Søket gav 421 treff

av Arnfinn Kjelland
06 apr 2008 20:19:26
Forum: Hyllestad
Emne: Er det noen som kan fylle inn mer på dette kartet
Svar: 2
Visninger: 1965

Re: Er det noen som kan fylle inn mer på dette kartet

Utan at eg klarer å lese samanhengen av det skjermbildet som er utlagt, kan eg i alle fall opplyse at informasjon om Hansine Arnesdotter finn du i Busetnadssoga for Volda band 2 s. 111, under Tylet, Ytre Folkestad.

Heimeside: http://tilsett.hivolda.no/ak/Voldasoga/Voldasoga.htm
av Arnfinn Kjelland
11 mar 2008 13:32:08
Forum: Lesja
Emne: Ole Nilsen f. ca 1793 "trulig" fra Lesja
Svar: 2
Visninger: 1272

Re: Ole Nilsen f. ca 1793 "trulig" fra Lesja

Dessverre ikkje noko spor etter nokon person med dette namnet frå denne tida i dåverande Lesja prestegjeld (som òg omfatta Dovre og Øvre Folldal annekssokn). T.d. ingen funne i kyrkjebøkene, som ligg tilgjengeleg for søk her: m Heller ingen ON funn i tilfeldig kjeldemateriale og innført i bygdebøken...
av Arnfinn Kjelland
23 feb 2008 17:39:51
Forum: Rauma
Emne: Øien i Romsdalen?
Svar: 15
Visninger: 3949

Re: Øien i Romsdalen?

Den Anne Hansd. f. 1825 på Vågåsarøygarden kom dessverre ikkje til Grytten iflg. Bygdabok for Lom bd 3 s. 594 - ho døydde i Lom i 1853. Men det var ei Anne Hansd. f. 1824 i Nørdre Kvamsøygarden (same band s. 625) som fekk utfl. attest til Molde i 1840, og innfl. attest til Ålesund i 1849, utan mein ...
av Arnfinn Kjelland
18 feb 2008 09:02:46
Forum: Lesja
Emne: Tande Lesja - Trondheim
Svar: 8
Visninger: 2352

Re: Tande Lesja - Trondheim

Det er ikkje meir realhistorisk der, men familien er ført i Bygdebok for Lesja bd 3 (1996) s. 118, på husmannsplassen Vedabakken under Stor-Tande. Jon var frå denne plassen, f. 1790, medan Marit kan ha vore frå ein plass noko lenger sør i bygda, Nørdre Håkåstadlykkja (f. 1789), men det var "kvalifis...
av Arnfinn Kjelland
28 jan 2008 20:17:52
Forum: Lesja
Emne: Peder Hansen
Svar: 8
Visninger: 2402

Re: Peder Hansen

Som du ser av informasjonen om kyrkje (oppe til venstre i dåpsfeltet på arkivnett) er nettopp denne Peder døypt i Folldal, som er Øvre Folldal, som på den tida var annekssokn under Lesja. I dag finner du Folldal under Hedmark, og det er bygdebøker fra kommunen, men eg har dei ikkje tilgjengeleg. Det...
av Arnfinn Kjelland
26 jan 2008 13:25:21
Forum: Lesja
Emne: Peder Hansen
Svar: 8
Visninger: 2402

Re: Peder Hansen

Mitt råd er da at du prøver å legge ut spørsmålet under Folldal.
av Arnfinn Kjelland
25 jan 2008 22:25:31
Forum: Lesja
Emne: Peder Hansen
Svar: 8
Visninger: 2402

Re: Peder Hansen

Joda, det finst bygdebøker: http://tilsett.hivolda.no/ak/Lesja/Index.html
men etter som det er eg som har skrive dei, tvilar eg på at du finn noko meir der.

Vigselen i kyrkjeboka er nok det sikraste neste skrittet.
av Arnfinn Kjelland
25 jan 2008 20:00:51
Forum: Lesja
Emne: Peder Hansen
Svar: 8
Visninger: 2402

Re: Peder Hansen

Dette var ikkje mykje å hjelpe seg med. Transkriberte og søkbare versjonar av kyrkjebøkene for Lesja for denne tida er utlagt her: m Men så vidt eg kan sjå er det berre ein P. H. f. i sjølve Lesja, i 1800 på Prestlykkja, og han døydde same året. Så er det ein i 1802, ein i 1804 og ein i 1806, men al...
av Arnfinn Kjelland
24 jan 2008 20:43:43
Forum: no.fritid.slektsforsking.it
Emne: Enkelt databaseprogram for reg. av historiske kjelder
Svar: 8
Visninger: 4425

Re: Enkelt databaseprogram for reg. av historiske kjelder

Lovande. Med å definere feltstruktur (nemningar vi nytta mykje i DOS-alderen for 15-20 år sidan) meiner eg at at brukaren sjølv kan definere kva for felt postane i tabellane skal innehalde, med feltnamn og datatype. Dette gjeld da eigentleg definisjon av heile tabellstrukturen, som t.d. i MS-Access....
av Arnfinn Kjelland
24 jan 2008 15:25:06
Forum: no.fritid.slektsforsking.it
Emne: Enkelt databaseprogram for reg. av historiske kjelder
Svar: 8
Visninger: 4425

Re: Enkelt databaseprogram for reg. av historiske kjelder

Det høyrest interessant ut. Nokre spørsmål: Er det hierarkisk slik at det kan opprettast ein post for t.d. eit innskanna dokument (brev o.l.) og så "underpostar" med namn på personar, stader, tema o.l. som er nemnt i dokumentet (dvs. relasjonar). Er det slik at brukaren kan definere feltstrukturen s...
av Arnfinn Kjelland
19 jan 2008 19:45:40
Forum: Gudbrandsdalen - ukjent kommune
Emne: Ole Olson born Gudbrandsdalen Oct 12, 1850
Svar: 2
Visninger: 2469

Re: Ole Olson born Gudbrandsdalen Oct 12, 1850

I do in fact have one, born in Lom parish, but he lived his whole life in Lom, married and got 8 children (Bygdabok for Lom vol. 3 page 502). Any connection?
av Arnfinn Kjelland
19 jan 2008 13:07:58
Forum: no.fritid.slektsforsking.it
Emne: Enkelt databaseprogram for reg. av historiske kjelder
Svar: 8
Visninger: 4425

Re: Enkelt databaseprogram for reg. av historiske kjelder

Takk for tilvisingane - skal prøve å finne ut om noko av dette kan erstatte BD87/Rubreg.
av Arnfinn Kjelland
18 jan 2008 18:34:20
Forum: no.fritid.slektsforsking.it
Emne: Enkelt databaseprogram for reg. av historiske kjelder
Svar: 8
Visninger: 4425

Re: Enkelt databaseprogram for reg. av historiske kjelder

Vel, eg prøvde versjon 1 av Augustus ei stund, men gav opp og gjekk attende til BD87. Vonleg er v. 2 betre. Men det er eigentleg ikkje det spørsmålet gjeld; Augustus er ferdig oppsett for kyrkjebøker og Kyrre-standarden (så vidt eg forstår). Men det er mange andre kjelder som er aktuelt å registrere...
av Arnfinn Kjelland
18 jan 2008 15:56:05
Forum: no.fritid.slektsforsking.it
Emne: Enkelt databaseprogram for reg. av historiske kjelder
Svar: 8
Visninger: 4425

Enkelt databaseprogram for reg. av historiske kjelder

Eg har utført og administrert ein god del kjelderegistrering som del av bygdebokprosjekt opp igjennom dei siste 20 åra. Dei norskutvikla DOS-programma BD87 og Rubreg var (er) spesialutvikla for slikt arbeid, dei er enkle å bruke, krev liten lagerplass (eit stort problem før i tida) og har eksportfun...
av Arnfinn Kjelland
18 jan 2008 15:48:05
Forum: no.fritid.slektsforsking.it
Emne: Kart
Svar: 2
Visninger: 3081

Re: Kart

Fekk tilfeldigvis sjå dette. Du finn nok ikkje noka detaljert forklaring på karta, men vanlegvis skal det stå eit personnamn ved kvar bokstav i kanten på kartet. Dei namna viser til eigarane av dei løpe- eller bruksnumra som var med i utskiftinga på det tidspunktet utskiftinga vart halden. Du må så ...
av Arnfinn Kjelland
15 jan 2008 08:38:05
Forum: Lom
Emne: Per Spelmann.
Svar: 10
Visninger: 5196

Re: Per Spelmann.

Joda, familien står i Bygdabok for Lom bd 4 (2007) s. 132, men dessverre utan meir informasjon om Marie f. 1871.
av Arnfinn Kjelland
05 jan 2008 13:52:54
Forum: Lesja
Emne: Mari Larsdatter Sandan
Svar: 1
Visninger: 1131

Re: Mari Larsdatter Sandan

Du kan låne inn Bygdebok for Lesja bd 2. Gards- og slektshistorie for nørdre del av Lesja hovudsokn. Lesja kommune 1992 og slå opp s. 406-07. Der finn du etterslekt, og det går fram at Marit var "elles ukjent" med referanse til Sandan. Sandan finn du i bd. 1 (1987) s. 621, men berre at Marit vart sk...
av Arnfinn Kjelland
04 jan 2008 21:30:32
Forum: USA/Canada
Emne: Paul Larss. Thorkveen f. Lom 1862, utv. 1880 - kvar?
Svar: 6
Visninger: 1820

Re: Paul Larss. Thorkveen f. Lom 1862, utv. 1880 - kvar?

Paul was born January 8th, 1862.

His father and mother both came from holdings under Andvord, an old and large farm in central Lom, neigbour of Prestgarden (Vicar's farm) and Lom Church. But it was not usual for people from minor holdings to use the name of the main farm as family names in Lom.
av Arnfinn Kjelland
04 jan 2008 20:34:34
Forum: USA/Canada
Emne: Paul Larss. Thorkveen f. Lom 1862, utv. 1880 - kvar?
Svar: 6
Visninger: 1820

Re: Paul Larss. Thorkveen f. Lom 1862, utv. 1880 - kvar?

Takk for det, Tor. Lars' livsløp er elles godt kjent, m.a. gjennom boka _Mindeblade om pastor L.P. Thorkveen : et Udvalg af hans Skrifter, samt flere biografiske Skisser : illustreret / udgivet af T.P. Laingen ; redigeret af J.O. Hall_ (1930) samt artiklar i Årbok for Gudbrandsdalen og _Heim og Bygd...
av Arnfinn Kjelland
04 jan 2008 20:29:40
Forum: USA/Canada
Emne: Paul Larss. Thorkveen f. Lom 1862, utv. 1880 - kvar?
Svar: 6
Visninger: 1820

Re: Paul Larss. Thorkveen f. Lom 1862, utv. 1880 - kvar?

Thanks, Margit - and this is the last trace of Paul so far.

A good example of "name-crushing", anyway (Torekveen --> Torckoeen).
av Arnfinn Kjelland
04 jan 2008 11:36:55
Forum: Lesja
Emne: Originalfotografi av Grønfossen på Lesjaskogen ca 1880
Svar: 0
Visninger: 1098

Originalfotografi av Grønfossen på Lesjaskogen ca 1880

I Ny illustrert Tidende 1881 stod vedlagde xylografi av Grønfossen på Lesjaskogen.

Xylografiet er sannsynlegvis laga på grunnlag av eit fotografi. Er det nokon som har sett eit slikt tilsvarande fotografi og kan referere til kvar det evt. har vore trykt eller er arkivert?
av Arnfinn Kjelland
04 jan 2008 11:18:30
Forum: Volda
Emne: Petra Karoline Pedersdatter født Ryste født 1892
Svar: 5
Visninger: 3439

Re: Petra Karoline Pedersdatter født Ryste født 1892

Hei,
Iflg. databasen til Busetnadssoga for Volda: http://tilsett.hivolda.no/ak/Voldasoga/Voldasoga.htm døydde Petra 27.4.1992. Kjelde er dødsmeldingane til sorenskrivaren.

Familien hennar, med 10 barn, står i den gamle Voldasoga band II (utg. 1971) s. 564 under Tillegg og rettingar til band I.
av Arnfinn Kjelland
03 jan 2008 21:44:28
Forum: USA/Canada
Emne: Paul Larss. Thorkveen f. Lom 1862, utv. 1880 - kvar?
Svar: 6
Visninger: 1820

Paul Larss. Thorkveen f. Lom 1862, utv. 1880 - kvar?

Utvandringa i 1880: m Som ein kan sjå reiste han i lag med bror sin, Lars, den seinare godt kjende presten Lars P. Thorkveen (1856-1923): medstiftar av og formann for Gudbrandsdalslaget 1909-1923, formann for Bygdelagenes Fællesraad 1919-1923 m.m. Familien står i Bygdabok for Lom bd. 3 (2005) s. 443...
av Arnfinn Kjelland
16 des 2007 16:13:13
Forum: Volda
Emne: Bygdebokverket "Busetnadssoga for Volda"
Svar: 5
Visninger: 4413

Re: Bygdebokverket "Busetnadssoga for Volda"

Og i går, laurdag 14.12.07, vart band 3 lansert. Boka dekkjer Høydalen, bygdene i Austefjorden og Hjartåbygda, er på 632 sider og har ca 500 bilde.
av Arnfinn Kjelland
03 des 2007 20:32:07
Forum: Lom
Emne: Ole Olsen f. ca 1829 fra Lom
Svar: 2
Visninger: 1660

Re: Ole Olsen f. ca 1829 fra Lom

Berre litt "negativ" hjelp, dessverre: det ser ikkje ut til at han er knytt til nokon av Kvåle-gardane eller -plassane i Lom hovudsokn. Dermed kan du kanskje avgrense leitinga til Skjåk, som på denne tida var annekssokn under Lom. Dei fleste som var fødde i Skjåk på denne tida oppgav likevel Lom som...
av Arnfinn Kjelland
19 nov 2007 08:39:22
Forum: Lom
Emne: Bygdabok for Lom bd 4 Bøverdalen sokn
Svar: 6
Visninger: 2895

Re: Bygdabok for Lom bd 4 Bøverdalen sokn

Eg har heldigvis ikkje noko med boksalet å gjere, men informasjon ligg på heimesida til Lom kommune: http://www.lom.kommune.no/index.gan?id=5211&subid=0
av Arnfinn Kjelland
18 nov 2007 18:21:33
Forum: Lom
Emne: Bygdabok for Lom bd 4 Bøverdalen sokn
Svar: 6
Visninger: 2895

Re: Bygdabok for Lom bd 4 Bøverdalen sokn

Vi skreiv i bd 1 s. 22 at det skulle kome eit register i siste bandet sortert på gards- og bruksnummer. Vi vurderte det likevel slik no at det var betre å ha det nettopp som du skriv, på bustadnamn. Eg legg ved første side i det registeret, frå korrekturen til bd 4.
av Arnfinn Kjelland
16 nov 2007 08:48:50
Forum: Lom
Emne: Bygdabok for Lom bd 4 Bøverdalen sokn
Svar: 6
Visninger: 2895

Bygdabok for Lom bd 4 Bøverdalen sokn

er under trykking og blir lansert i Lom laurdag 8. desember.
av Arnfinn Kjelland
28 okt 2007 16:56:28
Forum: Vestre Toten
Emne: Bernt Peter Ringvold, Bøverbu
Svar: 9
Visninger: 3405

Re: Bernt Peter Ringvold, Bøverbu

Du har posta dette spørsmålet under Lom kommune. Hadde personen noko med Lom å gjere? Viss ikkje, bør du poste under Vestre Toten (Bøverbru).
av Arnfinn Kjelland
28 okt 2007 16:51:48
Forum: Lom
Emne: Lars Olsen f. 1825 i Lom - Til Hadsel
Svar: 5
Visninger: 2799

Re: Lars Olsen

Det er heller ikkje registrert nokon Lars O i bygdebokarkivet f. den datoen du gir opp. Men vi har fleire aktuelle ikkje så lenge før / etter.

Kor har du fødselsdatoen frå?

Har du namn på far hans frå kyrkjeboka da han gifta seg?
av Arnfinn Kjelland
01 okt 2007 09:37:12
Forum: Adelsslekter fra middelalderen til ca 1600
Emne: Galle: noko samband til Galde, Bøverdalen i Lom?
Svar: 4
Visninger: 5128

Re: Galle: noko samband til Galde, Bøverdalen i Lom?

Takk for det, Tore. Da skal eg justere bygdebokteksten litt.
av Arnfinn Kjelland
28 sep 2007 14:23:15
Forum: Volda
Emne: Synnøve Olsdatter Høydalsbakke?
Svar: 8
Visninger: 7513

Re: Synnøve Olsdatter Høydalsbakke?

Du vil finne ho under Olagarden, Høydalsvikane i band 3 av Busetnadssoga for Volda, som er under utgjeving i haust.

http://tilsett.hivolda.no/ak/Voldasoga/Voldasoga.htm
av Arnfinn Kjelland
18 sep 2007 11:43:18
Forum: Sunndal
Emne: Fredrik Hansson Tande f. 1772
Svar: 9
Visninger: 3994

Re: Fredrik Hansson Tande f. 1772

Du veit sikkert han kom frå Hågås-Tande på Lesja, og at han hadde 2 barn fødde i Lesja iflg. Bygdebok for Lesja bd 3 (1996) s. 54: Hans (1802-1887) med Marte Olsd. frå Nord-Hole. Han kom til Systugu Avdem og hadde etterkomarar (bd. 2 s. 563f) og Hans f. 1804 med Mari Iversdtr. frå Sande. Sistnemnde ...
av Arnfinn Kjelland
10 sep 2007 19:54:18
Forum: USA/Canada
Emne: Kvar i USA ligg Claresholm?
Svar: 6
Visninger: 1756

Re: Kvar i USA ligg Claresholm?

Impressing, Margit!

You got the same page I have (without any reference), and I guess it is page 247 in the book "Where the Wheatlands Meet the Range - Willow Creek" you refer to.

Thanks again!
av Arnfinn Kjelland
10 sep 2007 15:23:10
Forum: USA/Canada
Emne: Kvar i USA ligg Claresholm?
Svar: 6
Visninger: 1756

Re: Kvar i USA ligg Claresholm?

Thanks, Margit. I corrected my entry probably while you posted yours. Do you know if the US system of farm references has been used in Canada? I have seen occations of townships changes names, and the old name has been more or less forgotten. I wondered if the same could hae happende to Claresholm. ...
av Arnfinn Kjelland
10 sep 2007 14:42:32
Forum: USA/Canada
Emne: Kvar i USA ligg Claresholm?
Svar: 6
Visninger: 1756

Kvar i USA ligg Claresholm?

Det finst ein del bøker utgjevne i USA, særleg Midtvesten, som liknar litt på norske gards- og ættesoger, jfr min artikkel i Slekt og Data nr 2/2006 s. 40-42. I bygdebokarkivet for Lom finn eg kopi av ei side frå ei eller anna slik bok (med info om brørne Chris, Eric og Sylfest frå Galde i Lom), der...
av Arnfinn Kjelland
10 sep 2007 13:45:31
Forum: Adelsslekter fra middelalderen til ca 1600
Emne: Galle: noko samband til Galde, Bøverdalen i Lom?
Svar: 4
Visninger: 5128

Galle: noko samband til Galde, Bøverdalen i Lom?

Gerh. Schøning skriv i Reise ... 3. bind Gudbrandsdalen og Hedemarken (Tapir 1980) s. 67 saman med omtale av Galde: "mueligt har den fordum meget anseelige Norske Familie, Galde, derfra sit Navn". Bygdefolket der viser til denne kjelda og ønsker at dette blir nemnt i bygdeboka, som eg redigerer og d...
av Arnfinn Kjelland
06 sep 2007 13:59:04
Forum: Volda
Emne: Abel Monsson Heltne
Svar: 5
Visninger: 2924

Re: Abel Monsson Heltne

Han døydde 23.10.1933. Kjelde: http://tilsett.hivolda.no/ak/Voldasoga/Voldasoga.htm som har registrert sorenskrivarens dødsfallsprotokoll.
av Arnfinn Kjelland
11 aug 2007 15:53:12
Forum: Lesja
Emne: ola larsenb-1777
Svar: 1
Visninger: 1509

Re: ola larsenb-1777

Wiley, You have misunderstood. This is an open debate forum, everybod can read what is written here (before I wrote this, 20 persons had read your message, but nobody could of course understand what you are asking for). And all registered members can answer. I am copying from your e-mail of July 8th...
av Arnfinn Kjelland
09 aug 2007 09:35:28
Forum: Slekter A-N
Emne: Bratt: ein del trådar i DA debattforum som tar for seg ætta
Svar: 4
Visninger: 3954

Bratt: ein del trådar i DA debattforum som tar for seg ætta

Med all respekt: det kjem opp mange diskusjonar i DA som burde vore samla her. Ofte kjem det (litt oppgitte) svar om at spørsmålet er drøfta før - svar som kan bli oppfatta som "arrogante" o.l. Eg har starta ei lenkesamling til slike trådar om Bratt-slekta, bygd på enkelt søk i forumet: m Men det er...
av Arnfinn Kjelland
07 aug 2007 12:41:45
Forum: Kilder og metode
Emne: Matrikkelutkast? Eiker
Svar: 1
Visninger: 2188

Re: Matrikkelutkast? Eiker

Det er nok sikkert frå førebuingsarbeidet til 1838-matrikkelen. Historisk leksikon (under "matrikkel") har prosedyren: i utgangspunktet vart det i kvart tinglag plukka ut ein s.k. normalgard som fekk eit samanlikningstal, og så fekk alle dei andre gardane i tinglaget sitt eige tal i forhold til norm...
av Arnfinn Kjelland
30 jul 2007 09:13:48
Forum: Lesja
Emne: Ole Olsen Lykke /Lökke
Svar: 9
Visninger: 4999

Re: Ole Olsen Lykke /Lökke

Wiley: The family within the borders of Lesja parish / municipality has been investigated in the bygdebok: m, see English Introduction to the farm- and genealogical history in the menu at the left hand side. (What is a bygdebok: m ) The family is stated in Bygdebok for Lesja vol. 3 (publ. 1996) page...
av Arnfinn Kjelland
27 jul 2007 08:41:32
Forum: Molde
Emne: Olav f. 1897 i Lom gm Jenny, skattefut i Molde, meir info
Svar: 3
Visninger: 1772

Re: Olav f. 1897 i Lom gm Jenny, skattefut i Molde, meir inf

Takkar og bukkar - primærkjelder er sjølvsagt det beste. Eg les jentenamnet til Jenny som Frostad, og det er vel eit gardsnamn i Vestnes (men ho var altså f. i Veøy).

Foreldra finn eg her: http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/we ... =1709#ovre
og etter som Anders var frå Vestnes reknar eg med namnet er rett.

Takk igjen.
av Arnfinn Kjelland
26 jul 2007 13:07:47
Forum: Molde
Emne: Olav f. 1897 i Lom gm Jenny, skattefut i Molde, meir info
Svar: 3
Visninger: 1772

Olav f. 1897 i Lom gm Jenny, skattefut i Molde, meir info

Eg er i sluttfasen av redigeringsarbeidet med Bygdabok for Lom bd. 4 Bøverdalen, og under Åsen, husmannsplass u. Røysheim, har vi denne informasjonen om ein av barna: 3. Olav f. 1897, d. 19___. Gift 19__ med Jenny ______ f. __.__.____ i Molde, d. 19___. Budde i Molde, han var skattefut. Dåpen hans e...
av Arnfinn Kjelland
19 jul 2007 15:31:38
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Kirkebok, Dovre, Oppland 1755
Svar: 4
Visninger: 2256

Re: Tydning av dåp Dovre 1755

Det er nok heilt sikkert Jøndalen.

Elles har vi dataregistrert kyrkjeboka for Lesja (med Dovre) for denne perioden i samband med bygdebokprosjekta, men der finn eg dessverre ikkje nokon vigsel for Anne og Svend.
av Arnfinn Kjelland
20 jun 2007 10:00:58
Forum: Lom
Emne: Jacob Olsson f 1827 i Lom
Svar: 3
Visninger: 2425

Re: Jacob Olsson f 1827 i Lom

Du finn mor hans og familien hennar under Nørdre Kvålsstugu i Bygdabok for Lom bd. 2 s. 389. Faren var ukjent da boka vart skrive. Men tilgang til originale eller skanna kyrkjebøker (som vi ikkje hadde da bygdeboka vart skrive), særleg dåps- og konfirmantlistene, vil kunne hjelpe identifisering av h...
av Arnfinn Kjelland
20 jun 2007 09:53:36
Forum: Lom
Emne: Marit Hansdotter f. 1827 i Lom
Svar: 11
Visninger: 4785

Re: Marit Hansdotter f. 1827 i Lom

Du finn Marit som nr 11 og yngst i barneflokken til Synne og Hans i Bygdabok for Lom bd. 1 s. 320. Hans (f. 1782) kom frå Sandviki, og du finn familien i bd. 2 s. 268. Synne kom frå Øy, og familien hennar står i bd. 3 s. 300. Bøkene kan du låne inn gjennom biblioteket. Litt nærare informasjon: m Lom...
av Arnfinn Kjelland
20 jun 2007 09:46:48
Forum: Lom
Emne: Bokstaver i margen i kirkebok
Svar: 3
Visninger: 2142

Re: Bokstaver i margen i kirkebok

Anne-Lise har nok rett forklaring - det ser i alle fall ut til å vere samsvar med gardsnamna og kyrkjene. Her ligg innhaldslistene i bygdeboka: m Bd. 1 svarar stort sett til Garmokyrkja, bd. 2 og 3 til hovudkyrkja (Lom) og bd. 4 til Bøverdalen (den kyrkja vart bygd i 1864 - før den tid vart bøverdøl...
av Arnfinn Kjelland
14 jun 2007 22:19:24
Forum: Lesja
Emne: Georgine Fredrikke Smith f. 1796
Svar: 3
Visninger: 1863

Re: Georgine Fredrikke Smith f. 1796

Eg er i alle fall nøydd til å ha referanse til ei konkret hending som skal ha skjedd i Lesja, og som det er råd å finne att i ei skriftleg kjelde, skal det vere muleg for meg å hjelpe deg. Døme på slike hendingar er at ho er innført i kyrkjeboka som inn- eller utflytt, mor eller fadder ved barnedåp,...
av Arnfinn Kjelland
14 jun 2007 12:57:12
Forum: Lesja
Emne: Georgine Fredrikke Smith f. 1796
Svar: 3
Visninger: 1863

Re: Georgine Fredrikke Smith f. 1796

Vel, for å sjekke trenger vi nok meir informasjon, t.d. kvar ho er født, eller i det minste kva det er som er grunnen til at du legg spørsmålet ut under Lesja (dvs. kva tilknyting til Lesja ho har). Så vidt eg kan sjå er ho ikkje født i (dvs. innført i kyrkjebøkene for) Lesja prestegjeld. Hugs òg at...
av Arnfinn Kjelland
13 jun 2007 21:45:06
Forum: Lom
Emne: Hjelp i bygdebokarbeidet for Lom - Bøverdalen
Svar: 2
Visninger: 2262

Re: Hjelp i bygdebokarbeidet for Lom

Hei igjen, Gry.
Joda - nokre innspel har eg da fått (kanskje mest frå amerikanarar + ein systematisk gjennomgang av samband til Luster med Lars Øyane).

Siste boka er i sluttfasen, så eg tar framleis i mot tips om folk frå Bøverdalen.
av Arnfinn Kjelland
13 jun 2007 21:42:30
Forum: Lom
Emne: Kven var "Madame Resch" i Lom i 1820-åra?
Svar: 7
Visninger: 4656

Re: Kven var "Madame Resch" i Lom i 1820-åra?

Hei igjen, Gry.

Dessverre, ingen reaksjon. La òg inn spørsmål på denne DA-diskusjonen: http://da2.uib.no/cgi-win/WebDebatt.exe ... g=13#anker
men ingen reaksjon.

Og boka der ho burde vore nemnt (Bygdabok for Lom bd 3) er utgjeve.
av Arnfinn Kjelland
04 jun 2007 07:46:06
Forum: Rennebu
Emne: Ingebret Haarstad i Nord Dakota
Svar: 4
Visninger: 2971

Re: Ingebret Haarstad i Nord Dakota

Det er nok rett person du har funnet. I tillegg har Joar Fjellstad funne at han arbeidde hos broren Erik f. 1866 i Galchut, Richland, dit nokså mange rennbygger kom. Ingebrikt vart aldri gift. Han reiste direkte til Galchut frå Norge.
av Arnfinn Kjelland
24 mai 2007 22:55:47
Forum: Lom
Emne: Finnes det bygdebøker?
Svar: 4
Visninger: 2606

Re: Finnes det bygdebøker?

Du finn litt informasjon her òg: http://tilsett.hivolda.no/ak/Bbok_Lom/Bbok_Lom.htm
av Arnfinn Kjelland
19 mai 2007 19:00:21
Forum: USA/Canada
Emne: Når utvandra Johannes (John) Knutsen Enebo f. 1869 i Lesja?
Svar: 0
Visninger: 822

Når utvandra Johannes (John) Knutsen Enebo f. 1869 i Lesja?

Eg har lagt ut spørsmålet på DA, men legg òg lenke hit: http://da2.uib.no/cgi-win/WebDebatt.exe ... gg=3#anker
av Arnfinn Kjelland
16 mai 2007 21:38:18
Forum: USA/Canada
Emne: Hans E. Helstad, født i Lom, død på mystisk vis i Canada
Svar: 17
Visninger: 4877

Re: Hans Hansson, født i Lom, død på mystisk vis i Minnesota

Vel, Helstad er nabogard til Blakar, på vestsida (mot Fossbergom). Og familien flytte; Hans var f. i Veslhågån (u. Blakar), systera Anne i 1886 i eitt av Sletti-bruka (u. Mork, nabogard på austsida) og yngstebroren Lars på Blakarsberget i 1889. Da Hans vart konf. i 1898 (nr 18 ) budde familien på Sk...
av Arnfinn Kjelland
13 mai 2007 22:07:47
Forum: Lom
Emne: Lom bd 3 Fossbergom - Nesgrendi - Nedre Bøverdalen
Svar: 4
Visninger: 2727

Re: Lom bd 3 Fossbergom - Nesgrendi - Nedre Bøverdalen

Nærmer seg sluttfasen, men kjem nok ikkje ut før over sommaren.
av Arnfinn Kjelland
13 mai 2007 21:50:35
Forum: Lom
Emne: Lom bd 3 Fossbergom - Nesgrendi - Nedre Bøverdalen
Svar: 4
Visninger: 2727

Re: Lom bd 3 Fossbergom - Nesgrendi - Nedre Bøverdalen

Feil og feil. Det er sjølvsagt umuleg å unngå at slike bøker vil mangle informasjon. Det er òg umuleg å dobbeltsjekke informasjon ein får inn. Det som står om dette er at Kristen tok over huset i 1975. Den informasjonen er meldt inn til redaksjonen i løpet av skrive- og kontrollprosessen (som m.a. g...
av Arnfinn Kjelland
09 mai 2007 21:32:48
Forum: Voss
Emne: Ragnhild Botheim f. 1920
Svar: 6
Visninger: 3306

Re: Ragnhild Botheim f. 1920

Det er rett at slekta hennar var frå Lesja, men ho var ikkje født der. Foreldra og dei fire eldste barna står i Bygdebok for Lesja bd. 3 (utg. Lesja kommune 1996) s. 713. Foreldra var: Jørgen Edvard S. Botheim frå Nigard Bottem, 1878-1958, g. 1909 m. Ragnhild Jørgensd. frå Søre Brustugu, Skålgård, 1...
av Arnfinn Kjelland
04 mai 2007 19:09:41
Forum: Lom
Emne: Ole Ellefsen, Lom
Svar: 46
Visninger: 20508

Re: Ole Ellefsen, Lom

Nei, det er nok ikkje mange. I hovudsoknet er det vel faktisk berre den nemnde, f. 1831 og bror hans med same namn f. 1834. Før dei er det ein f. 1805, og etter ikkje før f. 1852. Ola E. f. 1834 vart og gift og døydde i Lom, men ein skal likevel ikkje sjå bort frå at ein av dei var "på vift" utanbyg...
av Arnfinn Kjelland
04 mai 2007 19:01:09
Forum: Lom
Emne: Ole Pedersen Nyhus`s leserbrev
Svar: 5
Visninger: 2606

Re: Ole Pedersen Nyhus`s leserbrev

Det kan nok vere lurt å dra inn til Lillehammer for deg, ja, for GD har sikkert papirutgåver av avisene attende til den tida som du kan få bla igjennom (ring dei først). Eg gjekk igjennom mikrofilmane med Gudbrandsdølen for 1905 for eit par år sidan, og det året kom avisa i alle fall ut med 3 nummer...
av Arnfinn Kjelland
04 mai 2007 19:00:11
Forum: Lom
Emne: Ole Pedersen Nyhus`s leserbrev
Svar: 5
Visninger: 2606

Re: Ole Pedersen Nyhus`s leserbrev

Det kan nok vere lurt å dra inn til Lillehammer for deg, ja, for GD har sikkert papirutgåver av avisene attende til den tida som du kan få bla igjennom (ring dei først). Eg gjekk igjennom mikrofilmane med Gudbrandsdølen for 1905 for eit par år sidan, og det året kom avisa i alle fall ut med 3 nummer...
av Arnfinn Kjelland
04 mai 2007 18:00:02
Forum: Lom
Emne: Ole Pedersen Nyhus`s leserbrev
Svar: 5
Visninger: 2606

Re: Ole Pedersen Nyhus`s leserbrev

Tilnærma alle aviser er mikrofilma, så det er berre å bestille innlån gjennom det lokale folkebiblioteket viss dei eller du har leseapparat - viss ikkje har i alle fall fylkesbiblioteka slike apparat.
av Arnfinn Kjelland
04 mai 2007 14:05:23
Forum: Lom
Emne: Ole Ellefsen, Lom
Svar: 46
Visninger: 20508

Re: Ole Ellefsen, Lom

Ola (Ole) Eilevsson f. 5.12.1831 på garden Nedre Stasviki i Lom gifta seg 1862 og overtok foreldregarden om lag samstundes. Han og kona fekk 3 ungar, og han døydde i lom i 1904. Sjå Bygdabok for Lom bd. 2 (utg. 2002) s. 133-34. Eg finn i farten ikkje ikkje nokon Ole f. 18.12.1860 ("uekte") korkje i ...
av Arnfinn Kjelland
28 apr 2007 11:56:47
Forum: Lesja
Emne: Lesja - Sortland - Lars Olsen
Svar: 3
Visninger: 2274

Re: Lesja - Sortland - Lars Olsen

D ser det ut til at han kom frå Dovre, så vidare etterlysing bør leggast ut der.
av Arnfinn Kjelland
28 apr 2007 10:37:57
Forum: Lesja
Emne: Lesja - Sortland - Lars Olsen
Svar: 3
Visninger: 2274

Re: Lesja - Sortland - Lars Olsen

Hm, dette er ei nøtt. Så langt eg kan sjå av dei registrerte kyrkjebøkene har vi ingen Lars Olsson f. i Lesja prestegjeld (inkl. noverande Dovre og Øvre Folldal) mellom 1795 og 1809. Han i 1809 vart òg verande på Lesja, så den neste var f. 7.11.1810 på Trøen i Øvre Folldal av foreldra Ole Larss. og ...
av Arnfinn Kjelland
19 apr 2007 11:03:19
Forum: Lesja
Emne: Marit Johannesdotter f.1797 d.4/12-1884
Svar: 4
Visninger: 2332

Re: Marit Johannesdotter f.1797 d.4/12-1884

Kullungstad finn du som bruk under Rolstad i Bygdebok for Lesja bd. 3 s. 617-620. Marit var f. 14.6.1796 og står på s. 619. Mora, Brit Knutsdtr. (1760-1846) kom frå Dombåsøygarden og faren, Johannes Toresson (1758-1839) var gardgut på Kullungstad.
av Arnfinn Kjelland
16 apr 2007 22:58:29
Forum: Vågå
Emne: Thord Guttormsen 1757 og Anne Poulsdotter f 1755/56
Svar: 32
Visninger: 17005

Re: Thord Guttormsen 1757 og Anne Poulsdotter f 1755/56

Kan i alle fall avkrefte at det er registrert nokon Tor Guttormsen f. i Lom på 1700-talet, så langt bygdebokarkivet for kommunen syner.
av Arnfinn Kjelland
26 mar 2007 21:50:24
Forum: no.fritid.slektsforsking.diverse
Emne: Sula-soga bd 1
Svar: 6
Visninger: 4762

Re: Sula-soga bd 1

Det skal vere same adresse førebels, men det kan nok ta tid. Og så er heller ikkje Posten av dei raskaste, viss ein ikkje kan sende med dyraste alternativ.
av Arnfinn Kjelland
23 feb 2007 08:57:10
Forum: Volda
Emne: Anne Wernersdtr. Reithe - fødd omlag 1771
Svar: 18
Visninger: 7836

Re: Anne Wernersdtr. Reithe

Eg finn ikkje noka Anne som passar i kjeldene i bygdebokarkivet. Vi har Werner / Vernik-namnet i Austefjorden, men ikkje i høve dette tidspunktet.

Kva er det som gjer at du trur ho kom frå Volda?
av Arnfinn Kjelland
21 feb 2007 10:31:46
Forum: Ålesund
Emne: Valter Formo(e) d. i Ålesund 13.8.1951, f. etter 1900
Svar: 4
Visninger: 2144

Valter Formo(e) d. i Ålesund 13.8.1951, f. etter 1900

Hei, Har fått spm. om fødselsdato og -år for denne. Foreldra var: Far Olaf Emil Formo (e) Mor Valborg Eeg Formo(e) Samla 9 barn, 1 jente døydde tidleg. Eg finn Olaf Emil f. 1883 her: m og familien hans i 1900 her: m Valborg finn eg ikkje utan vidare i 1900, men det er da heller ikkje det spørsmålet ...
av Arnfinn Kjelland
12 feb 2007 22:18:21
Forum: Kjøp og salg
Emne: Kjøpes: Bygdabøker for Dovre
Svar: 2
Visninger: 2271

Re: Kjøpes: Bygdabøker for Dovre

Du kan bestille direkte frå forfattaren: arnfinen@start.no
av Arnfinn Kjelland
12 feb 2007 20:45:41
Forum: Generelt om DNA-testing for slekt
Emne: DNA og slektsforskning
Svar: 117
Visninger: 447351

Re: DNA og slektsforskning

La denne lenka på DA, men ho er sikkert like nyttig å ha her: http://hpgl.stanford.edu/publications/E ... 21-529.pdf
av Arnfinn Kjelland
06 feb 2007 21:48:14
Forum: Lesja
Emne: Mari Fredriksdatter Tande ( gift Koht)
Svar: 17
Visninger: 6763

Re: Mari Fredriksdatter Tande ( gift Koht)

Boka om Tande kan du låne gjennom biblioteket: http://ask.bibsys.no/ask/action/show;js ... kid=biblio
av Arnfinn Kjelland
04 feb 2007 22:12:45
Forum: Lom
Emne: Sidsel Olsdatter Vekkind
Svar: 5
Visninger: 2699

Re: Sidsel Olsdatter Vekkind

Eg gjorde berre litt greie for korleis personar er lenka og plasserte i bygdeboka, sidan du refererte til den i første innlegget. Det ser ut til å ha vore heilt vanleg i Lom at tenestefolk vart innført i kyrkjeboka med namnet på den garden der dei tente, enten det var om dei gifta seg, fekk ungar i ...
av Arnfinn Kjelland
04 feb 2007 10:02:34
Forum: Lom
Emne: Sidsel Olsdatter Vekkind
Svar: 5
Visninger: 2699

Re: Sidsel Olsdatter Vekkind

Sissel og Rasmus var begge tenestfolk da dei fekk Anne i 1824. Sissel er ikkje identifisert gjennom bygdebokarbeidet, men du finn Rasmus (og Anne) under Øvre Nørjordet, bd. 3 s. 361. Anne finn du under Søre Ofigsbøstugu, bd. 3 s. 375. Heller ikkje Nils Hansson er identifisert, dessverre. Sonen Ola, ...
av Arnfinn Kjelland
01 feb 2007 20:47:48
Forum: Lesja
Emne: Mari Fredriksdatter Tande ( gift Koht)
Svar: 17
Visninger: 6763

Re: Mari Fredriksdatter Tande ( gift Koht)

Men det du skriv er truleg nok til å identifisere familien i Lesjaboka bd. 3 s. 54, under garden Hågås-Tande (i Lesja sentrum). Her er omtalen: "Fredrik Hanss., 1776-1843, g. m. Mari Iversd. frå Sande i Sunndalen, ca. 1783-1814. Med Marte Olsd. frå Nord-Hole (2-6) hadde Fredrik sonen: 1. Hans, 1802,...
av Arnfinn Kjelland
01 feb 2007 11:22:30
Forum: Lesja
Emne: Goro Haagensdatter Löftingsmoen f 1750
Svar: 5
Visninger: 2843

Re: Goro Haagensdatter Löftingsmoen f 1750

Iflg. kyrkjeboka for Lesja var ho fødd 21.12.1753 og døypt 26.12.1753 (barn skulle døypast så snart som muleg i eldre tid). Og denne familien budde heldigvis ikkje så langt frå kyrkja.
av Arnfinn Kjelland
31 jan 2007 22:27:46
Forum: Lesja
Emne: Mari Fredriksdatter Tande ( gift Koht)
Svar: 17
Visninger: 6763

Re: Mari Fredriksdatter Tande ( gift Koht)

Tja, det spørs når Mari var født. Det er ei Mari f. i Lesja 15.10.1812 av foreldra Fredrik Nikolai Andersson Viborg og Anne Ulsdtr. frå Ulateig (ug.). Iflg. Bygdebok for Lesja bd 3 s. 303 (utg. 1996, Lesja kommune) er ho registrert utflytt til "Trondheim" (i tydinga det nordafjellske) i 1834, elles ...
av Arnfinn Kjelland
31 jan 2007 20:37:45
Forum: Lesja
Emne: Goro Haagensdatter Löftingsmoen f 1750
Svar: 5
Visninger: 2843

Re: Goro Haagensdatter Löftingsmoen f 1750

Iflg Bygdebok for Lesja bd 2 (utg. 1992 av Lesja kommune) s. 636 (under garden Nordistugu Belle) var mor hennar Marit Erlandsdotter frå Hjelle i Dovre f. ca 1724, d. ca 1769 (dødsbuskifte). Håken var frå Vesl-Kollstad (bd 2 s. 696), og flytta til Nedre Lyftingmo (bd 2 s. 445-46) etter Marit døydde. ...
av Arnfinn Kjelland
31 jan 2007 20:17:53
Forum: Generelt
Emne: Selveier og husmann?
Svar: 3
Visninger: 3356

Re: Selveier og husmann?

Eg kom over tilsvarande fenomen på Lesja under arbeid med gards- og slektshistoria der: http://www2.hivolda.no/ahf/historie/til ... _1801.html
av Arnfinn Kjelland
30 jan 2007 18:28:49
Forum: Sula
Emne: Busetnadssoga for Sula
Svar: 4
Visninger: 4403

Re: Busetnadssoga for Sula

Og vi måtte gje opp å få boka ferdig til jul. Men no er ho i alle fall på plass. Sjå lenka til vevsidene ovafor.
av Arnfinn Kjelland
04 jan 2007 21:05:35
Forum: no.fritid.slektsforsking.etterlysing
Emne: Kart
Svar: 1
Visninger: 2202

Re: Kart

Eigentleg litt rart at det ikkje er ei liste med namn på brukarane saman med bokstavane på kartet - det er vanleg. Saman med slike utskiftingskart høyrer det alltid ei skriftleg forretning, innført i protokollen til jordskifteformannen. Der finn du i alle fall denne lista, vanlegvis saman med detalj...
av Arnfinn Kjelland
02 jan 2007 20:45:45
Forum: USA/Canada
Emne: Tilbake fra USA
Svar: 1
Visninger: 1335

Re: Tilbake fra USA

Det finst dessverre ikkje sentrale eller lokale systematiske registreringar av heimvendte emigrantar, visstnok bortsett frå i folketeljinga 1910 der det skal framgå om ein person har vore registrert som emigrant eller ikkje (eg har ikkje studert 1910-teljinga, men ho er under registrering og vil kom...
av Arnfinn Kjelland
29 des 2006 22:33:26
Forum: Lesja
Emne: Anne Björnersdatter Bjökne/ Biöchne
Svar: 14
Visninger: 6034

Re: Anne Björnersdatter Bjökne/ Biöchne

Det er ni barn i denne familien, og Eli var eldst. Ho vart g.m. Iver Johannesson frå Nørdre Tynnøl (1774-1849)og dei var brukarar på Kjellshus frå 1802 (bd 2 s. 133).

Litt meir info om bygdebokserien finn du her: http://tilsett.hivolda.no/ak/Lesja/Index.html

Bøkene kan kjøpast frå Lesja kommune (lenke i margen til v.).
av Arnfinn Kjelland
29 des 2006 21:21:19
Forum: Lesja
Emne: Anne Björnersdatter Bjökne/ Biöchne
Svar: 14
Visninger: 6034

Re: Anne Björnersdatter Bjökne/ Biöchne

Du finn familiane på Øvre Bjøkne i Bygdebok for Lesja bd 2 (utg. Lesja kommune 1992) s. 227-228. Boka kan lånast gjennom folkebiblioteket.

Iflg. denne var det Anne f. 1780 som vart g.m. Engebret Johannesson frå Nørdre Tynnøl (1780-1859). Dei var brukarar på Oppistugu Stor-Avdem (bd 2 s. 557).
av Arnfinn Kjelland
23 des 2006 09:20:02
Forum: Sett og hørt i media
Emne: Bygdebasen, eit rammeverk for gards- og ættesoger
Svar: 35
Visninger: 25293

Re: Bygdebasen, eit rammeverk for gards- og ættesoger

Men du blandar igjen korta - og tenderer til å setja eit amatørstempel på prosjektet - når du seier at Sitat: "registratorar" (slektsgranskarar o.a.) skal kunne laste inn sine meir eller mindre vellykka arbeid med å lenke personhendingar inn i Bygdebasen, og så skal den etter kvart bli betre og bet...
av Arnfinn Kjelland
21 des 2006 16:03:20
Forum: Sett og hørt i media
Emne: Bygdebasen, eit rammeverk for gards- og ættesoger
Svar: 35
Visninger: 25293

Re: Bygdebasen, eit rammeverk for gards- og ættesoger

Ei lita presisering: arbeidsmåten eg skildrar om å lenke personhendingar er sjølvsagt ikkje noko som er spesielt for BSS, det er det grunnleggjande prinsippet i alt slikt arbeid, enten ein skriv hendingane over på lappar slik Odd Stensrud gjorde det for Vangsboka i 1970-åra, skildra i hovudoppgåva i...
av Arnfinn Kjelland
21 des 2006 10:10:51
Forum: Sett og hørt i media
Emne: Bygdebasen, eit rammeverk for gards- og ættesoger
Svar: 35
Visninger: 25293

Re: Bygdebasen, eit rammeverk for gards- og ættesoger

Organisasjonen oppnemner personar som har redaktoeransvar for det materialet som blir publisert, og kan gje tilgang til fleire personar som kan leggja inn og redigera data. Dette blir saaleis ikkje ein wiki i den forstand at alle kan leggja inn data, men opnar samtidig for at interesserte kan melda...
av Arnfinn Kjelland
14 des 2006 06:55:35
Forum: Sett og hørt i media
Emne: Bygdebasen, eit rammeverk for gards- og ættesoger
Svar: 35
Visninger: 25293

Re: Bygdebasen, eit rammeverk for gards- og ættesoger

For ordens skyld, mest informasjon om BSS finn ein her: m Og til Ronny Hansen: det er i alle fall ikkje nødvendig å forsvare dugnadsgjengen i høve mine standpunkt. Eg har i alle samanhengar understreka at det i dag er umuleg å gjennomføre eit bygdebokprosjekt med godt resultat utan betydeleg frivilj...
av Arnfinn Kjelland
13 des 2006 20:37:20
Forum: Sett og hørt i media
Emne: Bygdebasen, eit rammeverk for gards- og ættesoger
Svar: 35
Visninger: 25293

Re: Bygdebasen, eit rammeverk for gards- og ættesoger

Det er ikkje at eg skal vere spesielt kritisk, men Bygdebasen har visse metodiske utfordringar òg. Det å samle stoff og skrive ei bygdebok av gards- og ættesogesjangeren (eller busetnadssoge som eg vel å kalle det no i våre dagar) med vellykka resultat krev etter mine erfaringa andre arbeidsmåtar en...
av Arnfinn Kjelland
11 des 2006 20:28:10
Forum: Sett og hørt i media
Emne: Bygdebasen, eit rammeverk for gards- og ættesoger
Svar: 35
Visninger: 25293

Re: Bygdebasen, eit rammeverk for gards- og ættesoger

Til spørsmålet ovafor om boksal kan dekkje forfattarhonoraret: det er det som du sjølv nemner problematisk å gje eit fullgodt svar på. Det er td. spørsmål om kor mykje arbeid forfattaren skal gjere, t.d. med registrering av kjeldemateriale, innsamling og bearbeiding av kart- og bildeinformasjon o.l....
av Arnfinn Kjelland
08 des 2006 19:40:55
Forum: Volda
Emne: Bygdebokverket "Busetnadssoga for Volda"
Svar: 5
Visninger: 4413

Re: Bygdebokverket "Busetnadssoga for Volda"

Og i morgon laurdag 9.12.06 kl 11.00 blir band 2, som dekkjer området Folkestad (f.o.m. Nautvika) - Straumshamn - Bjørnaset - Kilsfjorden - Bjørkedalen lansert på Folkestad.
av Arnfinn Kjelland
07 des 2006 22:55:08
Forum: Rauma
Emne: Sevald Kristensen og Marit Knutsdatter
Svar: 4
Visninger: 2460

Re: Sevald Kristensen og Marit Knutsdatter

Du finn i alle fall Sevald Kristensson f. 1822 av foreldra Kristen Sevaldsson og Kari Johannesdotter i Bygdabok for Lom bd. 3 (utg. Lom kommune 2005) på Andvordsjordet s. 440. Sevald g. 1854 m. Brynhild Alvsdotter f. 1823. Dei var husmannsfolk på Søre Aukrustbakken (bd. 3 s. 556), fekk 4 barn, og he...
av Arnfinn Kjelland
22 nov 2006 21:41:00
Forum: Nittedal
Emne: Erik Ellefsen gm Anna Hansdtr båe frå Lom, på Molstad i 1900
Svar: 0
Visninger: 1651

Erik Ellefsen gm Anna Hansdtr båe frå Lom, på Molstad i 1900

Eg arbeider med siste bandet av Bygdabok for Lom, der desse to skal vere frå. Familien i 1900: m Erik er identifisert, og dei fekk dottera Marit i Lom i 1895, registrert som uektefødd(?). Nokon vigsel er ikkje registrert i Lom, heller ikkje dåpen til den Marie som var f. 1889 i ft 1900. Og heller ik...
av Arnfinn Kjelland
21 nov 2006 19:36:04
Forum: Lesja
Emne: Ingebrigt Kristoffersen født 1835, Kolstad på Lesja
Svar: 7
Visninger: 4014

Re: Ingebrigt Kristoffersen født 1835, Kolstad på Lesja

Du kjem nokså mange ledd bakover ved å slå opp i bygdeboka (i alle fall først på 1600-talet), så eg vil rå deg til å låne den inn gjennom biblioteket ditt. Eg ser du òg vil trenge bind 3 (utg. 1996) for å følgje linja til morfar til Marit bakover.
av Arnfinn Kjelland
21 nov 2006 18:51:16
Forum: Lesja
Emne: Ingebrigt Kristoffersen født 1835, Kolstad på Lesja
Svar: 7
Visninger: 4014

Re: Ingebrigt Kristoffersen født 1835, Kolstad på Lesja

Du finn familien i Bygdebok for Lesja bd 2 (utg. 1992) s. 700, under husmannsplassen Huset under Kollstad. Foreldra hans var Marit Guttormsdtr. frå plassen Engebretslykkja i Åsen på Lesja, same bd. s. 522 f. 1793, g. 1819 m. ein Kristoffer Olsson som ikkje er identifisert i bygdeboka. Engebret var n...
av Arnfinn Kjelland
11 nov 2006 11:40:45
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Kilder, hvem skal en stole mest på? Navneendringer
Svar: 2
Visninger: 2131

Re: Kilder, hvem skal en stole mest på? Navneendringer

Ingen ting overraskar meg når det gjeld val av familienamn for utflyttarar. På denne tida var det ytterst sjeldan folk på landsbygda i Norge brukte familienamn i moderne tyding av ordet. Når dei flytta til ein by eller utvandra, t.d. til Amerika, måtte dei ofte velje eit slik namn, og da kunne det o...
av Arnfinn Kjelland
05 nov 2006 20:36:31
Forum: Øvre Eiker
Emne: Ole Hansen, Eiker prestegjeld
Svar: 5
Visninger: 3248

Re: Ole Hansen, Eiker prestegjeld

Sorry, I overlooked him in my own copy of the database. As far as I can see the parents, Hans and Kari, got 3 more children under the (place) name Kollen: 1827, 1831 and 1839. Those christenings are in the Dovre church. This is probably Hans and family in 1865: m I recommend you post an inquiry unde...
av Arnfinn Kjelland
05 nov 2006 20:00:49
Forum: Øvre Eiker
Emne: Ole Hansen, Eiker prestegjeld
Svar: 5
Visninger: 3248

Re: Ole Hansen, Eiker prestegjeld

There are a few Ole Hansson born in Lesja parish (including Dovre sub-parish) in the years around 1833, see church records online here: http://www.arkivnett.ol.no/dbsok/ekb.asp

But the surname (farm or cottar's place) of Ole's father, Kollen, is unusual in the parish, and not linked to any of the Ole's of the right age.

Gå til avansert søk