Eg fekk ein idé, men er vel på tynn is. Kva med 'Tzjumet' ? Får ein assosiasjon til 'skjoma' som er eit uttrykk eg høyrde som liten. Meiner at det vart brukt til å beskrive ein farge som varierte i mørke og lysare nyanser.
Kai
Takk igjen!
Ikkje alle desse gamle orda er like lett å forstå! Har aldri før høyrt om 'Omprøvelses Vederlaug' Men det var vel uttrykk dei brukte den tida.
Kai
Takk for retting!
På linja over står blaae Gied, og då trur eg den må vere same dyret, sidan det står do.
eg har lurt på 'naaset' og 'kiaket' men har ikkje fått det til å stemme, Kaabet er nok rett.
Kai
Og her siste spørsmålet: Aar 1838 den 11te Juni blev Ret sat i Handelsmand L. Wensells Hus paa Søholdt til aa …….. Afholdelse? i nærværende Dødsbo Retten administreres ved Soren- skriver Holmboe i Nærvær af Vid- nerne Jørgen Peter Aagesen Grebstad og Iver Størkersen Udgaard Hvor da: Siste ord i 3. l...
Enkemanden frafaldt ……
vahre Vederlaug af Boet.
Da ingen for denne gang havde
mere at begire Boet til Indtægt
eller Udgift blev Forretningen
sluttet Datum ut supra
paa velbaarne Hr. Sorenskri-
ver Holmboes Vægne
Otte Glomset
Eg held på å tyde eit skifte frå 1838. Det er på sju A4 sider. Har greid det meste, men der er nokre ord eg treng hjelp med. For å få det oversiktleg legg eg det inn som fire tema. Her det første. Helsing Kai Løseth 1 sort og rekket kollet Koe kaldet Pryde for 1 sortsidet kollet do kaldet Linros 1 b...
Har problem med tyding av alt i skiftet. Det er spesielt siste ting under 'Sølv' eg har problem med. Verdien på dette er 2-1-8 (riksdaler-mark-ort?), ca. det dobbelte av mest verdifulle sølvskei. Her er mitt forslag: Sølv 1 Sølvskee merket J O S – 1651 1 Dito med Knap paa 1 fladskaftet skee merchet ...
Takk Remi!
Du har sikkert rett. Det gir i alle fall meining. Dei to siste orda 'et riktig' ser også eg no. Foeret har eg framleis litt problem med.
Helsing Kai
Fadd. til Anne er største utfordringa for meg, men her er fleire på forumet som sikkert greier det. Her er eit forslag:
Anna Torstensdatt. Halebech, Pig[e] Dorte Guldbrandsdatt. Foss, Anders Halebech, Anna? ?? Holen, Mads Biørnebraatten.
Fadd. på Anders les eg slik:
Kon[e] Brite Aasmundsdtr. Biørnebraatte, Pig[e] Sigrie Christensdtr. Skorum, Gunmund Biørnebraatte, Truels Olss. Hoel af Skidt? ved Sogn, Drengen Hogen Danielsen Moe
Mvh Kai
Den 8. januar 1731 hende Skafjellulykka i Storfjorden. Ulykka er omtala i kyrkjeboka nesten nederst på side 291: m Eg les det slik: 'd. 8de Jan. om aftenen Klocken 10 blev Strands Kircke beskadiget af en vandflod foraarsaget af et field som paa den Nordre side af fioren udbrast. Kaldet Rammert?field...
Til Ivar: I dag var eg innom biblioteket og undersøkte omkring Bjørkavåg i 'Sulasoga' og 'Borgund og Giske'. Der står det at før 1700 vart denne garden kalla Galtevåg."Namnet kjem av galte, n., gris, ofte brukt på skjer og fluder som ligg til meins for ferdsla. Steinane Galtane ligg på sørsida av vå...
Til Ivar: Eg har ikkje bygdebøkene for Borgund slik at eg kan finne ut om Galtevog, Bjørkavåg og Jomfru Lisebet. Då må eg på biblioteket ved høve. Om vi tar dei fem første bokstavane i det du les som Galtevog og dei fem førse bokstavane i det 'mystiske' ordet ser det nokså identisk ut. Spørsmål om d...
Takk til alle som prøver å hjelpe Veit ikkje om det er råd å kome nærmare ein konklusjon. Eg kjenner berre ikkje dette namnet.
Til det siste ordet - godt at det var pige. Og kvifor skil han mellom pige og tøs? Eg søkte på 'tøs' eg fekk då nokre treff som virka litt "suspekt":
http://www.caplex.no/Web/ArticleView.aspx?id=9338846
Familien er frå 'Hundevigen' altså det som heiter Hundeidvik i dag. 'Mørset' er i dag Myrset og 'Mitgaar' er Midtgård. Eg syest som deg, Vibecke, et det ender på -bost. Og det er det som er utfordringa!
Midt på side 239, dåp 2. november. m Trur eg har greid det meste: 'Lars Persøn Mørset i Hundevigen en Marthe til daaben. Fadd: Ole Siursen Megaard, Tosten Knuds. Giære, Elli Olsdatter Haltebost? bar barnet, Kari Mørset, Siri Knudsdatter Mitgaar, pgs?' For det første: Kva er etternamnet på ho som ber...
Dette gir då same meining i begge bøkene, sjølv om ordlyden er ulik. Det ein kanskje ikkje kan konkludere med er om det det var eit fysisk slag frå eit eller anna som gjorde at han fall, eller om omgrepet 'slag' på den tida også kunne vere 'medisinsk' meint. (Hjerneslag, hjarteslag). Takk til alle f...
Bra, Ivar, at du kunne 'godkjenne' det eg kom fram til. Men det eine ordet er vanskeleg. Eg har tenkt at det kunne vere at han utfor noko liknande eit stup. Eit eller anna i naturen. Eit anna alternativ om han fall over ein eller annan gjenstand. Har snakka med eldre folk i slekta, men ingen veit no...
Les det slik:
Mandagen d 23 Junii troelovet ved Gran Soldat Hans Hansen og Inger Madsdatter Molstad. Cautionister. Halvor H.G.S Gulbrandsen Hans H. I. S. Jonsen
Initialane står for H[alvor] G[ulbrand]S[en] vil eg tru. I vart ofte brukt for J, altså for Jon.
Gaardbruger Ole Pedersen, død 11 aug 1831 er min 2x tippoldefar. Der står ein kommentar som eg ikkje kan tyde heilt. Eg les det slik: 'Fik et Slag i Udmarken og styrtede da udover en ???? hvorved Hovedet blev saa forslaaet at han døde 24 Timer efter' Er det rett så langt, og kva er ordet som mangler...
Takk til Remi og Else! Det er klart at det hadde vore ein fordel med meir tekst å studere, men eg har dessverre ikkje meir. Eg lurer litt på 'Klar' om det kan vere 'Klage' ??? For det er vel stor K, og då mest logisk eit substantiv? Det ville kanskje gi meining. Men eg er klar over at eg er på tynn ...
Eg har problem med tyding av fadderar til mi tipptippoldemor Anna Olsd. Barlindbreche.
Står fast der spørsmålsteikna står.
'Fadd: Lars Strøme, Nicolai Astrup, Capit. ???, Ane ???, Ingelev Broute'
Øverst på side 1068
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-256
Eg skulle ha lese litt lenger nedover (heilt til slutt for 1724). Der står:
'Løverdagen d. 8. April blev den Soldat Ole Arnesøn Abelviig publice absolverit som har begaaet leyermaal med Anne Knudsdatter ibidem. hand var een gift mand'
Det var same dagen som dottera Karen vart døypt.
Eg kan ikkje nok om Publique absolution, og det er ikkje lett å forstå tankegangen, synest eg. Karen vart døypt 8. april, og vart ’1 fierding aar og 14 dage’. Det skulle vel bli 3 ½ mnd. ’Domca XII à Trint’ var kanskje juli/aug? Karen vart vel då fødd ein av første dagane i april, vil eg tru. Det vi...
I innlegg 25. april 2008 skriv Remi: 'Den 13. okt. 1731 trolover han seg med Anne Knudsdatter (Skodje kirkbok, side 12, hø. side). Hun står som "føer besofvet" Forlovere er Corporalen Knud Siursøn Ytter Schove og Siur Zachariesøn ibidm. (Disse navnene har vi vært bort i før som faddere) Den 19. jan ...
Ad tyding i skiftet etter Elling Nilssen. Eg skreiv til Statsarkivet i Trondheim og spurde om dei kunne vere snill å sjå om den aktuelle setninga var lettere å lese i originaldokumentet. Fekk dette svaret tilbake i dag: Nederst på fol. 60 i Sunnmøre skifteprotokoll 19 (1785-88) står det: "Søn Knud E...
Takk for svar, Ivar! Ja, dett var vanskeleg. Når du skriv Maskinistgata reknar eg med at det er der ein finn originaldokumentet, og kanskje får ein lov å sjå om det er lettare å lese der i enkelte høve? Eg spurde i Statsarkivet ein gong om kopi av eit skifte, men fekk då som svar at protokollar som ...
Ein fin sommer er over og dermed vert det meir inneaktivitet. Jakta på Ellev Knutsen sitt opphav har resultert i mange interessante innlegg her på forumet, kanskje ikkje så lett å halde oversikta. Gjennombrotet manglar, sjølv om eg personleg ei tid har hatt kjensle av at ’Skodjesporet’ er mest sansy...
Ja, forslaget til Arild kjøper eg! Mange av tinga er beskrevne som t.d. ' 1 nyt Storsildegarn', '1 brugt Storsildegarn', ' 1 god Vadmels Trøie', '1 ringere do' o.s.v. Takk til Arild!
Mvh Kai
Takk for forslag, Else! Var inne på det same, men kan ikkje forstå kva som ligg i ordet, ettersom det er første gongen det det er nemnt i skiftet. Ved fordelinga av buet seinare står akkurat det same.
mvh Kai
Eg held på å reinskrive eit skifte frå 1835. Det går stort sett greit, men eg står fast på eit ord. Legg ved 2 eksempel der ordet er med. Eg har sikkert sett meg "blind" på ordet og treng hjelp!
Mvh Kai Løseth
Dette er artig! Her er det som står om han i Gardssoga for Sykkylven, bd 4: 'Rasmus Knutsen Løset f 1818 (son til Knut Ellevsen Løset bnr 1) g 1 N. N. g 2. 1866 Berte Johanne Olsd. Frøland f ca. 1825 i Hjørundfjord. Barn: Jørgine f 1852, g 1873 Lars Bastian Lassesen Rønes, bustad Hjelle- gjerde. Sjå...
I Ministralbok Tranøy 1844 – 1855 er Jørgine Fredrikke døypt 25/7-1852, No 36
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-82 ’Grdm. Rasmus Knudsen og kone Hanna Birgitte Nilsdatter.’ Men kva står etter Nilsdatter? Dyberg? Nokon som er lokalkjendt og kan tyde?
Mvh
Kai Løseth
Og her er giftermål i 1847, no 24:
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-177 Eg les det som: 'Han fød i Løset og er nu i Faarsaa, hun fød i Ørbostad i Ibestads Præstegield'
Det er er litt vanskeleg å lese pga svak skrift, og eg er heller ikkje kjend i området. Andre forslag?
Tusen takk for respons Prøvde først rådet til Liv Sølvi, men ingen treff. Det var Tore som traff blink! Her er dåpen til eldste dotter, Berthe, i 1848, nr 12: m Foreldre: Rasmus Knuden Snidker og Kone Hanne Bergitte Espejord. Neste barn, Jens Nicolai, nr 23: m Foreldre: Gaardbruger Rasmus Knudsen og...
Hanne Birgitte var gift med Rasmus Knudsen f i Ørskog 1818, no 20 m I FS står dette om Hanne Birgitte: Fødd 1823, Stenvaag, Ørskog, Møre og Romsdal Har leita under Ørskog 1823 uten å finne dåpen. Tenkte på Stenvåg i Ålesund, men kan ikkje finne ministralbok eller klokkerbok for døypte i 1823. Nokon ...
Takk til May Kristin og Vibecke for engasjement! Det er rette personane i folketeljinga både for 1801 og 1865. Dei hadde ei dotter Anne Helene f 1780. Denne Gjøe , Peder Rødalens barn har eg også registrert. Når ein les i desse gamle kyrkjebøkene er der forskjellige ting som dukkar opp. For året 173...
Ole Olsen er min 3x tippoldefar. Han vart gardbrukar på Ramstad i dåverande Ørskog kommune, no Sykkylven kommune. I Gardssoga for Sykkylven står det at han var gift med Gjøe Pedersd. Fremste Årset f 1740 i Nordalen. Eg har prøvd å leite etter dei i kyrkjeboka for Norddal, utan resultat. Nokon som kj...
Det vert kanskje meir forvirring. Men i oversikt over husmenn under bnr 8 Ramstad finn eg i Gardssoga for Sykkyvlen, bd 4, side 68: Halkjell Gregoriussen Fivelstad f ca. 1748 på Hole i Geiranger, d 1831 g Gjertrud Gulliksd. Melset f 1750 d 1825 Born: 1. Gregorius, g 1. Ragnhild Amundsd. Gjørva, g 2....
Eg veit ikkje om dette kan vere den same Hallkjell Gregoriussen, men i Gardssoga for Sykkylven, bd 4, side 169 finn eg dette: Gullik Olsen Melset f 1725 d 1776 g 1. 1746 Gjertrud Pedersd. Ramstad f 1721 (dp 1/1 1722 ) d 1749 Sjå s 100 g 2. Ingeborg Sjursd. Svarteløk Br 1746-1776, enkja til 1778 Born...
Eg var 2 gonger til på biblioteket i Ålesund for å leite etter skifte. Når det gjeld ’Vaksviksporet’ er status: Skifte etter Anne Knudsdatter Vaksvik i 1769 som er referert tidlegare her på tråden nemner ingen Ellev. Skiftet etter Knud Andersen Vaksvik, død 1740 finn eg ikkje. Skreiv til Statsarkive...
Gravfestet 23. feb. 1806 (det var en søndag). Død 3. feb. Alder 98 - 3 - 3 . Det står vel for år - mnd - uker. Dødsårsak (Endeligt) Alderdom
Linjen under er den neste som ble gravfestet den dagen, Kari Pedersd.
No er det klart. Berte Olsd. Hove f. 1777 var ikkje frå Andersgarden, men Skaffargarden. Foreldra var Ole Knudsen Dyrkorn Hove f. 1735 og Olave Andersd. Skjortnes f. 1753. Det var skifte etter Olave Andersd. den 25. feb. 1809. Eg har funne skiftet etter henne, og der er 'mi' Berte Olsd. oppgitt som ...
Det ser ut for at det kan vere feil det som står i første innlegget. Opplysningane hadde eg frå Stordalsboka. Men no har Kristian Almås tipsa om at der også var ei Berte Olsdatter Hove i Skaffargarden på Hove, også ho fødd i 1777. Har gått gjennom dåpen til Berte Olsdatter og Knut Ellevsen sine born...
Det har etterkvart blitt mange innlegg med svært mange opplysningar - takk vere god hjelp frå mange. Eg får sterkare kjensle av at Ellev Knudsen frå Skodje er 'min' Ellev. Skal prøve å resymere litt: Frå innlegg eg hadde 1. mai: 'Eit anna poeng er at der står ein Ole Abelvig som formynder for Ole Kn...
Nei, denne Anne Knutsd. var ikkje mor til 'min' Ellev. Det må vi vel kunne fastslå då. Og det kan vel heller ikkje vere ei anna Anne Knutsd. Vaksvik det var skifte etter same året.
I bygdeboka for Ørskog er det ikkje vist til noko skifte.
Kai
Anne Knudsdatter hadde halvsøskjen ('half Broder og half Søster'), same mor, men ulike fedre. Takk for oppklaringa, Ivar. Men vi er like langt (kort). Når det gjeld skiftet etter Knud Ellevsen greier eg heller ikkje tyde det som står på linje 8 og 9. Har lurt på ' I Egteskab afflede 3 Børn' men får ...
Det har blitt nokre timar på biblioteket. Leita etter evt. skifte etter Ane Knudsdatter Yttre Schoue, gravfesta 28. jan. 1766. Dette har eg ikkje funne. Men det kan vere der, utan at eg har funne det. Har ikkje funne register, og då kan det vere lett å oversjå. Det er heller ikkje alltid kronologisk...
Ja, det er klart eg må tilbake til biblioteket! Både for å prøve å få betre kopi av skiftet etter Knud Ellevsen i 1750, og leite etter dei to Anne Knudsd. No har eg sett i 'Borgundboka' som omtaler Olsvik. Der står det: 'Bruksnr. 5, Andersgarden. Vart fråskilt Bruk ll i 1740 (sjå ovanfor). 1. Knut T...
Ja, Helge det er ikkje berre du som synest at det er blitt ein interessant debatt! Og til Ivar, eg skjøner godt kva du meiner - at vi ikkje har prov for at Ellev Knudsen frå Skodje er han som kom til Løset. Du spør om der var noko å dele i skiftet i 1750. Det eg greier å lese er eit par sider det er...
I går var eg innom biblioteket i Ålesund. Skifteprotokoll for 1740 greide eg ikkje å finne, sjølv med god hjelp frå folk på biblioteket. Der var fram til 1739, og så vidare frå 1741. Vil skrive til Statsarkivet i Trondheim og spørje om dette. Eg fann derfor ikkje noko om Knud Andersen Vaksvik. Men K...
Ja, eg skal legge ut det eg måtte finne! Elles ser eg i boka 'ØRSKOG KOMMUNE 1837 - 1937 at prestane frå 1759 er nemnde: Niels Astrup 1759-1792 Nicolai Astrup 1792-1802 Joachim Kjelstrupb1802-1818 Lauritz Jessen 1818-1829 Henning Kaurin 1830-1839 Fredrik Krabbe 1840-1864 ---------- osv. At ein prest...
Superlativet som beskriv innsatsen omkring kartlegginga av Ellev Knudsen er enno ikkje oppfunne! Her er det 'harde fakta' i massevis. Kanskje kan det i neste omgang gi grunnlag for endring/supplering av bygdebøkene? Med så mykje opplysningar som no ligg føre gjeld det å halde tunga rett i munnen. Re...
Eg er heilt overvelda over arbeidet de har lagt ned. Stor takk til alle Eg har framleis god magefølelse for Skodjesporet, sjølv om det veksler noko. Eg har sett i Sykkylvsboka at eit barn kan mangle totalt i ein søskjenflokk. Og det skal vel godt gjerast at ikkje slike feil skjer. Frå Skodjeboka: Kn...
Hei Remi! Det er vanskeleg å kome vidare, har leita gjennom Lande Øvre og Lande Nedre 3 gonger - utan å finne nokon Knud Andersen. Det kan vel vere feil i bygdebøkene - som du skriv. Men kanskje kan der også vere ein såkalla 'trykk - Leif' i kyrkjeboka? Og så er det dette med namneskifta som komplis...
Eg har funne gravfestinga for Knud Andersen Vaxvig 14. august 1740 i kyrkjeboka for Ørskog, midt på side 508: m Då er dei oppgivne date for han rette i Ørskogboka, oppgitt å vere 54, som stemmer med 1686 - 1740. Sonen Ellev er oppgitt å vere fødd 1730. Den 'andre Ellev' vi har vore innom var fødd 17...
Du treng ikkje orsake deg, Remi! Tvert i mot er eg takksam for alle tankekraft. Eg skal snakke med handelsmannen - som heilt rett er min fetter! Han har sikkert dine 'personalia' slik at vi kan avtale kopiane du er interessert i. Eller du kan stikke innom når du er på desse kantar? Ivar og Helge opp...
Hei Ivar! Medan eg skreiv innlegget hadde du alt publisert eit nytt. Spørsmålet om kvar 1. kona Guri Pedersd. var frå veit eg ikkje. Men for å finne 2. kona gjekk han berre til nabobruket! Her er det som står i Sykkylvsboka: Paul Olsen Velle ca. 1710 d 1799 g 1745 ek. Marte Persd. Løset f Lade, d fø...
Kom seint heim frå arbeid i kveld, ser at Ivar har nytt innlegg, og at Vibecke allereie har svart på det som står i Ørskogboka - takk for det! I Sykkylvsboka står at Ørskog kyrkje eigde 2 mællag i Løset i 1515, i 1524 1 mællag, i 1624 1/2 v 18 mk. Seinare på 1600 - talet vart Ørskog kyrkje eigar av ...
Her er det som står i Gardssoga for Sykkylven, tidlegare gnr 45 bnr 1: Ellev Knutsen Vaksvik f ca. 1730 d 1802 g 1. Guri Pedersd. d 1766, 33 ½ år g 2. 1767 Marte Paulsd. Løset R (bnr 2) f 1746 d 1813 Br 1760-1799 Barn i l. ekteskap: 1. Knut f 1766, d 9 dg Barn i 2. ekteskap: 2. Guri f 1768, g 1797 O...
I Ørskog gjennom tidene står det utan reservasjon at Ellev Knudsen var fødd 1730, og i Gardssoga for Sykkylven f. ca. 1730. Eg hadde derfor leita på dette årstalet. Men også etter 1801 folketeljinga, som Helge viser til, skulle han vere fødd 1735, og det passer med dåpen. Ved 1. giftermål i 1760 stå...
Takk Ivar! Eg har funne det du viser til i Kyrkjeboka for Skodje. Synest ikkje alt er like lett å tyde, men har greid å tyde noko. 'Feste ??? Santos: Døbt ved? Ørskov? Knud Ellevsen Skøyes Søn, N: Elling' Og så står fadrane innførde. Det tyder kanskje at det var nøddåp heime, og så stadfesta i kyrkj...