Angård i Dovre. I dåpsinnførsla er faddrane frå grannegardane.
av Ivar Ståle Ertesvåg
12 okt 2008 22:29:31
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Kirkebok, Dovre, Oppland, 1858
Svar: 3
Visninger: 990

Re: Kirkebok, Dovre, Oppland, 1858

kan det vere Moldalen?
av Ivar Ståle Ertesvåg
10 okt 2008 17:35:35
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Kirkebok, Modum, Buskerud, 1798 og 1804.
Svar: 5
Visninger: 1106

Re: Kirkebok, Modum, Buskerud,1798 og 1804.

Eg les det som "Gunhuus".
av Ivar Ståle Ertesvåg
10 okt 2008 01:54:01
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Kirkebok, Modum, Buskerud, 1798 og 1804.
Svar: 5
Visninger: 1106

Re: Kirkebok, Modum, Buskerud,1798

"skal have" og "Eric" ; elles er det vel "Troelovet Ungkarl" (dvs med -e- og -l) og "Knudsdr".
av Ivar Ståle Ertesvåg
02 okt 2008 22:01:12
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Kirkebok, Hof, Hedmark, 1793
Svar: 1
Visninger: 578

Re: Kirkebok, Hof, Hedmark, 1793

Det er uklart kva innførsle du tenkjer på. Dåpane er ikkje nummererte. Det er døypt 7-8(!) gutar kalla Ole på denne sida; men eg ser ingen som har far Tosten Pedersen. Den 10. dåpen er i Vaaler 10. mars ("Do" viser til same dag som Hof 10.mars), første barnet heiter Ole. Foreldra tolkar eg til Torki...
av Ivar Ståle Ertesvåg
30 sep 2008 00:34:33
Forum: Kilder og metode
Emne: Hvad og hvor gør jeg
Svar: 2
Visninger: 1677

Re: Hvad og hvor gør jeg

Trondheim kan vere Domkyrkja, Vår Frue eller Bakke (Bakklandet); Bakke høyrde til byen i sivile saker, men til Strinda i kyrkjelege saker. Det er berre Domkyrkja som har kyrkjebøker som er så gamle som 1720. Vår Frue har bøker frå 1732 og Strinda (m. Bakke) frå 1727.
av Ivar Ståle Ertesvåg
22 sep 2008 22:40:27
Forum: Generelt
Emne: Hva vil skje med slektforskermaterialet vårt?
Svar: 2
Visninger: 1351

Re: Hva vil skje med slektforskermaterialet vårt?

Dette trur eg du må ta opp med arvingane dine.... - og dei kjenner du vel best sjølv. Men eg trur vi må innsjå at dei lause trådane vi har liggande og (kanskje) skal ta fatt på ein gong - dei kan der vere vanskeleg for andre å ha nytte av. Dersom nokon i det heile skal ha nytte av eit granskings- el...
av Ivar Ståle Ertesvåg
19 sep 2008 22:56:51
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Kirkebok, Ullensaker, Akerhus, 1765
Svar: 6
Visninger: 1310

Re: Kirkebok, Ullensaker, Akerhus, 1765

Både ved vigsla og konfirmasjonen er ho kalla Mari Bottol(f)sd. Nordby; så det er rimelegvis den same. Ved konfirmasjonen (22. april 1781) er alderen oppgjeven til 15 1/2 (år). Dersom dette er nøyaktig (det treng det ikkje om å vere), er hø fødd før 22. oktober 1765. Dåpen du har funne er 1. des., o...
av Ivar Ståle Ertesvåg
17 sep 2008 21:20:35
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Kirkebok, Ullensaker, Akerhus, 1765
Svar: 6
Visninger: 1310

Re: Kirkebok, Ullensaker, Akerhus, 1765

Bottolf og Baatol må vere det same namnet; og ved vigsla er namnet skrive Mari Bottolsd. (utan f). Gardsnamna tolkar eg til Norby ved vigsla og Randby ved dåpen - så om det er den same Mari, må ho ha flytta på seg i mellomtida.
av Ivar Ståle Ertesvåg
13 sep 2008 22:36:35
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Forkortelser i bygdebøker
Svar: 5
Visninger: 2215

Re: Forkortelser i bygdebøker

Dersom det er fornuftig frå samanhengen, må vel "S." vere son av førre brukar. Hugsar eg ikkje gale, så er ikkje barneflokkane lista opp i denne boka(?). Vidare "Ola, brukte (eller vart brukar) 1636 av 1 pund 21 mark odelsgods. Kona Gyda er (første gong) nemnd i 1646 (i ei eller anna kjelde - kan t....
av Ivar Ståle Ertesvåg
13 sep 2008 07:58:39
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Kirkebok, Beiarn, Nordland, 1845
Svar: 4
Visninger: 1074

Re: Kirkebok, Beiarn, Nordland, 1845

I kyrkjeboka står det "Født i hoer".
Foreldre: "Gift mand Mikkel Jahnsen Reen- / gaard og Enke Beret Larsdatter ibid"

Det vart kalla "Hor" når ein av eller begge foreldra var gifte (med nokon annan).
av Ivar Ståle Ertesvåg
11 sep 2008 23:35:12
Forum: Generelt
Emne: Hva skal jeg tro på?
Svar: 15
Visninger: 3523

Re: Hva skal jeg tro på?

Ein ting du kan gjere, er å finne dåpen til Johan; - og sjå om han kanskje heiter Karl Johan.
av Ivar Ståle Ertesvåg
07 sep 2008 22:49:02
Forum: Kilder og metode
Emne: Metoder - Bruk av sannsynlighet og logikk
Svar: 31
Visninger: 7838

Re: Metoder - Bruk av sannsynlighet og logikk

Ein ting (som ikkje gjer det enklare): Fast stavemåte for eit namn var ikkje heilt gjennomført midt på 1800-talet. Olaus var sannsynlegvis bokstavert akkurat slik; men det kan også tenkjast han er kalla t.d. Olavius, Olavus, Olaves m.fl.
av Ivar Ståle Ertesvåg
07 sep 2008 01:22:34
Forum: Hvor i Norge ligger stedet?
Emne: Meldals Prestegjeld - Hvor er det ?
Svar: 5
Visninger: 2251

Re: Meldals Prestegjeld - Hvor er det ?

Kari-Elin har rett i at nokon veit, m.a. arkivverket: http://www.arkivverket.no/arkivverket/k ... tml#meldal
av Ivar Ståle Ertesvåg
02 sep 2008 18:26:37
Forum: Kilder og metode
Emne: Pløsse drev?
Svar: 4
Visninger: 2263

Re: Pløsse drev?

Dette kan vere eit bomskot, men det er iallfall eit framlegg: "drev" er det ein driv inn mellom hudplankane på eit skip (eller stokkane i eit tømmerhus) for å tette. Det kan vere stry, som (vanlegvis) er hampefiber som i hampetau. På dansk er "pløs(s)e" ei form av "plysse" m Det kan tyde å plukke op...
av Ivar Ståle Ertesvåg
02 sep 2008 14:45:54
Forum: Kilder og metode
Emne: nålevende personer
Svar: 6
Visninger: 2571

Re: nålevende personer

Hehe - det kan hende det offentlege synest folk skal skjermast mot innpåslitne ættegranskarar... Men skiftemeldinga, med arvingar, skal vere offentleg. Du kan kontakte tingretten for området dei var busette i då dei døde. Det er sikkert lurt å ha nøyaktig dødsdato. Du må rekne med at dei som jobbar ...
av Ivar Ståle Ertesvåg
31 aug 2008 23:49:31
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Kirkelige handlinger
Svar: 7
Visninger: 1851

Re: Kirkelige handlinger

Alle handlingane har namn både på dansk og latin, gjerne fleire ulike namn - og somme prestar greip til tysk eller gresk i tillegg. Dei latinske orda (og tyske og greske) møter vi i ymse grammatikalske former (eintal når det gjeld eitt tilfelle, ofte fleirtal når det er overskrift på ei side/kolonne...
av Ivar Ståle Ertesvåg
31 aug 2008 23:12:34
Forum: Hareid
Emne: Giertrud Erløvsdtr eller Olsdtr? (Sundgot FT 1801)
Svar: 6
Visninger: 3890

Re: Giertrud Erløvsdtr eller Olsdtr? (Sundgot FT 1801)

Bygdeboka seier at Gjertrud var dotter til Erlaug (Erløv) Olsson og Synneve Larsd. Røyra. Vidare at det var skifte etter Synneve 1786 og at Erlaug d. i Torvik (Herøy) 1791. Dersom skiftet etter Synneve følgjer vanleg praksis, er det sagt at dotter Gjertrud var gift med Johannes Villikson, busett Sun...
av Ivar Ståle Ertesvåg
30 aug 2008 00:02:51
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Kirkebok, Herøy, Møre og Romsdal, 1768
Svar: 3
Visninger: 1112

Re: Hjelp til å tyde kirkebok

Dersom det eigentleg er Eivind , son til Eivind Larsson og Dorte Pedersd. (Indre-) Bø, du leitar etter, så er han døypt 15. okt 1768, litt nedom midten her: m Kronologien i spaltene er "håplaus": På denne sida har gudstenestelista (namn på kyrkje og feiring) til venstre kome til 1771, likeins jordfe...
av Ivar Ståle Ertesvåg
29 aug 2008 16:54:14
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Kirkebok, Norderhov, Buskerud, 1847
Svar: 7
Visninger: 1557

Re: Norderhov. Ministerialbok 1837 - 1847

merknaden seier noko slikt: Opgaven ved Moderen -- / Moderens 6te Leiermaal, / Faderens 3die med samme Pige / 1 før med et andet Fruentimmer / Begge ere straffede for Con/ cubinat og ..... for falsk An(?)/givelse af .....fader -- De(?) /have indgivet Ansøgning om / Giftermaalstilladelse, der er / an...
av Ivar Ståle Ertesvåg
29 aug 2008 11:02:18
Forum: Generelt
Emne: slekt
Svar: 12
Visninger: 3148

Re: slekt

.. ja så fekk vi oppklaringa - ved at innlegget vart endra (men samstundes forsvann originalen). Olaf er syskenbarns barn til Oskar. I visse sosiolektar er Oskar filleonkel til Olaf, og til denne tydinga av ordet filleonkel (det finst andre og truleg meir vanlege tydingar) kan ein lage ordet fillene...
av Ivar Ståle Ertesvåg
29 aug 2008 08:22:28
Forum: Generelt
Emne: slekt
Svar: 12
Visninger: 3148

Re: slekt

Den likeframme varianten (med skrivefeil) har Tore alt svara på. Men eg trur faktisk at alle dei som kan skrive norsk (med eller utan ortografiske feil) veit at ein son til far sin er bror sin. Alternativt at det er seg sjølv som brukar to namn; eller ei syster med gutenamn. Å gjette gåter var ein d...
av Ivar Ståle Ertesvåg
28 aug 2008 22:10:26
Forum: Generelt
Emne: slekt
Svar: 12
Visninger: 3148

Re: slekt

Dette er vel anten tull eller ei utkrøpen gåte... Det første føreset nokre skrivefeil (også om det skal reknast som dialekt, t.d. må vi rekne to former av 3.pers hankjønn eintal av verbet heite). Det andre føreset at han skriv korrekt dialekt, men utan å praktisere vanlege reglar for punktum, komma ...
av Ivar Ståle Ertesvåg
21 aug 2008 22:35:52
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Kirkebok Meløy, Nordland 1880. Kirkebok, Værøy Røst.
Svar: 4
Visninger: 1242

Re: Døde Meløy 1880

Omkom ved Ud- / seilingen fra Røst / idet de Kom for / nær et Fald, hvor / Baaden blev bruk- / ket af og fire af / Mandskabet kom / bort. (understreka:) Førstnævntes / Lig blir fundet og / begravet.
av Ivar Ståle Ertesvåg
08 aug 2008 01:00:14
Forum: Generelt
Emne: Praksis ved føring av kirkebøker
Svar: 21
Visninger: 4663

Re: Praksis ved føring av kirkebøker

Om barnet var ekte eller uekte, dvs. legitimt eller ikkje legitimt, hadde mest med arverett å gjere (og difor kan vi t.d. finne definisjonen av "ekte" i arvebolken av Kristian Vs Norske Lov, ikkje i kyrkjebolken). Det var nok viktigare enn om foreldra var konfirmerte. Vi ser at det var ei eiga kolon...
av Ivar Ståle Ertesvåg
07 aug 2008 21:51:51
Forum: Generelt
Emne: Praksis ved føring av kirkebøker
Svar: 21
Visninger: 4663

Re: Praksis ved føring av kirkebøker

Berre eit spørsmål til avklaring: Dette med "confirmered pige/dreng", er det noko du har funne mange stadar (dvs. brukt av mange prestar) - eller er det noko ein einskild prest har brukt? Er det andre som har sett "confirmered pige/dreng"? (og kan det då vere i den same boka som Paul har sett i?) Fo...
av Ivar Ståle Ertesvåg
07 aug 2008 21:50:46
Forum: Generelt
Emne: Praksis ved føring av kirkebøker
Svar: 21
Visninger: 4663

Re: Praksis ved føring av kirkebøker

Berre eit spørsmål til avklaring: Dette med "confirmered pige/dreng", er det noko du har funne mange stadar (dvs. brukt av mange prestar) - eller er det noko ein einskild prest har brukt? Er det andre som har sett "confirmered pige/dreng"? (og kan det då vere i den same boka som Paul har sett i?) Fo...
av Ivar Ståle Ertesvåg
03 aug 2008 21:27:56
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Kirkebok, Skoger, Buskerud, 1768
Svar: 2
Visninger: 732

Re: Noen som kan ta dette ekteskapet for meg også?

d. 18 Feb. Copuleret Dend(?) Unge Karl Arne Tronsön Løse med Pigen Oline Jonsd. Houen.
av Ivar Ståle Ertesvåg
03 aug 2008 13:24:21
Forum: Generelt
Emne: Forlis langs norskekysten
Svar: 14
Visninger: 6862

Re: Forlis langs norskekysten

Det finst massevis av (original-)dokument og historikk om dette. Kvart forlis har si soge, og det har vore tusenvis av forlis. I somme sokn har forlis vore den vanlegaste dødsårsaka for menn mellom 15 og 60 år. Einskildforlis og andre ulukker (folk som fell overbord, frys i hel, slit seg ut osv. på ...
av Ivar Ståle Ertesvåg
02 aug 2008 23:12:52
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Tyding av kilde på engelsk fra 1700-tallet (dansk kilde)
Svar: 3
Visninger: 1116

Re: Tyding av kilde på engelsk fra 1700-tallet (dansk kilde)

Om du kan lese tysk, er det litt om Johan Moller her http://de.wikipedia.org/wiki/Johann_Moller

Sitatet frå fila inneheld bibliografisk informasjon om bokverket
av Ivar Ståle Ertesvåg
27 jul 2008 20:42:07
Forum: Ørskog
Emne: Gregorius Hallkjellsen Abelseth
Svar: 22
Visninger: 7142

Re: Gregorius Hallkjellsen Abelseth

Eg kom tilfeldigvis over ein "Halkield Gregorsen" Nedre-Lid i kjelda eg nemnde ovanfor (18. juli). m (legd nr. 66) Nedrelid er i Hareid sokn, Ulstein prestegjeld. Han fekk ein son Rasmus dp.18. aug 1782. Namnet er vel så sjeldan at det godt kan vere "din" Halkjell Gregoriusson, og det er vel ei opni...
av Ivar Ståle Ertesvåg
27 jul 2008 19:41:35
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Kirkebok, Vefsn, Nordland, 1759
Svar: 8
Visninger: 1767

Re: Datohjelp i Vefsn 1759

13. januar er nok rett; det var fast gudstenestedag i Noreg nokre tiår på 1700-talet. I kyrkjebøkene har dagen ymse nemningar, men han var til minne og takkseiing for at svenskane trekte seg ut i krigen som slutta i 1718. Feringa vart avslutta på 1760-talet, då ein svensk prins gifte seg med ei dans...
av Ivar Ståle Ertesvåg
22 jul 2008 08:27:41
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Kirkebok, Eiker, Buskerud, 1800
Svar: 4
Visninger: 1176

Re: Trenger litt mer hjelp...

nr. 4) (2. på sida) heiter Anne Kistine f. 4. feb. "Faderen Jørgen Knudsen Hoff..?? ++ U.K. [ungkarl] Moderen Olenne Nielsd. ?? ". Det var kanskje ikkje det du hadde vona på (ingen Ole).
av Ivar Ståle Ertesvåg
21 jul 2008 21:38:29
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Hjelp til tyding av foreldre hvis KB er scannet i FS
Svar: 2
Visninger: 961

Re: Hjelp til tyding av foreldre hvis KB er scannet i FS

her har vi dei, trulova 25.jan 1812, vigde 23. mars
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-195
(nr.2 til høgre). Skrifta her vil eg tolke som "Olea".

Her er ho i 1801, 12 år, http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcen ... rk=84#ovre

Neste par i kb. er Marte Nielsd. Biørnerød - venteleg søstra, 9 år i 1801.
av Ivar Ståle Ertesvåg
21 jul 2008 20:50:16
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Hjelp til tyding av foreldre hvis KB er scannet i FS
Svar: 2
Visninger: 961

Re: Hjelp til tyding av foreldre hvis KB er scannet i FS

Anders Jacobsen ... og Olev Niels datter er vel greit nok (ikkje Olea). Gardsnamnet kan vere Skielbred, med litt velvilje for r-en (den første staven går ikkje heilt ned). Går vi attende til 1801, m finn vi Anders Jakobsen Skieldbred, 49 år g.1.g., med kone Katrine Svendsdtr., 54, g.2.g. Dersom dett...
av Ivar Ståle Ertesvåg
18 jul 2008 10:08:47
Forum: Ørskog
Emne: Gregorius Hallkjellsen Abelseth
Svar: 22
Visninger: 7142

Re: Gregorius Hallkjellsen Abelseth

I Vanylven er det ein gard Morset (gnr. 36). I Ætteboka (R.E. Sæter, 1981) er det eitt bruk og ein husmannsplass på 1700-talet. På bruket har same slekta site frå 1600-talet til vår tid. På plassen sat far Rasmus og deretter son Jakob iallfall frå 1770 til etter 1800. Ingen Hallkjell er nemnd. Det k...
av Ivar Ståle Ertesvåg
18 jul 2008 08:56:48
Forum: Ørskog
Emne: Gregorius Hallkjellsen Abelseth
Svar: 22
Visninger: 7142

Re: Gregorius Hallkjellsen Abelseth

Kyrkjeboka for Vanylven er her m (døypte 1783) - men eg ser ikkje nokon Gregorius for åra 1783-87. Det er vel han her som er "din" Gregorius i 1865-teljinga Ørskog m ("Abelart" kan godt vere ei feillesing av "Abelset" - men det kunne ein finne ut av ved å sjå i originalen). Her er Ulstein prestegjel...
av Ivar Ståle Ertesvåg
17 jul 2008 22:52:31
Forum: Fredrikstad
Emne: Hjelp at finne födested.
Svar: 9
Visninger: 2563

Re: Hjelp at finne födested.

Den katalogen du finn er mikrofilmkatalogen - dvs dei kyrkjebøkene som er mikrofilma. Dei skanna kyrkjebøkene på Digitalarkivet er (med få unnatak) skanna frå mikrofilm; dvs at mikrofilmkatalogen inneheld om lag det same som Digitalarkivet. Statsarkivet har vanlegvis fleire (nyare) enn dei som er i ...
av Ivar Ståle Ertesvåg
17 jul 2008 10:07:49
Forum: Fredrikstad
Emne: Hjelp at finne födested.
Svar: 9
Visninger: 2563

Re: Hjelp at finne födested.

Nei... det har du sikkert rett i. Då er vel ikkje klokkarbøkene filma. Då må du anten ein tur på Statsarkivet (Oslo?), eller få nokon annan til å underslke for deg. I verste fall er protokollen sperra for innsyn pga at dei siste innførslene er for nye. Den Johan Hermansen du finn i FT1900 Nannestad ...
av Ivar Ståle Ertesvåg
16 jul 2008 08:03:06
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Hans Pedersen drukna i elva
Svar: 1
Visninger: 723

Re: Hans Pedersen drukna i elva

noko slikt: "Har formeentlig i Vildelse druknet sig selv / i Elven, da han i lengere tid havde gaaet / i barndommen." (den neste setninga høyrer til den neste personen.)
av Ivar Ståle Ertesvåg
15 jul 2008 02:25:31
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Tydehjelp dåp i Hamre/Hordaland
Svar: 2
Visninger: 907

Re: Tydehjelp dåp i Hamre/Hordaland

d: 27de ejusd. [ejusdem = same, dvs. same månad, altså mai] døbt Rasmus / Madtzsen Fladøens Datter / Ædel Dorthea Laurentia; / Fadd: Karen Kirstina / Bergendal, Anna Maria / Fladøen, Gertrud Udjorden(?), / Knud Udjorden(?) og Kield / Fladøen. Hammer [kyrkje?].
av Ivar Ståle Ertesvåg
14 jul 2008 19:42:34
Forum: Fredrikstad
Emne: Hjelp at finne födested.
Svar: 9
Visninger: 2563

Re: Hjelp at finne födested.

Då fann du kanskje denne karen då m , i Nannestad. Det er iallfall den einaste i FT1900 med fødselsår og namn som stemmer. Han er fødd i Nannestad (T=teljingsstaden). Då finn du han sikkert i kyrkjeboka som døypt og kanskje konfirmert (alder ca. 14-19 år). Men du veit ikkje om det faktisk er "din" J...
av Ivar Ståle Ertesvåg
14 jul 2008 11:24:36
Forum: Fredrikstad
Emne: Hjelp at finne födested.
Svar: 9
Visninger: 2563

Re: Hjelp at finne födested.

Dersom du finn han i 1900-folketeljinga, vil det stå fødestad der. (hugs at namn kan vere skrivne på ulike måtar: Johan, Johann; Hermansen, Hermandsen, Hermanssen, ....)
av Ivar Ståle Ertesvåg
13 jul 2008 12:56:45
Forum: Generelt
Emne: slektsposisjoner?
Svar: 17
Visninger: 23561

Re: slektsposisjoner?

Kva er det som er vanskeleg å forstå? Oppstillinga kan ein vel enkelt teikne sjølv. Personar som er i tredje ledd etter ein person (dvs barnebarns barn) - eller "tredje mann" som det heitte i gammalnorsk - er "tremenningar". Fjerde ledd (dvs barnebarns barn) - "fjerde mann" - er firmenningar osv. An...
av Ivar Ståle Ertesvåg
12 jul 2008 22:46:38
Forum: Diskuter slektsprogrammer
Emne: Baptism vs. Christening
Svar: 16
Visninger: 6732

Re: Baptism vs. Christening

Liv Sølvi: Kva "dei fleste av oss" oppfattar med "baptism" er nokså uinteressant. Dette er eit språkspørsmål og ifylgje Oxford English Dictionary er "baptism" eit ord som dekkjer og vert brukt om dåp som i Den Norske Kyrkja (og andre kyrkjesamfunn) - både barnedåp og voksendåp (som det er ein del av...
av Ivar Ståle Ertesvåg
12 jul 2008 12:08:39
Forum: Diskuter slektsprogrammer
Emne: Baptism vs. Christening
Svar: 16
Visninger: 6732

Re: Baptism vs. Christening

Spørsmålet (Stig Ove) gjeld vel eigentleg registreringspraksis, medan Liv Sølvi og Bjarte svarar som om det er eit språkspørsmål. Til det siste seier Oxford English Dictionary (den store) at "christening" og "baptism" er det same - altså dåp. Begge orda vert brukte uavhengig av alder på kandidaten. ...
av Ivar Ståle Ertesvåg
11 jul 2008 22:41:08
Forum: Herøy i Møre og Romsdal
Emne: Pernille Kristine Jakobsdatter født 1809.
Svar: 1
Visninger: 1414

Re: Pernille Kristine Jakobsdatter født 1809.

Ved hjelp av kyrkjeboka m finn vi at Pernille Kirstine (som namnet er skrive der) var frå Goksøyra, som ligg på nordsia av øya Runde. I Herøyboka, Gardar og Folk (Rabben, 2.utg. 1979) b.1 s.286 (Goksøyr, bnr.5) finn vi att Jakob, Marte og Pernille Kristine. Jakob (f. 1780 - d. 1843) tok over garden ...
av Ivar Ståle Ertesvåg
11 jul 2008 11:56:08
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Kirkebok, st Petri, Stavanger, Rogaland, 1905
Svar: 5
Visninger: 1352

Re: Trenger hjelp til tyding av min farfars kirkebøker

Morten: Dersom Toralf var konfirmert utanfor Stavanger, skulle det ha vore notert ved vigsla. Har du leita i st.Petri og Domkyrkja ca. 1926-29 (14-17 år gl.)? Det er oppgjeve gateadresser ved dåp og vigsel. Har du funne ut kva for sokn desse høyrde til? Det finst sannsynlegvis adressebøker for Stava...
av Ivar Ståle Ertesvåg
10 jul 2008 18:32:06
Forum: Vanylven
Emne: Anne Andersdotter Myklebust (1811-1902)
Svar: 14
Visninger: 4699

Re: Anne Andersdotter Myklebust (1811-1902)

Siri: Teoriar er fine... når dei kan undersøkjast og stadfestast (eller avkreftast). I FT1801 er det 771 av kvinnekjønn i Vanylven prestegjeld. Av desse er det 97 som heiter Ane (skrive slik i teljinga); det vert 12,6 % eller litt meir enn 1/8. Av mannkjønn er det vel 7 %, eller knapt 1/14 som heite...
av Ivar Ståle Ertesvåg
26 jun 2008 23:32:40
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Hjelp til tyding av dåp
Svar: 3
Visninger: 1006

Re: Hjelp til tyding av dåp

"innsidder" er vel det same som innerst; ein som bur hjå nokon, men har eige hushald.
av Ivar Ståle Ertesvåg
26 jun 2008 18:02:00
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Hjelp til tyding av dåp
Svar: 3
Visninger: 1006

Re: Hjelp til tyding av dåp

Attgjevinga er litt uklar.... Eg tolkar namnet til "Ingeborg Marja", f.datoen er 18.sept, dp.dato 19.s. e. trieining, 8. oktober. Kyrkjenamnet er vel Heggen. Foreldre: Hans Jørgen Andersen Steenbro og ?? Karen(?) Dorthea Jansd. Inddidderfolk i Løbet under Malum Fadd.: T(?)oll(?)find Andersd. Tingels...
av Ivar Ståle Ertesvåg
18 jun 2008 17:21:03
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Dødsårsak
Svar: 2
Visninger: 802

Re: Dødsårsak

"druknede i Nykevandet ved / at gaa sig ned i isen"
av Ivar Ståle Ertesvåg
03 jun 2008 00:59:58
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Niels Isaachsen, døpt 1723.
Svar: 3
Visninger: 1713

Re: Niels Isaachsen, døpt 1723.

Festo Viridium, "høgtidstorsdagen", her kan ikkje vere noko anna enn skirtorsdag; sidan han kjem mellom Dom:(-inica) Palmarum, Palmesundag, og Festo Pascatos, Påskedag. Latinske ord og bokstavar (i motsetning til danske (/norske/tyske) ord som vart skrivne med gotisk skrift) er ikkje så uvanlege i k...
av Ivar Ståle Ertesvåg
31 mai 2008 18:51:21
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Hitra - Dolm Vielse 1822/1823
Svar: 6
Visninger: 1640

Re: Hitra - Dolm Vielse 1822/1823

Else: Det med kyrkjeåret er naturlegvis rett, i dag, - og eg tenkte å ta det med. Men så la eg merke til sida før, der to vigslar 3. s. i advent (nr. 19 og 20) er førte i 1822. I så fall skulle desse også vere kyrkjeåret 1823. Går vi til årsskiftet 1819/20 (s. 186 høgre side), finn vi at den siste v...
av Ivar Ståle Ertesvåg
31 mai 2008 00:15:00
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Ole kristians far
Svar: 2
Visninger: 918

Re: Ole kristians far

"Moderens 2det Leiermaal, Førstegang med Ludvig Andreassen Søgaardsmoen(?)".
av Ivar Ståle Ertesvåg
31 mai 2008 00:07:24
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Hitra - Dolm Vielse 1822/1823
Svar: 6
Visninger: 1640

Re: Hitra - Dolm Vielse 1822/1823

eg er temmeleg sikker på at Kjetil har rett: 2 Juled.
av Ivar Ståle Ertesvåg
29 mai 2008 09:15:07
Forum: Vanylven
Emne: Anne Andersdotter Myklebust (1811-1902)
Svar: 14
Visninger: 4699

Re: Anne Andersdotter Myklebust (1811-1902)

Eg trur nok Vibeke har funne den same Anne Andersdotter både døypt og konfirmert. Foreldra sine namn er dei same ved dåp og konfirmasjon. I dette tilfellet har begge dobbelt førenamn (Anders Martinus og Marta Marie), og det var ikkje så vanleg på den tida. Den Anne som vart g. i 1848 må vere den sam...
av Ivar Ståle Ertesvåg
25 mai 2008 20:00:12
Forum: Vanylven
Emne: Anne Andersdotter Myklebust (1811-1902)
Svar: 14
Visninger: 4699

Re: Anne Andersdotter Myklebust (1811-1902)

Siri: lenkjene dine verkar berre i 30 minutt, du må lage permanente lenkjer, forklaring her: https://slektsforum.slektogdata.no/view ... hp?t=32791
av Ivar Ståle Ertesvåg
25 mai 2008 17:14:32
Forum: Vanylven
Emne: Anne Andersdotter Myklebust (1811-1902)
Svar: 14
Visninger: 4699

Re: Anne Andersdotter Myklebust (1811-1902)

Det kan vere enklare å finne spor om du seier meir om kvar du har opplysningane frå. Er t.d. fødselsåret henta frå dåpsinnførsla eller frå vigsel eller gravferd? I det siste tilfellet kan det vere fleire år feil. Kor sikkert er faren sitt farsnamn, Jetmund? Det finst ein Anders Andersson Myklebust s...
av Ivar Ståle Ertesvåg
24 mai 2008 09:50:54
Forum: Volda
Emne: Pernille Torgeirsdatter sin dåp
Svar: 5
Visninger: 2357

Re: Pernille Torgeirsdatter sin dåp

Marit Nyhus skrev:Hennes konfirmasjon, nr 8 høyre side
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-181


Ja, og med dåpsdatoen, 5.juli 1812, oppgjeven er det berre å slå opp (6.s.e. tr., 5.juli, nr. 5; litt nedom midten):
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-156
av Ivar Ståle Ertesvåg
19 mai 2008 16:36:00
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Hjørundfjord 1737
Svar: 3
Visninger: 1248

Re: Hjørundfjord 1737

to sider fram, høgre spalte på høgre oppslag, 10.linja:
"d. 7. febr blef Malj døbt/ hvis(?) fader er Thore Mo.../ .... och Moderen Marthe / Olsdatter M.... (kan vere Morchene?) meed / faderer ...

sjå også tråden under Ørsta, https://slektsforum.slektogdata.no/view ... 399#292399
av Ivar Ståle Ertesvåg
19 mai 2008 12:45:26
Forum: Ørsta
Emne: Søker Martha Olddatter fra Morken
Svar: 3
Visninger: 2064

Re: Søker Martha Olddatter fra Morken

...med litt ettertanke: Ørsta er meir enn berre Ørsta, m.a. Hjørundfjord der det også er ei Mork. Og Mali vart døypt her, m (nokre linjer ned i høgre spaltepå høgre sida). Då må du kanskje leite etter giftarmål mellom Tor og Marta. Men først ville eg sett etter i bygdebøkene for Hjørundfjord (som eg...
av Ivar Ståle Ertesvåg
19 mai 2008 08:19:37
Forum: Ørsta
Emne: Søker Martha Olddatter fra Morken
Svar: 3
Visninger: 2064

Re: Søker Martha Olddatter fra Morken

Dei er ikkje nemnde under Mork i "Ørstingar 1" (Dale, 1995), men det finst ein Ole Kristenson som har høveleg alder for å vere far til Marta. Veit du noko meir om dei?
av Ivar Ståle Ertesvåg
13 mai 2008 18:59:48
Forum: Ørskog
Emne: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730
Svar: 78
Visninger: 34385

Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730

Som sagt.... mangel på (kjende) alternativ gjer ikkje ei slutning meir solid. Ein kan bruke slike opplysningar som spor til vidare leiting. Men å gjere slutningar på slikt grunnlag er ei trygg oppskrift på å finne blindvegar. Det var vanleg (iallfall litt lenger sør på Sunnmøre) at grannar var faddr...
av Ivar Ståle Ertesvåg
12 mai 2008 10:01:25
Forum: Volda
Emne: Dåpen til Christi/Kristi/Kirsti Arnesdotter(f. ca. 1808)
Svar: 4
Visninger: 1977

Re: Dåpen til Christi/Kristi/Kirsti Arnesdotter(f. ca. 1808)

ja... vigsla er vel her http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcen ... k=336#ovre og då er det nok rett Kristi
av Ivar Ståle Ertesvåg
12 mai 2008 09:12:53
Forum: Volda
Emne: Dåpen til Christi/Kristi/Kirsti Arnesdotter(f. ca. 1808)
Svar: 4
Visninger: 1977

Re: Dåpen til Christi/Kristi/Kirsti Arnesdotter(f. ca. 1808)

Her er ei Kirsti Arnesdotter, nr. 2 på 3.s. e. påske, 8. mai 1808
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-145
"Arnes Christianss. og Jacobea Jacobsd. Folkestads datter nom:[nomine] Kirsti.
.... "

Når var vigsla?
av Ivar Ståle Ertesvåg
11 mai 2008 17:50:57
Forum: Ørskog
Emne: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730
Svar: 78
Visninger: 34385

Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730

"efterladte" er greit nok - samanlikn m. "efter" lenger oppe. Ordet etter "3 Børn" ser ut til å byrje på ein L, men det høver dårleg med ein "lang" bokstav etterpå. Det siste på 8.linja tilkar eg til ein "N" (for "nevnte" e.likn), men det er ikkje nokon annan N å samanlikne med. Du veit så mykje at ...
av Ivar Ståle Ertesvåg
11 mai 2008 15:23:55
Forum: Ørskog
Emne: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730
Svar: 78
Visninger: 34385

Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730

Eg har framleis problem med å tolke dei siste teikna på 8. og 9. linja (jf innlegg 1.mai), men elles får eg det til " paa den Eene Siide og den N(?)/Mands efterladte 3 Børn ..../ Ole" osv Anne Knutsdotter Vaksvik hadde ingen born (som levde). Skiftet er "imellem / hændes igenlevende Mand Lars / Lars...
av Ivar Ståle Ertesvåg
06 mai 2008 20:42:51
Forum: Ørsta
Emne: Johanne Knudsdtr. f 1795 og Ole Johannes Olsen f 1799
Svar: 4
Visninger: 2200

Re: Johanne Knudsdtr. f 1795 og Ole Johannes Olsen f 1799

Ørstingar 1 (og 2) kan kjøpast i bokhandlar i distriktet, eller lånast frå biblioteket. Titlar m.m. her: http://folk.ntnu.no/ivarse/bygdebok.html (bokhandlar nedst på sida).

Ørstingar er ei rein opplisting av folk, ingen historier. Er du heldig, finn du historier om "dine" i andre kjelder (t.d. årsskriftet til Ørsta sogelag).
av Ivar Ståle Ertesvåg
05 mai 2008 23:41:40
Forum: Ørsta
Emne: Johanne Knudsdtr. f 1795 og Ole Johannes Olsen f 1799
Svar: 4
Visninger: 2200

Re: Johanne Knudsdtr. f 1795 og Ole Johannes Olsen f 1799

Ifl. "Ørstingar 1" ( Bjørn J. Dale, 1995) kom ho frå Haugen, bnr. 2 (s. 582 Indre Hovden; s. 500 Haugen), foreldre Knut Jakobson Haugen og Ingeborg Pedersd. Litje Krøvel.

... og då høyrer vel eigentleg spørsmålet til under Ørsta.
av Ivar Ståle Ertesvåg
04 mai 2008 12:34:21
Forum: Ålesund
Emne: Ragnhild Carelsdtr Worren f ca 1817
Svar: 12
Visninger: 4420

Re: Ragnhild Carelsdtr Worren f ca 1817

Og når datoen er kjend, er utfordringa berre å finne fram i kyrkjebøkene for Borgund. Dåpen i klokkarboka her (jenter på høgre oppslag) nr. 29 m foreldra er tydelegvis ikkje gifte på den tida, "Faderen Carel Rasmussen Langeøe Moderen Karen Andrina Olesdaatter Aalesund". Langøya ligg sør for Ellingsø...
av Ivar Ståle Ertesvåg
03 mai 2008 19:54:53
Forum: Ålesund
Emne: Ragnhild Carelsdtr Worren f ca 1817
Svar: 12
Visninger: 4420

Re: Ragnhild Carelsdtr Worren f ca 1817

Voren (Worren) er i Sande (på Sandsøya); så det måtte vere det første alternativet til Ålesund. I FT1801 er det ein Carl nettopp på Voren m Det kan vere han som er far til Ragnhild 16 år seinare- iallfall eit mogeleg spor. Eg finn ikkje han og mora under Voren i Sandesoga. Om du ikkje finn Ragnhild ...
av Ivar Ståle Ertesvåg
03 mai 2008 15:03:54
Forum: Ålesund
Emne: Ragnhild Carelsdtr Worren f ca 1817
Svar: 12
Visninger: 4420

Re: Ragnhild Carelsdtr Worren f ca 1817

Alle innførsler kan gje spor... dåpen til Car(e)l er registrert her: m og Johan her m (han er ein av dei første i den dataregistrete kyrkjeboka) Har du leita etter vigsla til Ragnhild og Andreas? Det mest sannsynlege er Ålesund tidleg på 1850-talet (seinast august 1854, sidan Johan er ektefødd). Du ...
av Ivar Ståle Ertesvåg
02 mai 2008 22:35:36
Forum: Vanylven
Emne: Berge Bergesen, f. 1792/1797 Vanylven eller Herøy
Svar: 8
Visninger: 3929

Re: Berge Bergesen, f. 1792/1797 Vanylven eller Herøy

Først litt assistanse frå Sandsoga (1996) b. II, s. 154 Saude ytre, bnr 3 Haggardsvik, som Berge fekk plassetel på og rydda av utmarka i 1855. Før det budde han på Holmen (som er bnr. 2 under Larsnes), (same boka s. 119). Her er han kalla Berge Bergeson Totland, frå Vågsøy i Nordfjord f. 1793 - d. 1...
av Ivar Ståle Ertesvåg
01 mai 2008 22:16:37
Forum: Ørskog
Emne: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730
Svar: 78
Visninger: 34385

Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730

Eg lurer på om vi kan tolke det som står om dei tre barna i skiftet. Eg greier så langt som til den 8. linja: " [Mørche-]set paa den Eene Siide og d.. .... / .... ... ... 3 Børn .... / Ole Knudsen " osv. Ofte står det noko om "i lovleg ekteskap sammenavlede..." e.likn. i skiftet. Kai: Gjertrud står ...
av Ivar Ståle Ertesvåg
01 mai 2008 15:25:25
Forum: Ørskog
Emne: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730
Svar: 78
Visninger: 34385

Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730

Var det noko å dele på etter Knut i 1750? I så fall skulle barn frå første ekteskap hatt arvelut(ar) på linje med Anne sine barn. (Gjertrud kan ha vore frå første ekteskap). Elles: Det er ikkje mykje i det som har kome fram, som peikar mot at Eilif Knutson Skøye var same person som Eilif Knutson Løs...
av Ivar Ståle Ertesvåg
01 mai 2008 11:48:58
Forum: Volda
Emne: Dåpen til Cecelia Pedersdatter
Svar: 8
Visninger: 2512

Re: Dåpen til Cecelia Pedersdatter

Sisilie og Gullik budde på Nedrelid,
ho død 1865, nr. 41 her
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-516
han død 1860, nr. 45 her http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-501
av Ivar Ståle Ertesvåg
01 mai 2008 11:13:49
Forum: Volda
Emne: Dåpen til Cecelia Pedersdatter
Svar: 8
Visninger: 2512

Re: Dåpen til Cecelia Pedersdatter

Nei, foreldra er ikkje nemnde ved dåpen. Namna i neste spalte er eit par trulova på same tid. Men tilfeldigvis heiter dei Peder og Ingeborg som foreldra til Sisilia. :)
av Ivar Ståle Ertesvåg
01 mai 2008 09:14:15
Forum: Volda
Emne: Dåpen til Cecelia Pedersdatter
Svar: 8
Visninger: 2512

Re: Dåpen til Cecelia Pedersdatter

av Ivar Ståle Ertesvåg
26 apr 2008 20:04:49
Forum: Ørskog
Emne: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730
Svar: 78
Visninger: 34385

Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730

Sidan vi også held oss på 1730-talet, bør vi vel ta med Hans Jacob Hjort, som var sokneprest 1720-58, m I Borgund med Skøye var soknepresten 1721-41 ingen ringare enn Peder Strøm, m og deretter Augustinus Meldal (som var personellkapellan for Strøm frå 1724) sokneprest til 1774 m Prestar flest var n...
av Ivar Ståle Ertesvåg
26 apr 2008 12:16:59
Forum: Ørskog
Emne: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730
Svar: 78
Visninger: 34385

Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730

Helge: Regelen om dåp innan åtte dagar står i Kristian Vs Norske Lov (Anden Bog, 5 Cap., 6.Art.): m (jf også Art. 8 om heimedåp) Så lenge vi berre kjenner dåpsdatoen, er det vanskeleg å seie om det vart halde. Men frå ca. 1815-20 har vi både fødsels og dåpsdatoar. Ser vi på Ørskog 1817, ser vi at ba...
av Ivar Ståle Ertesvåg
25 apr 2008 17:59:37
Forum: Ørskog
Emne: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730
Svar: 78
Visninger: 34385

Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730

Remi har nok rett i at det stend ”noch (eller nock) Døbt....”. Denne presten har ei litt spesiell veksling mellom latinsk og gotisk skrift (ikkje system i vekslinga så langt eg kan sjå). Det same ordet kjem att nedst på s. 400 (første lenkja til Remi i natt); der ein dåp 29. des kjem etter års-oppsu...
av Ivar Ståle Ertesvåg
22 apr 2008 23:27:23
Forum: Ørskog
Emne: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730
Svar: 78
Visninger: 34385

Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730

At Marte Paulsd. kom frå Løset er noko kyrkjebøkene ikkje fortel noko om. Her har forf. anten hatt ei anna kjelde (kanskje skifte etter Paul 1799?). Eller så har han gjetta på tynnt grunnlag.
av Ivar Ståle Ertesvåg
22 apr 2008 23:20:10
Forum: Ørskog
Emne: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730
Svar: 78
Visninger: 34385

Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730

Ja... her står Eilif med gardsnamn Løset. Det gjer han ved trulovinga også, m (om lag midt på høgre sida). Altså var han busett på Løset før det første giftarmålet i 1760. Bygselsetel er leigekontrakta for bruket. Ho skulle tinglysast, og ein kopi skulle førast inn i panteboka. Det du har, kan vere ...
av Ivar Ståle Ertesvåg
22 apr 2008 22:27:08
Forum: Ørskog
Emne: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730
Svar: 78
Visninger: 34385

Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730

Det er ein del ting som ikkje stemmer heilt saman. Eg ville ha leita etter Eilif og Guri sitt giftarmål for å sjå kva som står der. Dersom ho var frå eit anna prestegjeld, vil det sannsynlegvis stå der. Det kan vere grunnen til at året ikkje står i Ørskog- og Sykkylvs-bøkene (eller forf. kan ha over...
av Ivar Ståle Ertesvåg
22 apr 2008 19:05:10
Forum: Ørskog
Emne: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730
Svar: 78
Visninger: 34385

Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730

ja....eg gløymde at desse bygdene låg sør for fjorden og vart overførte. Vaksvik veit eg kvar ligg - har vore der nokre gongar. Når Sykkylvsboka seier han er frå Vaksvik, må dei ha det frå ei eller anna kjelde. Det mest trulege er bygselkontrakt/skjøte på bruket på Løset. Står det noko om bygsel/kjø...
av Ivar Ståle Ertesvåg
21 apr 2008 22:02:16
Forum: Ørskog
Emne: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730
Svar: 78
Visninger: 34385

Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730

Kva er tilknytninga til Sykkylven? Løset og Vaksvik er og var vel i Ørskog sokn.

Dersom Ørskog-boka er om lag som andre bøker, står det vel kven som vart brukarar på dei ulike gardane? Har du sett etter kva som står under Løset (to gardar som heiter Løset; gnr. 45 og gnr 52 i 1950-matrikkelen)?
av Ivar Ståle Ertesvåg
21 apr 2008 11:50:13
Forum: Ørskog
Emne: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730
Svar: 78
Visninger: 34385

Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730

Det er ein del fleire kjelder du kan undersøke for å klarlegge om det er rett Eilif. Om det finst ei gardssoge for Skøye/Skodje, ville eg sett etter om Eilif/Elling Knutson Skøye/Skodje og faren er nemnde der. din Eilif Knutson Vaksvik (=Eilif Knutson Løset?, jf Helge si lenkje) må ha gifta seg, og ...
av Ivar Ståle Ertesvåg
21 apr 2008 00:13:55
Forum: Ørskog
Emne: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730
Svar: 78
Visninger: 34385

Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730

"Festo omn: Sanctor: døbt ved Ørskov Knud ..." Festo omnium Sanctorum = festen (for) alle heilage (sjeler); altså helgemesse, som vart feira 1. november. Det stemmer at det står Elling i Skodje-boka og Ellef i Ørskog. Men elles er det klart at det må vere den same. I Ørskog-boka er han ført undet "1...
av Ivar Ståle Ertesvåg
20 apr 2008 21:51:29
Forum: Ørskog
Emne: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730
Svar: 78
Visninger: 34385

Re: Ellev Knutsen Vaksvik f. 1730

Eg meiner det står "nød Døbt Knud Ellefs. Skøyis Barn nom: Ellef meddelt attest". Skøye (Skodje) ligg i soknet med same namn - som låg under Borgund Prestegjeld (ikkje Ørskog). Det forklarar attesten som er "meddelt". Barnet skal vere innført i kyrkjeboka for Skodje sokn, og vi finn honom her: m (hø...
av Ivar Ståle Ertesvåg
19 apr 2008 23:48:07
Forum: Generelt
Emne: Navnet Kervel
Svar: 23
Visninger: 6369

Re: Navnet Kervel

Thomas: Bestefar din var venteleg fødd før 1923 (namnelova). Han kan ha fått namnet på minst tre måtar: Anten er det eit etternamn som ein av foreldra har tilknytning til (gjennom sine foreldre, besteforeldre, osv.). I så fall er det eit mellomnamn. Eller så var det etternamnet til ein eller annan p...

Gå til avansert søk