Søket gav 2565 treff

av gj04325
12 apr 2013 13:19:56
Forum: Røros
Emne: Ole Henriksen Haas f1698 (hus nr 123) og familien hans
Svar: 13
Visninger: 2156

Re: Ole Henriksen Haas f1698 (hus nr 123) og familien hans

Ei Catharina Olsdotter Birke er fadder ved dåpen til Ole Einarsson i Oppdal i 1759 (øvst på venstre side): Kildeinformasjon: Sør-Trøndelag fylke, Oppdal, Ministerialbok nr. 678A01 (1739-1780), "Uægte" fødte og døpte 1759-1761, side 144. m Kan denne Catharina vere den same som vart gift med Nils Rytt...
av gj04325
11 apr 2013 11:17:12
Forum: Røros
Emne: Ole Henriksen Haas f1698 (hus nr 123) og familien hans
Svar: 13
Visninger: 2156

Re: Ole Henriksen Haas f1698 (hus nr 123) og familien hans

Nils Rytter og Chatarina Olsdotter hadde ei dotter Anna Catharina som var døypt i Oppdal 23. søndag etter Trinitatis i 1765 (høgre side): Kildeinformasjon: Sør-Trøndelag fylke, Oppdal, Ministerialbok nr. 678A01 (1739-1780), Fødte og døpte 1766, side 122. m Dei oppførte fadrane er vel kanskje ikkje t...
av gj04325
11 apr 2013 00:48:21
Forum: Røros
Emne: Ole Henriksen Haas f1698 (hus nr 123) og familien hans
Svar: 13
Visninger: 2156

Re: Ole Henriksen Haas f1698 (hus nr 123) og familien hans

Og takka vere FS fann eg jammen trulovinga/kopulasjonen til sersjant Nils Rytter og Chatarina Olsdotter i Oppdal i 1764 (gift 22. oktober, høgre side): Kildeinformasjon: Sør-Trøndelag fylke, Oppdal, Ministerialbok nr. 678A01 (1739-1780), Ekteviede 1763-1765, side 180. m Vi ser at Chatarina er kalla ...
av gj04325
11 apr 2013 00:22:29
Forum: Røros
Emne: Ole Henriksen Haas f1698 (hus nr 123) og familien hans
Svar: 13
Visninger: 2156

Re: Ole Henriksen Haas f1698 (hus nr 123) og familien hans

Og her er trulovinga til Nils Rytter og Johanna Jonsdotter i Trondheim i 1796 (kopulasjon 14. juli):

Kildeinformasjon: Sør-Trøndelag fylke, Domkirken i Trondheim, Ministerialbok nr. 601A09 (1784-1801), Trolovede 1796, side 61.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-61

Helsing Knut.
av gj04325
07 apr 2013 20:29:19
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Kirkebok, Surnadal, Møre og Romsdal-1808-Anders Paulsen
Svar: 4
Visninger: 301

Re: Vielse-M&Romsdal-1808-Anders Paulsen

Det siste ordet kan vere Løvfl ,ei forkorting for namnet Løvfald.

Helsing Knut
av gj04325
04 apr 2013 21:14:35
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Kirkebok Bolsøy, Møre og Romsdal 1790.
Svar: 4
Visninger: 263

Re: Kirkebok Bolsøy, Møre og Romsdal 1790.

Først i setninga står det vel ...trolovet i Huuset... Og Beret er vel ei Iversdotter?

Helsing Knut
av gj04325
03 apr 2013 21:03:23
Forum: Sunndal: Sunndalsboka
Emne: Bind 2/side 208 Bjørnhjellen
Svar: 0
Visninger: 572

Bind 2/side 208 Bjørnhjellen

Om Anna Toresdotter f. ca. 1723 står det at ho vart gift med Mons Åsprong.

Rett namn på ektemannen skal vere Tore Åsprong.

Sjå meir her:

https://slektsforum.slektogdata.no/view ... p?t=105331
av gj04325
01 apr 2013 22:42:00
Forum: Gjemnes: Gards- og ættesoge for Gjemnes
Emne: Bind 01/side 630–631 Hanaset – Nørvollan
Svar: 1
Visninger: 1051

Bind 01/side 630–631 Hanaset – Nørvollan

På desse sidene er familien til Martin Andersson og Anne Arntsdotter omtala. Om førstnemnde står det at han var fødd 1827 i Hov i Sunndal. Rett fødselsår skal vere 1823. Her er dåpen hans (namneforma Morten er brukt) (nr. 1): Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Hov i Sunndal, Ministerialbok nr....
av gj04325
31 mar 2013 09:09:17
Forum: Tingvoll: Gards- og ættesoge for Tingvoll, bind 2-3
Emne: Bind 2/side 319 Bergem - Sydstua
Svar: 0
Visninger: 614

Bind 2/side 319 Bergem - Sydstua

Om Markus Bersveinsson f. 1852 står det at han tente i Kristiansund. Nedanfor er nokre tilleggsopplysningar om han. I 1876 vart han gift der i byen med Randi Olsdotter Nisja frå Sunndalen (sjå øvst på sida): Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Kristiansund, Ministerialbok nr. 572A10 (1865-1876)...
av gj04325
29 mar 2013 09:10:52
Forum: Tingvoll: Gards- og ættesoge for Tingvoll, bind 2-3
Emne: Bind 2/side 553 Kringstad - Husan
Svar: 1
Visninger: 800

Bind 2/side 553 Kringstad - Husan

Lars Larsson og Barbro Sivertsdotter er oppført med fem barn: Beret f. 1834, Maret f. 1837, Sivert f. 1840, Jon f. 1843 og Synnøve f. 1845. I tillegg til desse barna hadde dei ei dotter Maria f. 1850. Her er dåpen hennar (nr. 32): Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Tingvoll, Ministerialbok nr....
av gj04325
28 mar 2013 09:09:02
Forum: Gjemnes: Gards- og ættesoge for Gjemnes
Emne: Bind 02/side 133 Myklebostad – Lånna
Svar: 0
Visninger: 603

Bind 02/side 133 Myklebostad – Lånna

Om brukaren Tore Olsson og kona Sigrid Andersdotter står det at dei truleg må ha vore innflyttarar. Desse to kom frå Sunndal. Tore var son til Ole Engelsson og Guro Halvorsdotter på husmannsplassen Bakken (Husbakken) under Stormjølkill. Sigrid var dotter til gardfolka Anders Nilsson og Ingeborg Eina...
av gj04325
27 mar 2013 16:35:26
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Ekstraskatt 1762-63, Stjørdal og Verdal, Nord-Trøndelag
Svar: 2
Visninger: 270

Re: Ekstraskatt 1762-63, Stjørdal og Verdal fogderi - Skogn

Disse 2de bemeldte har ingen Plats, men har en Stue under Gaarden som de bor udi. Manden er endnu nogenledes(?) rørende, saa hand kand noget lidet fortiene, men hun er 70 Aar, og nesten blind og ganske hilseløs. Forkortinga framfor Gurru Siversdotter er vel Qv. (Qvinde). Med atterhald om feil. Hels...
av gj04325
27 mar 2013 11:09:07
Forum: Gjemnes: Gards- og ættesoge for Gjemnes
Emne: Bind 01/side 192 Torvik – Bakkan
Svar: 0
Visninger: 630

Bind 01/side 192 Torvik – Bakkan

Her er nemnt Ildri Larsdotter f. ca. 1746 som var gift med Klaus Didriksson, men det står ikkje noko om avstamminga hennar. Denne Ildri var ei dotterdotter til Halvor Olsson, som var brukar på Skjøllend og Tredalen i Sunndal. I Sunndalsboka bind 3 s. 193 er nemnt ei dotter Brit (Beret) som Halvor ha...
av gj04325
27 mar 2013 10:38:16
Forum: Rindal: Gards- og ættesoge for Rindal
Emne: Bind 2/side 050 Rindal – Brynjulvstua
Svar: 0
Visninger: 1124

Bind 2/side 050 Rindal – Brynjulvstua

Om Eli Brynjulvsdotter f. 1847, dotter til Brynjulv Larsson og Ane Jonsdotter Tørset, står det at ho utflytta til Kristiansund i 1871 for å ta seg teneste. Her er fleire opplysningar om ho. I 1888 gifta ho seg i Trondheim med Ingebrigt Halvorsson Flatvad (nr: 32): Kildeinformasjon: Sør-Trøndelag fyl...
av gj04325
27 mar 2013 09:32:20
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Skifteprotokoll, Nordmøre Sorenskriveri Møre og Romsdal 1739
Svar: 1
Visninger: 191

Re: Skifte etter Kiersten Pedersdatter - Anders Stensens ...

Det var ikkje det enklaste dette nei, Magnar. For meg kan det sjå ut som om det er namnet på ein husmannsplass som står oppført i skiftet, og ikkje eit gardsnamn. Men tydinga av namnet er eg usikker på. Har lurt på om det kunne stå "Wichen", (altså Viken), men det namnet vart vel som oftast skrive W...
av gj04325
24 mar 2013 23:38:43
Forum: Kristiansund
Emne: Johannes Olson Torske
Svar: 11
Visninger: 975

Re: Johannes Olson Torske

Da fann eg likevel dødsfallet til Juditta Toresdotter Torske i kyrkjeboka. Det viser seg at ho døydde 2. juni i 1876 (sjå nest øvste innførselen): Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Kristiansund, Ministerialbok nr. 572A11 (1865-1876), Døde og begravede 1876, side 104. m Dette styrkar hypotesen...
av gj04325
24 mar 2013 18:38:41
Forum: Frei: Gards- og ættesoge for Frei
Emne: Bind 1/side 213 Flatsetøya - Ødegård
Svar: 1
Visninger: 2263

Bind 1/side 213 Flatsetøya - Ødegård

Om Helga Henriksdotter f. 1846 (gift med Kornelius Olsson) står det at foreldra hennar var Henrik Olsson Grytnes og Ane Nilsdotter Rytter. Men det er feil. Ved vigselen til Helga og Kornelius i 1867 er faren kalla Henrik Andersson (fjerde registreringa ovanfrå): Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fyl...
av gj04325
23 mar 2013 23:26:41
Forum: Kristiansund
Emne: Johannes Olson Torske
Svar: 11
Visninger: 975

Re: Johannes Olson Torske

Denne husmannssonen Ole Olsson Torske som er registrert utflytta frå Sunndal til Kristiansund i 1857, 25 år gammal, må vi vel rekne med var han frå Torskehjellen (nr. 2): Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Sunndal, Ministerialbok nr. 590A05 (1847-1877), Inn- og utflyttede 1857, side 390. m Knut.
av gj04325
23 mar 2013 23:05:05
Forum: Kristiansund
Emne: Johannes Olson Torske
Svar: 11
Visninger: 975

Re: Johannes Olson Torske

Etter alt å dømme er det Ole f. 1832 frå Torskehjellen som i 1858 blir gift i Kristiansund med Juditta Toresdotter: Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Kristiansund, Ministerialbok nr. 572A09 (1855-1865), Ekteviede 1858, side 17. m Som far er iallfall oppført Ole Jonsson Torskehjellen, og den o...
av gj04325
23 mar 2013 19:26:28
Forum: Kristiansund
Emne: Johannes Olson Torske
Svar: 11
Visninger: 975

Re: Johannes Olson Torske

Hei - eg har notert at faren til denne Johannes var ein enkjemann, Ole Olsson, og at mora var Randi Olsdotter Skjølberg. Eg kom ein gong tilfeldigvis over dåpen hans i Edøy i samband med ei anna sak. Her er dåpen (nr. 2): Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Edøy i Edøy, Ministerialbok nr. 581A0...
av gj04325
21 mar 2013 22:07:02
Forum: Tingvoll
Emne: Opplysninger om Oluf Kr. Schjelvaag f. 25.06.1876
Svar: 11
Visninger: 1603

Re: Opplysninger om Oluf Kr. Schjelvaag f. 25.06.1876

Den oppgjevne alderen på Christen Olsson på Skjelvågen i 1865 stemmer bra med fødselsåret 1825. Da er det kanskje den same Christen vi finn døypt her? (Sjå nr. 11.) Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Frei i Tingvoll, Klokkerbok nr. 573C01 (1819-1834), Fødte og døpte 1825-1827, side 56-57. m Ga...
av gj04325
19 mar 2013 21:22:31
Forum: Sunndal: Heimar og ætter i Stangvik, bind 3
Emne: Bind 3/side 149 Rennset – Kjønnhaugen
Svar: 0
Visninger: 720

Bind 3/side 149 Rennset – Kjønnhaugen

Her er presentert Ingeborg f. 1830, ei dotter til husmannsfolka Erik Knutsson og Beret Nilsdotter. Nokon opplysningar om skjebnen til denne Ingeborg blir ikkje gjeve. Her er konfirmasjonen hennar i 1845 (nr. 2): Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Stangvik i Stangvik, Ministerialbok nr. 592A03 ...
av gj04325
17 mar 2013 16:18:40
Forum: Sunndal
Emne: Alis, datter av ei lærerinne Östersund ogIngebrigt Halvarsen
Svar: 19
Visninger: 3073

Re: Alis, datter av ei lærerinne Östersund ogIngebrigt Halva

Ingbrigt hadde en bror John Halvorsen Fladvad som også ble med moren til Kristiansund. Er det noen som vet noe om ham? Hei – kan ikkje bidra med noko her, men utflytting eller død er vel det mest sannsynlege. Med brannskadde kyrkjebøker kan det bli vanskeleg å finne svar. Om eg får lov til å vende ...
av gj04325
17 mar 2013 09:58:17
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Kirkebok for Veøy, Møre og Romsdal 1781
Svar: 8
Visninger: 475

Re: Kirkebok for Veøy, M&R 1781

Framfor personnamnet står det vel "Danneqvinde".

Helsing Knut.
av gj04325
16 mar 2013 16:01:55
Forum: Rindal: Gards- og ættesoge for Rindal
Emne: Bind 3/side 415 Storløkken – Austigard
Svar: 0
Visninger: 773

Bind 3/side 415 Storløkken – Austigard

Her er nemnt Gunnhild f. 1840, dotter til Jon Olsson og Marit Pedersdotter. Det står ikkje noko om kvar denne Gunnhild vart av. Her blir ho konfirmert i 1855 (nr. 4): Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Surnadal, Ministerialbok nr. 595A06 (1852-1863), Konfirmerte 1855, side 126. m I 1864 er ho ...
av gj04325
16 mar 2013 12:20:10
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Ministerialbok, Tingvoll, Møre og Romsdal, 1690
Svar: 2
Visninger: 214

Re: Ministerialbok, Tingvoll, Møre og Romsdal, 1690

Mange takk! Skjønte nok at det her var tale om ei misgjerning.

Skal sjå om det kan stå noko om saka i tingboka.

Knut.
av gj04325
16 mar 2013 11:00:30
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Ministerialbok, Tingvoll, Møre og Romsdal, 1690
Svar: 2
Visninger: 214

Ministerialbok, Tingvoll, Møre og Romsdal, 1690

Treng litt hjelp til tyding/tolking av notisen øvst i venstre spalte om Ingeborg Olsdotter frå Musgjerd i Sunndalen. Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Tingvoll, Ministerialbok nr. 586A02 (1664-1702), Kronologisk liste 1690, uten sidenr. m Står det "Public absolv." som innleiing? Det ser ut ti...
av gj04325
15 mar 2013 23:20:58
Forum: Tingvoll: Gards- og ættesoge for Tingvoll, bind 2-3
Emne: Bind 3/side 143 Venås - Venåsmyra
Svar: 0
Visninger: 561

Bind 3/side 143 Venås - Venåsmyra

Ingebrigt Halvorsson og Marit Pedersdotter står oppført med tre barn: Ola f. 1829, Kari f. 1831 og Hans f. 1835. Dei fekk òg eit fjerde: Ildri fødd i februar 1841 (nr. 12): Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Tingvoll, Ministerialbok nr. 586A09 (1829-1843), Fødte og døpte 1841, side 156. m Denn...
av gj04325
15 mar 2013 18:02:58
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Kyrkjebok, Kretsfengselet i Trondheim, Sør-Trøndelag, 1852
Svar: 2
Visninger: 208

Re: Kyrkjebok, Kretsfengselet i Trondheim, Sør-Trøndelag, 18

Takk! Eg veit ikkje om eg har vore borti begrepet "forhærdelse" i denne samanhengen før, men på nettet ser eg at det er eit uttrykk som tidlegare vart brukt om kreft.

Knut.
av gj04325
15 mar 2013 17:33:15
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Kyrkjebok, Kretsfengselet i Trondheim, Sør-Trøndelag, 1852
Svar: 2
Visninger: 208

Kyrkjebok, Kretsfengselet i Trondheim, Sør-Trøndelag, 1852

Dette gjeld dødsfallet til Erik Nilsson (nr. 12, 1852). Dødsårsaka er noko vanskeleg å tyde: Kildeinformasjon: Sør-Trøndelag fylke, Kretsfengselet i Trondheim, Ministerialbok nr. 624A01 (1841-1864), Døde og begravede 1852-1855, side 21. m Kan det stå "Leverbetændelse"? Eg synest ordet har visse fell...
av gj04325
13 mar 2013 13:51:06
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Møre og Romsdal, Stangvik, Ministerialbok 1791
Svar: 3
Visninger: 186

Re: Møre og Romsdal, Stangvik, Ministerialbok 1791

«Kirketjenesten ved Halse. Døbt Joseph Ols. Hagen og Kones: Kari Knutdtsd. D. B: Daniel.
Test: Daniel Gerts: Watten, Engebrigt Lars: Aasbøe, Christen Lars: Ström, Bereth(?) Knudtsd. Fløystad, Maria Nielsd. Hagen.»


Datoen er kanskje 2. januar.

Med atterhald om feil.

Helsing Knut.
av gj04325
11 mar 2013 22:20:09
Forum: Rindal: Gards- og ættesoge for Rindal
Emne: Bind 3/side 420 Storløkken – Lykkjehuset/Husatrøa
Svar: 0
Visninger: 829

Bind 3/side 420 Storløkken – Lykkjehuset/Husatrøa

Her er presentert to søner til Fredrik Johannesson og Ingeborg Johannesdotter, nemleg Jon f. 1830 og Jon f. 1833. Om sistnemnde er det skrive som rett er at han i 1868 vart gift med Magnhild Iversdotter frå Sunndal, og at desse busette seg på Åker på Sunndalsøra. (Sjå elles Sunndalsboka bind 3 s. 29...
av gj04325
10 mar 2013 14:53:02
Forum: Tustna: Tustna bygdebok
Emne: Bind 1/side 378-379 Langholmen
Svar: 0
Visninger: 634

Bind 1/side 378-379 Langholmen

Under avsnittet "Familiar i uidentifiserte heimar" er Jørgen Hågensson omtala. Det står at han var enkjemann, og at han vart gift på nytt i 1830 med Gjertrud Andersdotter Fruhavn. Det er nemnt at han da var 27 år og skreiv seg for Hønsvik, men at han ikkje er funnen i Halsaboka. Nedanfor er meir inf...
av gj04325
09 mar 2013 09:23:40
Forum: Halsa: Halsaboka
Emne: Bind 1/side 016 Kvalnesvik med Ringen
Svar: 0
Visninger: 877

Bind 1/side 016 Kvalnesvik med Ringen

Her står det at Marie Olsdotter f. 1812 vart gift med Ole Nilsson Smiset. Men rett namn skal nok vere Smistad , så sant denne Ole da ikkje hadde budd på Smiset i tida før ekteskapet. Iallfall var han fødd i Øksendalen i 1816 som son til Nils Olsson Smistad (frå garden Smedstad) og Anne Halvorsdotter...
av gj04325
08 mar 2013 17:05:01
Forum: Surnadal: Heimar i Surnadal
Emne: Bind 2/side 007 Karlhaugen
Svar: 0
Visninger: 1512

Bind 2/side 007 Karlhaugen

Her er nemnt Ingeborg Hallvardsdotter, som var gift med Morten Sivertsson. Det står ikkje noko om kvar Ingeborg kom frå. Det ser ut til at svaret er å finne i eit skifte frå Oppdal frå 1757 etter Ellef Ellefsson Vognild. I skiftet går det fram at denne Ellef hadde ei halvsøster Ingeborg Halvorsdotte...
av gj04325
04 mar 2013 21:14:26
Forum: Sunndal
Emne: Alis, datter av ei lærerinne Östersund ogIngebrigt Halvarsen
Svar: 19
Visninger: 3073

Re: Alis, datter av ei lærerinne Östersund ogIngebrigt Halva

Og her er lenkje til vigselen hans (nr. 32): Kildeinformasjon: Sør-Trøndelag fylke, Vår Frue kirke i Trondheim, Ministerialbok nr. 602A17 (1880-1901), Ekteviede 1888, side 271. Permanent sidelenke: m Eli Brynjulvsdotter er elles omtala under Brynjulvstua i Gards- og ættesoge for Rindal bind 2 s. 50....
av gj04325
04 mar 2013 20:39:35
Forum: Sunndal
Emne: Ole Olsen Melkhild
Svar: 10
Visninger: 1621

Re: Ole Olsen Melkhild

Denne merknaden i spalta heilt til høgre er ikkje så lett å lese, nei. Men her er eit forslag til tyding av ein del av teksten: "Anmeldelse fra Mad. ....... uden Datum. Fosteret ......kom i sidste Maaned[?], men uden Liv, havde længe været[?] dødt. Moderen ei før havt[?] saadanne Børn. " Med atterha...
av gj04325
03 mar 2013 18:05:13
Forum: Sunndal: Heimar og ætter i Stangvik, bind 3
Emne: Bind 3/side 134–135 Smiset - Smisetfossen
Svar: 0
Visninger: 858

Bind 3/side 134–135 Smiset - Smisetfossen

Her er nemnt ei dotter Ingeborg f. 1833 som Steinar Larsson og Magnhild Pedersdotter hadde, men det står ikkje noko om kvar denne dottera vart av. I 1861 gifta ho seg i Kristiansund med Sivert Eriksson Jordal (tredje nedste notering): m Denne Sivert var son til Erik Estensson og Anne Andersdotter på...
av gj04325
02 mar 2013 21:04:13
Forum: Sunndal
Emne: Ole Olsen Melkhild
Svar: 10
Visninger: 1621

Re: Ole Olsen Melkhild

Men denne etterlysningen skulle kansje stått i forumet for Kristiansund, ettersom de flyttet dit. Ut frå spørsmålet i det første innlegget er vel Sunndal rette plassen, men etter kvart som innhaldet i tråden har endra seg, kan vel Kristiansund vere ei like naturleg plassering. Men ei eventuell flyt...
av gj04325
02 mar 2013 17:46:20
Forum: Sunndal
Emne: Ole Olsen Melkhild
Svar: 10
Visninger: 1621

Re: Ole Olsen Melkhild

Det er vel trulovinga til tippoldeforeldra dine vi har på høgre side her: m Så vidt eg kan sjå er Brynhild Larsdotter kalla "Brandsaas", og eg synest det står at ho var fødd i "Strinden". Som alder er oppgjeve 35 år. Truleg er det vigselen mellom dei to vi finn her nedst på venstre side, men det mes...
av gj04325
02 mar 2013 13:57:33
Forum: Sunndal
Emne: Alis, datter av ei lærerinne Östersund ogIngebrigt Halvarsen
Svar: 19
Visninger: 3073

Re: Alis, datter av ei lærerinne Östersund ogIngebrigt Halva

Her er Petra Serine og det som må vere mora og stefaren i FT 1885: m Det går her fram at mora var frå Grytten. I 1910 var Petra Serine framleis i Kristiansund: m Så litt meir om Ingebrigt Halvorsson Flatvad. Det viser seg at han fekk ein son Henning Olaf på Tustna i 1885, men det er kanskje kjent fr...
av gj04325
01 mar 2013 18:54:44
Forum: Sunndal
Emne: Ole Olsen Melkhild
Svar: 10
Visninger: 1621

Re: Ole Olsen Melkhild

Folket i Nestua er omtala i bind 5 s. 34-36.

Helsing Knut.
av gj04325
01 mar 2013 17:31:06
Forum: Sunndal
Emne: Alis, datter av ei lærerinne Östersund ogIngebrigt Halvarsen
Svar: 19
Visninger: 3073

Re: Alis, datter av ei lærerinne Östersund ogIngebrigt Halva

Takk for denne informasjonen. I Kristiansund finn vi i 1890 konfimert ei Petra Serine f. 1875, og etter det som blir opplyst var foreldra hennar Ingebrigt Fladvad og Hanna Pedersen Sletten (nr. 83): m Eg har prøvd å finne ut om denne Ingebrigt var identisk med Ingebrigt Halvorsson, men har ikkje kom...
av gj04325
01 mar 2013 15:44:22
Forum: Sunndal
Emne: Alis, datter av ei lærerinne Östersund ogIngebrigt Halvarsen
Svar: 19
Visninger: 3073

Re: Alis, datter av ei lærerinne Östersund ogIngebrigt Halva

Hei Astrid - veit du noko meir om det barnet som Ingebrigt Halvorsson fekk i 1872?

Helsing Knut.
av gj04325
26 feb 2013 00:08:02
Forum: Kilder og metode
Emne: Kva betyr teiknet ved namnet til nokre av konfirmantane?
Svar: 3
Visninger: 597

Re: Kva betyr teiknet ved namnet til nokre av konfirmantane?

Takk skal du ha. Kjekt for kjeldegranskaren med desse "snarvegane" presten har oppretta.

Helsing Knut.
av gj04325
25 feb 2013 22:54:25
Forum: Kilder og metode
Emne: Kva betyr teiknet ved namnet til nokre av konfirmantane?
Svar: 3
Visninger: 597

Kva betyr teiknet ved namnet til nokre av konfirmantane?

I kyrkjeboka for Tingvoll står det ved namnet til nokre av konfirmantane eit teikn som liknar på ein stor (gotisk) V. Det som står skrive kan òg minne om ei samantrekning av forkortinga NB, men eg har vanskeleg for å tru at det er det det er tale om. Bak teiknet (bokstaven?) står det eitt eller flei...
av gj04325
25 feb 2013 18:59:35
Forum: Tingvoll: Gards- og ættesoge for Tingvoll, bind 2-3
Emne: Bind 2/side 032 Brevik
Svar: 0
Visninger: 576

Bind 2/side 032 Brevik

Her er nemnt at Ole Jonsson f. 1852 (son til Jon Jonasson) vart gift med Olina Fredriksdotter Smistad frå Øksendalen. Fleire opplysningar om desse to er ikkje gjeve. Om avstamminga til Olina – sjå under Smedstad (plassen Ledet) i Sunndalsboka bind 4 s. 190. Ho og Ole vart trulova i Kristiansund i 18...
av gj04325
22 feb 2013 23:55:02
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Kirkebok, Lyngen, Troms, 1831
Svar: 7
Visninger: 357

Re: Kirkebok, Lyngen, Troms, 1831

Skrifta trer noko klårare fram i klokkarboka:

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-42

Elles enig med Åsbjørg når det gjeld farsnamnet til Hans Peder.

Helsing Knut.
av gj04325
21 feb 2013 22:55:42
Forum: Sunndal
Emne: Marius Fladvad Michigan, Walseth samme sted?
Svar: 6
Visninger: 1752

Re: Marius Fladvad Michigan, Walseth samme sted?

Hei, har gått gjennom den litteraturen eg har om utvandrarar frå Sunndal utan å finne nokon Ole Walseth eller andre som kan passe til denne personen. Heller ikkje mellom dei døypte og utflyttarane har eg treft på nokon god kandidat. Har òg søkt litt på Walseth-folk i andre fylke utan å få treff. Det...
av gj04325
21 feb 2013 09:04:17
Forum: Rauma
Emne: Ingebrigt Ingebrigtsson Morkestrand f. 1845 i Veøy
Svar: 1
Visninger: 422

Re: Ingebrigt Ingebrigtsson Morkestrand f. 1845 i Veøy

I nettutgåva av FT 1885 for Kristiansund har Ingebrigt vorte utstyrt med feil fødselsår:

http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/we ... =1187#ovre

Familien i FT 1900:

http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/we ... 10750#ovre

Helsing Knut.
av gj04325
20 feb 2013 23:15:25
Forum: Rauma
Emne: Ingebrigt Ingebrigtsson Morkestrand f. 1845 i Veøy
Svar: 1
Visninger: 422

Ingebrigt Ingebrigtsson Morkestrand f. 1845 i Veøy

Nedst på venstre side finn vi trulovinga i Kristiansund i 1878 mellom Ingebrigt Ingebrigtsson Morkestrand frå Veøy og Maria Eriksdotter Myrset frå Tingvoll. Kjelda er brannskadd, men namna på foreldra kan lesast, og i ein eigen notis i margen trer nokre andre sentrale opplysningar om Ingebrigt klart...
av gj04325
19 feb 2013 21:18:28
Forum: Tingvoll: Gards- og ættesoge for Tingvoll, bind 2-3
Emne: Bind 3/side 714 Havdal - Gammelbakken
Svar: 0
Visninger: 501

Bind 3/side 714 Havdal - Gammelbakken

Som barn til Henrik Sivertsson og Gurå Toresdotter er oppført desse tre: Gjertrud f. 1827, Nils f. 1830 og Tore f. 1833. Det viser seg at dei òg hadde ei dotter Marit f. 1824 (nr. 2): m Marit blir konfirmert i 1840 (nr. 13): m I 1846 får ho ei dotter Sigrid med Erik Nilsson Øverjordal (nr. 9): m Den...
av gj04325
19 feb 2013 20:45:11
Forum: Tingvoll: Gards- og ættesoge for Tingvoll, bind 2-3
Emne: Bind 2/side 032 Brevik
Svar: 0
Visninger: 502

Bind 2/side 032 Brevik

Her står det om Brit Olsdotter, som var gift med Jon Jonasson, at ho var frå Ålvundeidet og f. 1814. Rett fødselsår skal vere 1815. Ho kom frå plassen Holten på garden Øya i Øksendalen, og var dotter til Ole Larsson Hjellbøen og Anne Eriksdotter – sjå Sunndalsboka bind 4 s. 212. Her er dåpen til Bri...
av gj04325
19 feb 2013 20:26:31
Forum: Tingvoll: Gards- og ættesoge for Tingvoll, bind 2-3
Emne: Bind 3/side 423 Ormset - Ormsettrøa
Svar: 1
Visninger: 744

Bind 3/side 423 Ormset - Ormsettrøa

Ingeborg Einarsdotter f. 1828, dotter til Einar Olsson og Ildrid Olsdotter, blir det ikkje gjeve nokon fleire opplysningar om. Her blir ho konfirmert i 1845 (nr. 19): m I 1864 er ho registrert utflytta til Sunndal (oppgjeve fødselsår er eitt år feil) (nr. 18): m Same året blir ho gift på Sunndalsøra...
av gj04325
17 feb 2013 16:55:02
Forum: Sunndal: Sunndalsboka
Emne: Bind 4/side 169 Husby – Kroken
Svar: 0
Visninger: 712

Bind 4/side 169 Husby – Kroken

Her står det at plassen Kroken i 1805 vart bygsla til gjestgjevaren Nils Nilsson Rytter på Øksendalsøra, og at han same året vart gift (for andre gong) med Guro Larsdotter Røset. Brukaren av Kroken (gift med Guro Larsdotter) var Nils Nilsson Smiset . Han var etter alt å dømme son til Nils Sverkesson...
av gj04325
17 feb 2013 16:27:54
Forum: Sunndal: Sunndalsboka
Emne: Bind 4/side 159 Husby – Gjestgjevariet
Svar: 0
Visninger: 541

Bind 4/side 159 Husby – Gjestgjevariet

I oversikta over dei barna Nils Nilsson Rytter og Johanna Jonsdotter hadde som var døypt i Øksendalen, manglar det tre: Olaug f. 1806 (nr. 9, venstre side): m Nils f. 1809 (nr. 2, høgre side): m Jon f. 1812 (nr. 8, høgre side, høgre spalte): m Desse barna har bygdebokforfattaren nemnt under plassen ...
av gj04325
10 feb 2013 18:09:25
Forum: Sunndal: Sunndalsboka
Emne: Bind 5/side 146 Oppdøl - Oppdølsnausta
Svar: 0
Visninger: 515

Bind 5/side 146 Oppdøl - Oppdølsnausta

Om Magnhild Larsdotter f. 1842, dotter til Lars Bastiansson og Helga Paulsdotter, står det at ho døydde på Husby i 1861.

Dette er ikkje rett, for i 1872 vart ho gift med Ivar Einarsson, Oppdøl bruk nr. 2 – jf. bind 5 s. 138.

Her er vigselen med Ivar (nr. 7):

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-86
av gj04325
10 feb 2013 17:21:25
Forum: Sunndal: Sunndalsboka
Emne: Bind 5/side 066 Lia
Svar: 0
Visninger: 417

Bind 5/side 066 Lia

Her er familien til Kristoffer Trondsson og Ingeborg Jonsdotter omtala. Mellom anna er ein son Nils f. ca. 1743 presentert. Så står det vidare: Konen Ingeborg døde kort etter denne siste barnefødsel. Hun ”døde udi marken og var forvillet,” heter det om henne. Kristofer giftet seg på ny, men denne an...
av gj04325
06 feb 2013 23:23:41
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Ministerialbok, Kristiansund, Møre og Romsdal, 1887
Svar: 4
Visninger: 283

Re: Ministerialbok, Kristiansund, Møre og Romsdal, 1887

Mange takk til Paul Johan og Else for hjelpa!

Helsing Knut.
av gj04325
06 feb 2013 20:33:04
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Ministerialbok, Kristiansund, Møre og Romsdal, 1887
Svar: 4
Visninger: 283

Ministerialbok, Kristiansund, Møre og Romsdal, 1887

Eg treng hjelp til å tyde nokre ord i det som står i kolonna for dødsårsak. Det gjeld Lars Halvorsson Olderøi (den åttande personen ovanfrå): m "Ved Ulykkestilfælde, ....... at en Dynamitpakning som han bar i Lommen exploderede under hans Arbeide paa ........ ........ Eiendom i Eide Sogn." Håpar nok...
av gj04325
03 feb 2013 11:54:10
Forum: Sunndal: Sunndalsboka
Emne: Bind 5/side 300 Børset
Svar: 0
Visninger: 498

Bind 5/side 300 Børset

Einar Gunnarsson og Marit Bersvendsdotter hadde ein son Lars f. 1758, og om denne sonen står det at han døydde i 1768. Dette stemmer ikkje. Han er oppført som arving i skiftet etter faren frå 1776 (folio 651): m Denne Lars Einarsson er elles omtala under Lia bruk nr. 2 i bind 5 s. 71, og under Eide ...
av gj04325
03 feb 2013 11:03:57
Forum: Sunndal: Sunndalsboka
Emne: Bind 3/side 246 Hov - Håsen
Svar: 0
Visninger: 459

Bind 3/side 246 Hov - Håsen

Om husmannen Esten Eriksson står dette: ”Hans første hustru het Ingeborg Bjørnsdatter. Hun må være død omkring 1755.”

Desse opplysningane er feil. Sjå retting til bind 5 s. 68 (Lia):

https://slektsforum.slektogdata.no/view ... p?t=113242
av gj04325
03 feb 2013 10:43:30
Forum: Sunndal: Sunndalsboka
Emne: Bind 5/side 068 Lia
Svar: 0
Visninger: 453

Bind 5/side 068 Lia

Her står det at Esten Eriksson vart trulova med Ingeborg Bjørnsdotter i 1753. I kyrkjeboka ser vi at det var Esten Jordalen som Ingeborg Bjørnsdotter vart trulova med det året (nr. 12): m Dei vart vigd året etter (nr. 7 i høgre spalte): m Esten Jordalen var identisk med Esten Estensson på Nedre Jord...
av gj04325
01 feb 2013 13:13:18
Forum: Sunndal
Emne: Anders Børset, brent som trollmann!
Svar: 7
Visninger: 2440

Re: Anders Børset, brent som trollmann!

«Anno 1674 den 21 Julij holdtes Arffve Skifte paa Wirum i Sunndalls Thinglaug, effter Beret Joensdaatter til Rigtighet for hendes efterlate Mand Ejner Andersön og deres sammen Auflede Börne Nafnelig Laures, Maret, Brit, Anders och Giertru Ejnersdöttre som alle ere umyndige; hvorom paa deres Wegne n...
av gj04325
01 feb 2013 10:58:09
Forum: Sunndal
Emne: Anders Børset, brent som trollmann!
Svar: 7
Visninger: 2440

Re: Anders Børset, brent som trollmann!

Einar Andersson på Virom var første gong gift med Brit Jonsdotter. Ho var det skifte etter i 1674 (folio 196b): m Eg må ta atterhald om feil tyding, men for meg synest det her å kome fram at Einar hadde ein bror Anders Andersson som var formyndar for barna, og at Erik Børset var stefaren hans. Om de...
av gj04325
30 jan 2013 22:01:01
Forum: Sunndal: Sunndalsboka
Emne: Bind 3/side 050 Hol - Øststu
Svar: 0
Visninger: 458

Bind 3/side 050 Hol - Øststu

Om brukaren Lars Olsson I står det at han i første ekteskap hadde ei dotter, Beret, og at det er ukjent kven han da var gift med. Vidare er nemnt fire barn som han hadde med den andre kona si, Sigrid Anbjørnsdotter: Anbjørn f. ca. 1654, Nils f. ca. 1655, Ole f. ca. 1658 og Hågen f. ca. 1659. Så er d...
av gj04325
28 jan 2013 20:44:34
Forum: Sunndal: Sunndalsboka
Emne: Bind 3/side 032 Vinnavoll - Nedre Vinnavollhjell
Svar: 0
Visninger: 553

Bind 3/side 032 Vinnavoll - Nedre Vinnavollhjell

Om Lars Nilsson f. 1842, son til Nils Larsson og Helga Olsdotter, står det at han døydde som spedbarn. Dette er feil. Her blir han konfirmert i 1857 (nr. 18): m Utreise frå Sunndal til Amerika er registrert i 1873 (nr. 16): m Det var ein annan Lars Nilsson fødd same året som døydde som spedbarn, nem...
av gj04325
24 jan 2013 23:05:38
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Kirkebok for Steigen Nordland, 1882
Svar: 4
Visninger: 300

Re: Kirkebok for Steigen 1882

Den siste setninga var noko lettare å tyde i klokkarboka (nr. 12):

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-181

Det står vel: Hans Kammerat reddedes.

Helsing Knut
av gj04325
24 jan 2013 16:40:43
Forum: Kristiansund
Emne: Christopher (Johansen)Pedersen,f.27.5.1880. Hvor ble han av?
Svar: 11
Visninger: 1844

Re: Christopher (Johansen)Pedersen,f.27.5.1880. Hvor ble han

Hei! Eidsæter er eit gardsnamn i Kleive i Bolsøy. Vi finn ein Peder Eriksson Eidsæter døypt der i 1851 (nr. 10): m Det er nok den same Peder som tener på Kornstad i Kvernes i 1865: m Peder Eriksson Eidsæter blir konfirmert på Kornstad i 1866 (nr. 11): m I 1879 er han registrert utflytta frå Kvernes ...
av gj04325
20 jan 2013 22:34:12
Forum: Generelt
Emne: Tolking av innhald i skifte frå Sunndal 1678
Svar: 2
Visninger: 378

Re: Tolking av innhald i skifte frå Sunndal 1678

Eg hadde vel ein mistanke om at det i dette tilfellet måtte vere ein feil i bygdeboka. Men for meg var det mest opplysningane i tingboka som gjorde utslag, og ikkje skiftet, som eg syntest var noko tvetydig i innleiingsdelen. I bygdeboka står både Lars Olsson I og etterfølgjaren Lars Ingebrigtsson o...
av gj04325
20 jan 2013 17:35:43
Forum: Generelt
Emne: Tolking av innhald i skifte frå Sunndal 1678
Svar: 2
Visninger: 378

Tolking av innhald i skifte frå Sunndal 1678

Denne saka gjeld korleis noko av innhaldet i eit skifte skal tolkast. For å gje nødvendig bakgrunnsinformasjon siterer eg nedanfor det meste av det som står i bygdeboka (Sunndalsboka bind 3 s. 50) om brukaren Lars Olsson I på garden Hol i Sunndalen, og etterfølgjaren hans Lars Ingebrigtsson: ” Lars ...
av gj04325
20 jan 2013 14:19:57
Forum: Nordmøre - ukjent kommune
Emne: Skomakaren Wulf i Sunndal - kven var han?
Svar: 5
Visninger: 1865

Re: Skomakaren Wulf i Sunndal - kven var han?

Sjølsagt har du rett i at ein aldri kan stole fullt og heilt på sekundærkjelder, Tore. Skal ta ein titt i originalen ein gong det passar. Skulle det dukke opp Wulf-folk der vil det iallfall vere interessant.

Helsing Knut.
av gj04325
20 jan 2013 13:00:28
Forum: Nordmøre - ukjent kommune
Emne: Skomakaren Wulf i Sunndal - kven var han?
Svar: 5
Visninger: 1865

Re: Skomakaren Wulf i Sunndal - kven var han?

Hei Sveinung, og takk for innspel. Eg har kjent til denne Peder Andreas Wulf fødd i Sunndal, men så lenge den tidlegare nemnde skomakaren er ukjent, er det vel uråd å vite om desse to var i slekt. Elles finst det ikkje nokon personar med namnet Wulf i FT 1801 for Sunndal.

Helsing Knut.
av gj04325
19 jan 2013 15:37:55
Forum: Folk på vidvanke - strays
Emne: Fron - Sunndal, Jacob Nicolaisson, barn døypt 1802
Svar: 1
Visninger: 807

Fron - Sunndal, Jacob Nicolaisson, barn døypt 1802

Frå : Fron, Oppland Til : Sunndal, Møre og Romsdal Kjelde : Møre og Romsdal fylke, Sunndal, Ministerialbok nr. 590A02 (1794-1820), Fødte og døpte 1802-1803, nr. 36 på venstre side: m Kjeldetekst : "it. døbt Et uægte P:B: Maret. Test: Iver Gravem, Lar Audensen, Halvor Larsen. Faderen Jacob Nicolaise...
av gj04325
15 jan 2013 20:22:01
Forum: Frøya
Emne: Opplysningar om Knut Hågensson Gravem frå Sunndal
Svar: 4
Visninger: 1053

Re: Opplysningar om Knut Hågensson Gravem frå Sunndal

Takk for den opplysninga, og for oversikta over etterslekt motteken i privat melding. Ved dåpen til Ovidia Christine ser eg det er notert at dette var det andre leiermålet til faren. Og det viser seg at Knut Hågensson året før hadde fått ei dotter Anne Charoline med Hanna Hansdotter Godhavn (nr. 208...
av gj04325
14 jan 2013 23:28:39
Forum: Frøya
Emne: Opplysningar om Knut Hågensson Gravem frå Sunndal
Svar: 4
Visninger: 1053

Re: Opplysningar om Knut Hågensson Gravem frå Sunndal

Hei Solveig Marie - dette var svært interessant, så om du sender meg ein PM takkar eg så mykje for det.

Helsing Knut.
av gj04325
14 jan 2013 21:05:15
Forum: Frøya
Emne: Opplysningar om Knut Hågensson Gravem frå Sunndal
Svar: 4
Visninger: 1053

Opplysningar om Knut Hågensson Gravem frå Sunndal

Denne saka gjeld Knut Hågensson Gravem, f. 1832 i Sunndalen, som slo seg ned som skreddar på Frøya. Her er den kunnskapen eg så langt har fått tileigna meg om livet hans der: I 1865 oppheldt han seg på Tuvnes. Så vart han i 1868 gift med Gurianna Arntsdotter Dyrøy. Denne kvinna var f. 1840 i Frosta ...
av gj04325
12 jan 2013 18:09:11
Forum: Sunndal
Emne: Anders Jacobsen Hoven sine aner
Svar: 34
Visninger: 11601

Re: Anders Jacobsen Hoven sine aner

Hei Kjell. Kan det ikkje vere same barnet som blir døypt i november året før? (Nr. 36, venstre side): m Dette passar iallfall ganske bra med den oppførte alderen på den gravlagde, og både kjønnet til dåpsbarnet (som er kalla Marit) og førenamnet på faren (som var Jakob Nicolaisson frå Fron) stemmer....
av gj04325
04 jan 2013 22:49:15
Forum: Tingvoll
Emne: Anders Christophersen Havstad og Brit Christophersdr Almskår
Svar: 14
Visninger: 2865

Re: Anders Christophersen Havstad og Brit Christophersdr Alm

Da får vi rette søkjelyset på Erik Larsson, far til Magnhild. Som vi såg ved dåpen til Magnhild i 1841, var ho resultatet av det andre leiermålet hans. Vi bør derfor finne det første. Den einaste Erik Larsson eg har registrert med uekte barn i tida før, og som passar, er den Erik Larsson Husby som i...
av gj04325
03 jan 2013 21:40:36
Forum: Tingvoll
Emne: Anders Christophersen Havstad og Brit Christophersdr Almskår
Svar: 14
Visninger: 2865

Re: Anders Christophersen Havstad og Brit Christophersdr Alm

Lat oss først sjå nærare på denne Ingeborg Endresdotter, mor til Magnhild. Eg er nokså sikker på at det var same kvinna som i 1849 vart gift med Even Samuelsson Brandstad på plassen Steinen under Sandbrekka i Øksendalen – jf. Sunndalsboka bind 4 s. 371. Kronologien stemmer godt, og Sjølset er naboga...
av gj04325
03 jan 2013 15:14:06
Forum: Tingvoll
Emne: Anders Christophersen Havstad og Brit Christophersdr Almskår
Svar: 14
Visninger: 2865

Re: Anders Christophersen Havstad og Brit Christophersdr Alm

Dette er rette personane. I kolonna med foreldreopplysningar står dette: Ungkarl og Tjener Erik Larsen Valset og Pige Ingeborg Endresdatter Sjølset. Hans 2det, hendes 1ste Leiermaal. I kolonna lengst til høgre er det notert: Af Gaardmand Ole Arntsen Valset Eg meiner desse personane skal vere omtala ...
av gj04325
29 des 2012 21:39:54
Forum: Tingvoll
Emne: Anders Christophersen Havstad og Brit Christophersdr Almskår
Svar: 14
Visninger: 2865

Re: Anders Christophersen Havstad og Brit Christophersdr Alm

Jeg er ikke trent til å se hva som står under anmerkninger i kollonnen til høyre. Så hvis noen klarer å lese det så det flott Hei. I den høgre kolonna står først dette så vidt eg kan sjå: Opgivet af Barnemoderen. Manden hendes Ole Olsen Fjøseide har været i America 6 Aar . Deretter kjem det noko te...
av gj04325
29 des 2012 15:44:20
Forum: Surnadal: Gards- og ættesoge for Surnadal
Emne: Bind 2/side 383-384 Pollen II
Svar: 0
Visninger: 971

Bind 2/side 383-384 Pollen II

Her er oppført dei 13 barna som Eivind (Even) Toresson hadde i to ekteskap. Fleire av desse sønene og døtrene står det ikkje noko om skjebnen til. Det gjeld til dømes sonen Johannes, som ifølgje bygdeboka var f. 1771. Det var skifte etter denne Johannes Evensson på Virom i Sunndal 23. mai 1803, og i...
av gj04325
28 des 2012 18:55:29
Forum: Aure
Emne: Nils Evensson Nord-Tørset 1801 -oppslag i Gardtales i Aure
Svar: 6
Visninger: 1351

Re: Nils Evensson Nord-Tørset 1801 -oppslag i Gardtales i Au

Mange takk til Kjell og Tore! Eg har kome over ei kjelde som viser at denne Nils Evensson/Øyvindsson var frå Pollen i Surnadal, men kan konstatere at dette ikkje kjem fram verken i bygdeboka for Aure eller i dei andre kjeldene det blir vist til ovanfor. Eg kjem tilbake til denne saka i ein ny tråd. ...
av gj04325
27 des 2012 16:21:14
Forum: Aure
Emne: Nils Evensson Nord-Tørset 1801 -oppslag i Gardtales i Aure
Svar: 6
Visninger: 1351

Nils Evensson Nord-Tørset 1801 -oppslag i Gardtales i Aure

På Nord-Tørset i Aure finn vi i 1801 ein brukar Nils Evensson:

http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/we ... =1451#ovre

Eg skulle gjerne ha visst om det i "Gardtales i Aure" står noko om avstamminga til denne Nils, eller kvar han kom frå.

Håpar nokon som har tilgang til denne bygdeboka kan tenkje seg å sjå etter.

Helsing Knut.
av gj04325
16 des 2012 20:48:02
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Kirkebok, Stangvik, Møre og Romsdal 1867
Svar: 4
Visninger: 682

Re: Fadrane til Lars Engelson Huusbye

Hei Magnar - det er ein børsemakar H. Hoaas her òg, og han hadde ei dotter Synnøve: m Denne børsemakaren var Halvor Gunnarsson, son til Gunnar Halvorsson, Hoås bruk nr. 2. Om det var slektsband mellom denne familien og familien til Engel Husby kan eg ikkje svare på her og no, men det har du kanskje ...
av gj04325
12 des 2012 09:48:33
Forum: Sunndal
Emne: Jon Pedersen og Anne Hansdatter
Svar: 4
Visninger: 1074

Re: Jon Pedersen og Anne Hansdatter

Her er ein tråd som òg handlar om Jon Pedersson og Anne Hansdotter:

https://slektsforum.slektogdata.no/view ... ven#187607

Knut.
av gj04325
12 des 2012 09:28:05
Forum: Sunndal
Emne: Soldat Anders Hoven
Svar: 4
Visninger: 1096

Re: Soldat Anders Hoven

Eg kom på at denne Anders Hoven har vore framme her i forumet før:

https://slektsforum.slektogdata.no/view ... ven#348197

Knut.
av gj04325
11 des 2012 18:23:56
Forum: Sunndal
Emne: Soldat Anders Hoven
Svar: 4
Visninger: 1096

Re: Soldat Anders Hoven

Denne Anders Hoven prøvde eg òg ein gong å finne ut kven var, men utan å lykkast. Ein muleg kandidat kan vere den personen som Linda viser til. Denne Anders må vere identisk med den seinare husmannen på Østre Veitvollplassan på Furu (Sunndalsboka bind 3 s. 164). Han vart gift i 1819, og med ho som v...
av gj04325
10 des 2012 21:41:56
Forum: Sunndal
Emne: Randi/Rannei Olsdatter Børseth/Valset f.1819
Svar: 13
Visninger: 1894

Re: Randi/Rannei Olsdatter Børseth/Valset f.1819

Ja det er nok mykje sannsynleg at dette er ho som tente på Røyhjellen, og/eller ho som fekk barn i 1806 og eventuelt i 1819. Det går fram at ho oppheldt seg på Løken (eller Løykja som gardsnamnet blir skrive i dag) da ho døydde. (Det er elles to med namnet Løken som opptrer som fadrar ved dåpen til ...
av gj04325
09 des 2012 17:49:16
Forum: Sunndal
Emne: Randi/Rannei Olsdatter Børseth/Valset f.1819
Svar: 13
Visninger: 1894

Re: Randi/Rannei Olsdatter Børseth/Valset f.1819

Ved dåpen til Guro i 1848 (lenkja til Tone viser til feil kyrkjebokside) står det at dette var Randi Olsdotter sitt 4. leiermål med 2 forskjellige. Da var det nok same kvinna som hadde dottera Gjertrud f. 1845 med Esten Sivertsson Valset - jf. lenkja i første innlegg. Randi og Esten hadde nemleg fåt...
av gj04325
08 des 2012 23:43:01
Forum: Sunndal
Emne: Randi/Rannei Olsdatter Børseth/Valset f.1819
Svar: 13
Visninger: 1894

Re: Randi/Rannei Olsdatter Børseth/Valset f.1819

Om du rettar ein forespørsel til kyrkjekontoret i Sunndal, får du nok tilgang til den aktuelle kjelda der.

Knut.
av gj04325
08 des 2012 23:22:25
Forum: Sunndal
Emne: Jon Pedersen og Anne Hansdatter
Svar: 4
Visninger: 1074

Re: Jon Pedersen og Anne Hansdatter

Hei! Jon Pedersson er omtala som ukjent i Sunndalsboka, men han var altså f. ca. 1779. Vi finn ein med dette namnet døypt det året, og som kan vere same personen (nr. 23, venstre side): m Barnet var fødd utanom ekteskap, og som foreldre står oppført Peder Johansson og Møyfrid Estensdotter. Ein muleg...
av gj04325
08 des 2012 19:17:37
Forum: Sunndal
Emne: Randi/Rannei Olsdatter Børseth/Valset f.1819
Svar: 13
Visninger: 1894

Re: Randi/Rannei Olsdatter Børseth/Valset f.1819

Hei! Dette er ei vanskeleg sak. Eg har desse personane i materialet mitt, men har ikkje lykkast i å fastslå den korrekte avstamminga til foreldra til denne Randi. Faren Ole Olsson kan ha vore (som du skriv) ein av sønene til den Ole Olsson Torske som var brukar på Linset. Sonen Ole f. 1775 kan vere ...

Gå til avansert søk