Søket gav 120 treff

av dn08004
01 feb 2017 18:22:45
Forum: Volda
Emne: hvor var Morten Knutsen Liaskar f. ca 1716 fra?
Svar: 18
Visninger: 2471

Re: hvor var Morten Knutsen Liaskar f. ca 1716 fra?

Ein agnatisk etterkommar av Aam-linja (frå ein annan enn Morten Knutsson) og ein agnatisk etterkommar av Morten Knutsson har testa seg. Det er rimelegaste test - 12 markørar, så det er ikkje noko prov, men ein indikasjon på at Ørstingar har rett. På 12 markørar har dei enda opp med identisk resultat...
av dn08004
19 mar 2015 09:55:38
Forum: Volda
Emne: hvor var Morten Knutsen Liaskar f. ca 1716 fra?
Svar: 18
Visninger: 2471

Re: hvor var Morten Knutsen Liaskar f. ca 1716 fra?

Ivar, eg orsakar at eg har vore usakleg. Eg skal ikkje skulde på noko, men vart litt fyrd over di noko svart/kvit-haldning til DNA-testing - og det var altfor seint på natta til at eg burde svare. Folk må sjølvsagt få ha ein viss skepsis til DNA-testing, som ein skal ha til alle kjelder. Skepsis til...
av dn08004
19 mar 2015 02:16:18
Forum: Volda
Emne: hvor var Morten Knutsen Liaskar f. ca 1716 fra?
Svar: 18
Visninger: 2471

Re: hvor var Morten Knutsen Liaskar f. ca 1716 fra?

Eg prøvar å vere forsiktig i estimata mine når eg har rekna her. Når det er sagt, DNA-testing er ei kjelde som andre kjelder, men vert møtt med ufortjent stor skepsis frå ein del slektsforskarar (dei fleste av desse har ikkje ein gong teke ein test). Å seie at det berre fører til utgifter er flåsete...
av dn08004
18 mar 2015 22:50:57
Forum: Volda
Emne: hvor var Morten Knutsen Liaskar f. ca 1716 fra?
Svar: 18
Visninger: 2471

Re: hvor var Morten Knutsen Liaskar f. ca 1716 fra?

Eg er einig i at vi har ein teori som er sterkare enn den andre her. Om DNA-testing gjev oss meir enn indikasjonar om eit omtrentleg slektkap? I dette tilfellet er det to teoriar. At den eine av dei stemmer er nesten sikkert. Ein Y-DNA-test vil støtte anten den eine eller andre teorien - eller ingen...
av dn08004
18 mar 2015 11:18:29
Forum: Volda
Emne: hvor var Morten Knutsen Liaskar f. ca 1716 fra?
Svar: 18
Visninger: 2471

Re: hvor var Morten Knutsen Liaskar f. ca 1716 fra?

Desse har eg sett på tidlegare. Svaret kan ligge i Y-DNA-testing. Eg har funne levande etterkomarar i direkte far/sonlinje tilbake til både Ellend og Morten. Om desse to får treff er slektskapet prova. Om dei ikkje får treff, kan vi derimot ikkje prove at dei ikkje er sysken. Då må ein teste andre l...
av dn08004
11 mar 2015 12:16:04
Forum: Volda
Emne: Born av Ole Olsson Vadstein (c1666-1754)
Svar: 15
Visninger: 2082

Re: Born av Ole Olsson Vadstein (c1666-1754)

Hei! Ja, der er levande etterkomarar i mtDNA-linje frå Kari til i dag. Eg har ikkje kartlagt alle linjene, men kan gjere det snarleg. Den vil vel mest truleg vere J1c3b1 (Mette si linje), men kan vel også prove at det ikkje har skjedd andre ting på denne linja. Om den får treff med Brite, er vel sja...
av dn08004
16 feb 2015 10:48:17
Forum: Volda
Emne: Born av Ole Olsson Vadstein (c1666-1754)
Svar: 15
Visninger: 2082

Re: Born av Ole Olsson Vadstein (c1666-1754)

Kanskje ikkje konkludere, men at det er størst sannsyn for at det er slik. Ei systematisk testing av mtDNA-etterkomarar ville sjølvsagt setje eit betre lys på dette - men det er dyrt. :)
av dn08004
16 feb 2015 10:30:33
Forum: Volda
Emne: Born av Ole Olsson Vadstein (c1666-1754)
Svar: 15
Visninger: 2082

Re: Born av Ole Olsson Vadstein (c1666-1754)

Hei, eg er ein av administratorane for Norgesprosjektet DNA, og også Møreprosjektet, og DNA-testing er av dei mest truverdige reiskapane vi har i slektsgransking. Resultata som kjem - som i denne samanhengen - provar at dei linjene vi tok for gitt ikkje stemmer. Vi har mange andre spanande resultat ...
av dn08004
16 feb 2015 08:41:26
Forum: Volda
Emne: Born av Ole Olsson Vadstein (c1666-1754)
Svar: 15
Visninger: 2082

Re: Born av Ole Olsson Vadstein (c1666-1754)

Hei, og takk for svar! Genealogisk er dette ei grei sak. Kjeldene peikar mot at både Brite og Mette er sysken, og døtre av Ole Olsson Vadstein. MEN to nolevande personar har testa mtDNA, som er ein type DNA som vi arvar frå mor, men som berre døtrene fører vidare til neste ledd. Den eine av desse pe...
av dn08004
18 jan 2015 08:57:53
Forum: Volda
Emne: Born av Ole Olsson Vadstein (c1666-1754)
Svar: 15
Visninger: 2082

Born av Ole Olsson Vadstein (c1666-1754)

Hei! I Busetnadssoga for Volda, band 3, s.591, familie 1-4, stend Ole Olsson Vadstein f.c. 1666 og død før 1.1.1755. Han var gift med Elen Jetmundsdotter frå Mo i Ørsta, f.c. 1673 og død før 26.3.1742. Datoen for "død før" er ikkje kobla til skifter. Dei får etter boka 7 born: 1. Brite f.c 1688, g.m...
av dn08004
17 jan 2015 19:14:41
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Skifte, Sunnmøre sorenskriveri, 1732
Svar: 2
Visninger: 197

Re: Skifte, Sunnmøre sorenskriveri, 1732

Takk, Ivar. Eg var viss på at det stod Pige, og ikkje Inge. :oops:

Ole Vadstein var enka sin far.

Gunnar
av dn08004
17 jan 2015 17:36:12
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Skifte, Sunnmøre sorenskriveri, 1732
Svar: 2
Visninger: 197

Skifte, Sunnmøre sorenskriveri, 1732

Hei! Eg forstår mykje av det som stend her, men det er eit av namna eg ikkje får til å stemme. Skifte etter Arne Olsen på Homborset 28.11.1732 Det er skiftet etter Arne Olsson Humberset, g.m. Brite Olsdotter. Borna som eg klarer å lese er Ola Arnesen 20 år, Anders Arnesen 12 år, Bor? Arnesdatter og ...
av dn08004
24 aug 2014 20:44:36
Forum: USA/Canada
Emne: Ernst Dahle
Svar: 24
Visninger: 2530

Re: Ernst Dahle

Hei!

Du har sikkert funne det du skal, men her er Ole Dahle, hans forfedre (Volda) og ein del av hans etterkomarar. Mykje er administrert av Ronald Berger Dahle, ein av etterkomararne.

www.geni.com/people/Ole-Dahle/6000000016762634001

Gunnar
av dn08004
05 mai 2014 17:26:24
Forum: Trondheim
Emne: Sivert Sivertsen Ranum (Ranheim), f. 1770
Svar: 6
Visninger: 794

Re: Sivert Sivertsen Ranum (Ranheim), f. 1770

Då fann eg skiftet etter Beret Hansdatter Ranum, 1784 . Her er ikkje Sivert Sivertsen nemnd, så då må me rekne med at han er død i 1784. Anders Sivertsen lever derimot framleis, og er 16 år gammal. Han er ikkje nemnd med anna bustad, så han bur nok på Ranum. No vert søket altså retta mot Anders, og ...
av dn08004
05 mai 2014 15:07:34
Forum: Trondheim
Emne: Sivert Sivertsen Ranum (Ranheim), f. 1770
Svar: 6
Visninger: 794

Re: Sivert Sivertsen Ranum (Ranheim), f. 1770

Hei, og takk for svar! Det hadde vore interessant om me fann skiftet etter Beret Hansdatter. Skifteregisteret viser ikkje 1700-talet, sjølv om tittelen tilseier det, så ein må vel til med eit manuelt søk. Eg fann skiftet etter Sivert Andersen Ranum 1770 , og ser at Sivert Sivertsen framleis lever, 5...
av dn08004
03 mai 2014 22:16:11
Forum: Trondheim
Emne: Sivert Sivertsen Ranum (Ranheim), f. 1770
Svar: 6
Visninger: 794

Re: Sivert Sivertsen Ranum (Ranheim), f. 1770

Hei Magne,

Nei, eg har ikkje funne noko anna om han. Eg har ikkje funne nokon konfirmerte i det heile i kyrkjebøkene for Lade i Strinda i den aktuelle perioden. Der kan vere nokre aktuelle i FT-1801, men ikkje noko med prov og hald i.

Gunnar
av dn08004
03 mai 2014 09:02:20
Forum: Trondheim
Emne: Sivert Sivertsen Ranum (Ranheim), f. 1770
Svar: 6
Visninger: 794

Sivert Sivertsen Ranum (Ranheim), f. 1770

Hei! Eg leitar etter livsteikn frå ein Sivert Sivertsen Ranum, son av Sivert Andersen Ranum (1741-1770) og Berit Hansdr Malvik (1739-?). Han vart døypt 18. februar 1770 , og farens begravelse er på same sida, 12. januar. Eg skulle gjerne vite om Sivert vaks opp, men det har ikkje lukkast meg å finne...
av dn08004
30 mar 2014 21:08:58
Forum: Malvik
Emne: Hjelp til oppslag i bygdebok - Ole Andersen Vikhammer, f1761
Svar: 5
Visninger: 1211

Re: Hjelp til oppslag i bygdebok - Ole Andersen Vikhammer, f

Tusen takk, det var svar nok for meg. Då slepp eg å vente i spaning på bøker som ikkje ville gitt meg noko nytt. Eg har akkurat bestilt bøkene til biblioteket. :)

Og takk for linken - det fall meg ikkje inn å sjå etter der heller.

Gunnar
av dn08004
30 mar 2014 09:59:09
Forum: Malvik
Emne: Hjelp til oppslag i bygdebok - Ole Andersen Vikhammer, f1761
Svar: 5
Visninger: 1211

Re: Hjelp til oppslag i bygdebok - Ole Andersen Vikhammer, f

Der er to motstridande slektstre på familysearch, så eg trur eg må be om hjelp til oppslag i bygdeboka att. Ole Andersen Vikhammer (fødd 1761) fekk fleire barn (sjå over), og eg lurer på kvar desse vart av, og om dei fekk born.

På førehand takk!

Gunnar
av dn08004
30 mar 2014 08:44:21
Forum: Malvik
Emne: Hjelp til oppslag i bygdebok - Ole Andersen Vikhammer, f1761
Svar: 5
Visninger: 1211

Re: Hjelp til oppslag i bygdebok - Ole Andersen Vikhammer, f

Tusen takk! Eg gløymer ofte brukartrea på familysearch. :)
av dn08004
30 mar 2014 07:58:52
Forum: Malvik
Emne: Hjelp til oppslag i bygdebok - Ole Andersen Vikhammer, f1761
Svar: 5
Visninger: 1211

Hjelp til oppslag i bygdebok - Ole Andersen Vikhammer, f1761

Hei! Eg treng hjelp til å finne ut om Ole Andersen Vikhammer (1761-1814), g.m. Ingeborg Olsdatter Refset (1764-?). Han fekk minst fem søner; Ole d.e. (1787-1814), Anders (1792), Ole d.y. (1794), Nils (1796) og Jon (1801). Fekk nokre av desse barn? Kvar flytte dei, osb. Målet er å finne levande etter...
av dn08004
11 nov 2013 23:24:37
Forum: Naustdal
Emne: Bygdebokoppslag, Andreas Andreassen Høgset
Svar: 10
Visninger: 2090

Re: Bygdebokoppslag, Andreas Andreassen Høgset

Når det med fadderen er sagt, ser eg at ein av fadderane var frå Jonstad, nabogarden til Skei i Naustdal. Men endå viktigare, Severine Johannesdotter Schei gjev oss eit hint som ei mogleg syster til Anne. Ho finn eg fødd i 1843, som dotter av Johannes Nilsson og Brita Simonsdotter Førde - og der kom...
av dn08004
11 nov 2013 20:29:13
Forum: Naustdal
Emne: Bygdebokoppslag, Andreas Andreassen Høgset
Svar: 10
Visninger: 2090

Re: Bygdebokoppslag, Andreas Andreassen Høgset

Tusen takk! Her var det mykje nytt sidan sist eg logga meg inn! Du kan kanskje oppklare noko eg lurer på i samband med Andreas Andreassen. Grunnen til at eg stussa mest i utgangspunktet var den jenta han fekk born med, Anne Johannesdatter frå Skei. Eg ser at Skei er ein nabogard til Hukset, men eg f...
av dn08004
22 okt 2013 17:32:20
Forum: Naustdal
Emne: Bygdebokoppslag, Andreas Andreassen Høgset
Svar: 10
Visninger: 2090

Bygdebokoppslag, Andreas Andreassen Høgset

Hei! Eg prøvar å finne rein farslinje for ein Johannes Andreas Forde, som emigrerte til USA. Han vart fødd utanomekteskapleg i 1863 i Førde, med faren Andreas Andreasson Høgset og Anne Johannesdotter Skei. Her er dåpen. Eg lurer altså på om nokon veit kvar Andreas Andreasson Høgset kom frå, og kansk...
av dn08004
22 okt 2013 07:08:57
Forum: Volda
Emne: Oppslag i busetnadsoga - Eikrem
Svar: 2
Visninger: 643

Re: Oppslag i busetnadsoga - Eikrem

Hei, Busetnadssoga, band 5, s. 180: Larsgarden, Eikrem 3-7. Johannes Pederss. frå Maurset i Nordfjord, f. kring 1739, d. før 24.11.1793, (skifte 1794), gift med Mari Larsd. frå Skår i Nordfjord, f. kring 1748, d. 3.4.1817, kjøpte garden her av Tollev Lem Ravn i 1781. Barn: 1. Barbro, f. ca. 1778, sj...
av dn08004
07 sep 2013 23:25:25
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Pantebok nr. 21 i Norderhov, Buskerud, 1830
Svar: 2
Visninger: 282

Re: Pantebok nr. 21 i Norderhov, Buskerud, 1830

Tusen takk for at du tok deg tida til dette, Else! Du er verkeleg dyktig! Her var det mykje interessant lesnad, og eit godt innblikk i mine 2-tippars levekår. :D

Mvh
Gunnar
av dn08004
07 sep 2013 21:35:15
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Pantebok nr. 21 i Norderhov, Buskerud, 1830
Svar: 2
Visninger: 282

Pantebok nr. 21 i Norderhov, Buskerud, 1830

Hei! Eg lurer på om nokon vil hjelpe meg med å skrive av kva som står i husmannskontrakta mellom sorenskriver Meidell og husmann Johan Olsen. Eg forstår stykkevis, men klarer ikkje heilt å finne samanhengen i teksten. Det er jo ei halv side, så eg tykkjer det er mykje å be om, men håpar likevel noko...
av dn08004
25 jul 2013 10:02:12
Forum: Ringerike
Emne: Nils Johnsen Thoen - kven er han?
Svar: 9
Visninger: 2748

Re: Nils Johnsen Thoen - kven er han?

Hei Nils! Takk for svar! Denne Niels Jonsen på Nes hadde eg eigentleg sett bort frå då eg trudde han vart gift med Ingeborg Mogensdatter, men det er jo Niels Jensen Nes, ser eg no. Skjønnar ikkje kva eg har tenkt. Denne karen er verdt å forfølge! Eg har notert meg at han vart konfirmert i 1802, 16 å...
av dn08004
11 jul 2013 10:54:26
Forum: Hamar
Emne: Anders Olsen Dobloug (Doglo), f. ca. 1704
Svar: 1
Visninger: 519

Anders Olsen Dobloug (Doglo), f. ca. 1704

Hei!

Eg fann ein Anders Olsen Dobloug i det Nordenfjeldske Dragonregiment, Mellom Hedmarchische Nationale Compagnie Dragoner i 1731. Han er nemnd som 27 år, og har tjenestegjort i 9 år.

Her er link.

Eg lurer på om nokon veit kva som skjedde vidare med Anders?

Mvh
Gunnar
av dn08004
08 jul 2013 08:41:48
Forum: Vestre Toten
Emne: Etterkommarar av Martin Hansen Indal og Nikoline Larsdatter
Svar: 3
Visninger: 1254

Etterkommarar av Martin Hansen Indal og Nikoline Larsdatter

Hei! Eg søkjer norske etterkommarar av Martin Hansen Indal og Nikoline Larsdatter, f. Elton, som budde på Østre Indal på Bøverbru. Mange av etterkomarane har emigrert til USA, men desse treng eg ikkje vite så mykje om. Martin og Nikoline fekk desse borna (aktuelle kandidatar å følge vidare er marker...
av dn08004
27 jun 2013 20:22:37
Forum: Dovre
Emne: Bygdebokoppslag - Syver Hjelle, f. ca. 1775
Svar: 6
Visninger: 1316

Re: Bygdebokoppslag - Syver Hjelle, f. ca. 1775

Kjempeflott! Stend det noko om Ole Tostinsens bakgrunn? Eg har ikkje tilgong på bøkene herfrå, og ei rein farslinje så langt bak ein kjem er det eg er ute etter.
av dn08004
27 jun 2013 19:23:53
Forum: Dovre
Emne: Bygdebokoppslag - Syver Hjelle, f. ca. 1775
Svar: 6
Visninger: 1316

Re: Bygdebokoppslag - Syver Hjelle, f. ca. 1775

Det er ein amerikanar som har skrive inn dette namnet, så det er jo ikkje sikkert at 1775 stemmer. Eg fann nettopp ei opplysning til: Han hadde sonen Ole Sivertsen Hjellelien, som flytte vidare til Rennebu/Oppdal på 1850-talet. Trur kanskje det er snakk om ein Aalbu-gard. Håpar dette var til hjelp!
av dn08004
27 jun 2013 17:18:38
Forum: Dovre
Emne: Bygdebokoppslag - Syver Hjelle, f. ca. 1775
Svar: 6
Visninger: 1316

Bygdebokoppslag - Syver Hjelle, f. ca. 1775

Hei!

Eg søkjer agnatisk linje (farslinje) før Syver Hjelle, f. ca. 1775. Stend det noko om ein Syver/Sivert på Hjelle, som er fødd kring 1775?
av dn08004
25 jun 2013 10:07:40
Forum: Lødingen
Emne: Foreldrene til Lars Andreas Larsen 1819 Hulløynes,Tysfjord *
Svar: 11
Visninger: 3557

Re: Foreldrene til Lars Andreas Larsen 1819 Hulløynes,Tysfjo

Hei! Det kan vere at de allereie har sett bort frå denne personen, men der er ein Lars Pedersen i Lødingen iflg FT-1801: FT-1801 - Sand Han er fødd kring 1784, og kan jo vere ein aktuell kandidat i mine auge. Foreldra stend der også, så kanskje nokon finn skifta etter dei? Faren skal vere død 1814, ...
av dn08004
15 jun 2013 08:36:43
Forum: Ringerike
Emne: Nils Johnsen Thoen - kven er han?
Svar: 9
Visninger: 2748

Re: Nils Johnsen Thoen - kven er han?

Eg har funne lite sidan sist: Skiftet etter Nils er her. Det seier oss ein ny ting, at Nils og Kari fekk ein son til, Jon, f. ca. 1816. Det kan kanskje stå meir av nytte der, men eg finn ikkje meir. Jon finn eg ikkje i kyrkjebøkene. Med begravelse og skiftet vert omtrentleg fødselsår 1784. Eg har og...
av dn08004
19 jun 2012 09:38:51
Forum: Volda
Emne: Klara Olsd Langvatn?
Svar: 4
Visninger: 926

Re: Klara Olsd Langvatn?

Hei Liv Mari! Eg tenkte at det kunne vere ei moglegheit for DNA-testing av dei to ulike morslinene. Alle born arvar mtDNA frå mora si, men berre jentene kan føre dette vidare til sine born. Søner arvar Y-DNA frå faren sin, det gjer ikkje døtre. Siri fekk jo ikkje barn, men systrene hennar har etterk...
av dn08004
20 apr 2012 16:52:31
Forum: Haram
Emne: Elen Pedersdotter Tennøy (konf. 1752)
Svar: 6
Visninger: 1297

Re: Elen Pedersdotter Tennøy (konf. 1752)

Eg har DNA-testa meg, og har funne to personar som har felles gener med meg på same del av eine kromosomet, og begge desse har Engeset-sida som einaste genealogisk link. Det provar ikkje noko, men gjev ein indikasjon på kven eg bør jobbe vidare med! :)
av dn08004
04 mar 2012 21:32:17
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Kirkebok, Toten, Oppland, 1747
Svar: 2
Visninger: 195

Re: Kirkebok, Toten, Trolovede 1747

Tusen takk, Ivar (nok ein gong)! :)
av dn08004
04 mar 2012 20:42:57
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Kirkebok, Toten, Oppland, 1747
Svar: 2
Visninger: 195

Kirkebok, Toten, Oppland, 1747

Hei!

Trenger tyding av et ektepar, som trolover seg 3. desember, og gifter seg 28. desember 1747. Jeg vet at de heter Christen Nielsen og Agnete Olsdatter, men får ikke tak i hvor de bor.

På forhånd tusen takk!

Mvh. Gunnar
av dn08004
18 jan 2012 16:14:23
Forum: Volda
Emne: Slekt av Petrine f Havåg og Elias Yksnøy
Svar: 8
Visninger: 1781

Re: Slekt av Petrine f Havåg og Elias Yksnøy

Hei! Dei er omtalte i Busetnadssoga for Volda, band 5 s. 400. Elias Andreasson Yksnøy var frå Yksnøya, son av Andreas Petersson Yksnøy (25.3.1819-31.1.1892) og Nikoline Karlsdotter Steinnes, Ørsta (10.7.1819-2.1.1865). Eit par ledd lenger bak på Yksnøya, må du til Voss også. Petrine si slekt skal ve...
av dn08004
14 des 2011 00:28:55
Forum: Hareid
Emne: Jens Andersson, f. kring 1735
Svar: 15
Visninger: 3551

Re: Jens Andersson, f. kring 1735

Nok ein gong takk for gode tips og råd! Etter å ha søkt gjennom Sunnylven og Geiranger band II, sett gjennom FT-1701 (Sunnelvens skibrede) og samt sett gjennom interessante artiklar av Bjørn J. Dale, stend eg framleis utan svar. Nokre ting har eg likevel funne: Jens hadde to syskjen: 1. Karen, som v...
av dn08004
12 des 2011 23:10:54
Forum: Haram
Emne: Elen Pedersdotter Tennøy (konf. 1752)
Svar: 6
Visninger: 1297

Re: Elen Pedersdotter Tennøy (konf. 1752)

Takk for tips! Sistnemnde er fødd på og tek over Nes-garden. Så dermed er ei til ute av biletet! :)
av dn08004
12 des 2011 22:28:25
Forum: Haram
Emne: Elen Pedersdotter Tennøy (konf. 1752)
Svar: 6
Visninger: 1297

Re: Elen Pedersdotter Tennøy (konf. 1752)

No har eg funne litt ut om ho på Skodje, og ho kan vere aktuell. Ho er fødd i 1736 med foreldrene Peder Olsson Store Engeset og Ingeborg Jonsdotter Gjærset (Grytestranda i Haram). Dei bur på Store Engeset i Skodje fram til kring 1745. Kvar dei reiser etterpå er uvisst. Sidan mora er frå Grytestranda...
av dn08004
12 des 2011 18:08:34
Forum: Hareid
Emne: Jens Andersson, f. kring 1735
Svar: 15
Visninger: 3551

Re: Jens Andersson, f. kring 1735

Diverre ikkje mykje nytt frå biblioteket. Hundsvær (eller Tyskholmen) stod omtala i Borgund-bøkene, men ingen kjende namn der. Ser på kartet at Hundsvær og Tyskholmen er to øyer som ligg rett nord for Urvika. Har også sett gjennom Norddal band to, og leita etter Jens Andersson og Anders Andersson, m...
av dn08004
11 des 2011 23:45:42
Forum: Hareid
Emne: Jens Andersson, f. kring 1735
Svar: 15
Visninger: 3551

Re: Jens Andersson, f. kring 1735

Eg finn også (mest truleg) den same Jens konfirmert i Borgund i 1748 (17 år gml), framleis med Hundsvær som bustad. Vert spanande å sjå kva eg finn under Hundsvær i Sulasoga. Har sjølvsagt gått på mange bomturar i liknande samanhengar - men eit lite håp tek eg med meg. :)
av dn08004
11 des 2011 15:17:03
Forum: Haram
Emne: Elen Pedersdotter Tennøy (konf. 1752)
Svar: 6
Visninger: 1297

Re: Elen Pedersdotter Tennøy (konf. 1752)

Hei! Takk for svar! Ho som er døypt 7. april 1735 er fødd på Grøt og og døydde 1803 på Ramstad. Så henne er det ikkje. Vedkomande ho som var døypt i Ørskog, nærare bestemt Furset på Stranda, så døydde ho tre veker gammal. Foreldre var Peder Rasmusson og Tyri Olsdotter. Ho på Skodje har eg ikkje sett...
av dn08004
11 des 2011 13:14:20
Forum: Haram
Emne: Elen Pedersdotter Tennøy (konf. 1752)
Svar: 6
Visninger: 1297

Elen Pedersdotter Tennøy (konf. 1752)

Hei! Eg lurer på om nokon veit noko om kvar denne Elen Pedersdotter Tenøen blei fødd eller kvar ho vart av? Ho vart konfirmert i 1752 i Vatne (då under Borgund). Eg leitar etter aktuelle personar med namnet Elen Pedersdotter som er fødd +-5 år frå 1735. Sjå dette foruminnlegget . Tidlegare har eg fu...
av dn08004
11 des 2011 13:01:17
Forum: Hareid
Emne: Jens Andersson, f. kring 1735
Svar: 15
Visninger: 3551

Re: Jens Andersson, f. kring 1735

Så flott med linken til Jens Andersson, dpt. 1.8.1728! Om det er denne Jens me leitar etter, skal mora heite Lisbet Olsdotter Hundsvær, etter introduksjonslistene (øvst på andre sida). Eg har ikkje Sulasoga tilgjengeleg heller, men får ta ein tur på biblioteket måndag, om ingen andre kjem meg i fork...
av dn08004
12 okt 2011 20:47:11
Forum: Hareid
Emne: Jens Andersson, f. kring 1735
Svar: 15
Visninger: 3551

Re: Jens Andersson, f. kring 1735

I alle dagar! Slik som eg har leita og leita, men ikkje funne Jens sitt skifte... Pinleg. Men takk! Eg har også skiftet etter Eli her: Skifte 1787 , men er usikker på om eg kan lese noko nytt her. Hennar bakgrunn er nemleg også vanskeleg å finne. Eg har ikkje så mykje erfaring med akkurat skifta, me...
av dn08004
21 sep 2011 22:17:05
Forum: Hareid
Emne: Jens Andersson, f. kring 1735
Svar: 15
Visninger: 3551

Jens Andersson, f. kring 1735

Hei! Eg er på leit etter ein Jens Andersson som gifte og busette seg i tidlegare Borgund. Han var fødd kring 1735. Jens gifte seg 27. mars 1769 med Elen Pedersdotter Tryggestad (som eg heller ikkje finn bakgrunnen til - sjå tidlegare emne her. ) Trulovinga skjer 2. februar 1769 . Her bur Jens i Urvi...
av dn08004
02 aug 2011 01:01:59
Forum: Ringerike
Emne: Nils Johnsen Thoen - kven er han?
Svar: 9
Visninger: 2748

Re: Nils Johnsen Thoen - kven er han?

Ah, ser jo det sjølvsagt no. :oops:
Då er det ikkje fullt så slåande, sjølv om det framleis er ein kandidat. :)

Finn ikkje denne Nils konfirmert i Norderhov 1795-1805, så då er eg like langt.

Takk Else!

Gunnar
av dn08004
01 aug 2011 21:54:50
Forum: Ringerike
Emne: Nils Johnsen Thoen - kven er han?
Svar: 9
Visninger: 2748

Re: Nils Johnsen Thoen - kven er han?

Litt ungt enno, men eg trur eg er inne på noko. Eg reagerte på at Nils og Kari kalla opp fyrstefødde gut etter hennar far, Jørgen. Fyrstefødde dotter heitte Karen, men det heitte ikkje Karis mor. Dermed tenkte eg han kunne vere uekte fødd. På eit søk på FS etter Nils Jonsen med Karen som mor, fann e...
av dn08004
26 jun 2011 12:34:08
Forum: Gran
Emne: Casper Nielsen gift 1810 - fødested?
Svar: 2
Visninger: 627

Re: Casper Nielsen

Hei!

Har kanskje ikkje eit klart svar, men der var ein Kasper Nilsen som døde på Bitterud i Asker 33 år gml. 16. juli 1808. Kvar han kom frå har eg ikkje sjekka ut. Det kan hende du finn han blant ut- eller innflytta.

Gunnar
av dn08004
22 jun 2011 21:30:36
Forum: Volda
Emne: Rasmus Ingebrigtsson på Slåttelid (c. 1757-1843)
Svar: 11
Visninger: 2856

Re: Rasmus Ingebrigtsson på Slåttelid (c. 1757-1843)

Takk!

Vrient å tolke alt der, men ser vel berre enkemannen og borna nemnde i skiftet. Eller?
av dn08004
19 jun 2011 21:25:14
Forum: Volda
Emne: Rasmus Ingebrigtsson på Slåttelid (c. 1757-1843)
Svar: 11
Visninger: 2856

Re: Rasmus Ingebrigtsson på Slåttelid (c. 1757-1843)

Hei igjen! Eg har snakka med ein etterkomar i rein farslinje til Rasmus som ville ta ein Y-DNA-test for å finne meir om røtene til Rasmus. Eg nemnde teorien om at Rasmus var frå Nordfjord, og då ringde det ei bjelle hjå han. Han leita i nokre papir, og fann eit intervju med oldebarnet til Rasmus, so...
av dn08004
11 jun 2011 12:46:29
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Kirkebok Vinje, Telemark, 1849
Svar: 4
Visninger: 419

Re: Kirkebok Vinje

Det eg les utfrå dette er:
Ungkarl Hans Halvorsen Fosso af Tinns Prestegield.

Fosso ligg i Dal i Tinn kommune.

Mvh.
Gunnar
av dn08004
09 jun 2011 20:54:02
Forum: Gran
Emne: Gulbrand Hansen Egges foreldre (f. ca. 1751)
Svar: 4
Visninger: 1171

Re: Gulbrand Hansen Egges foreldre (f. ca. 1751)

Dette var jo godt nytt! Den DVDen trur eg eg må skaffe meg. :)
av dn08004
08 jun 2011 19:17:34
Forum: Ringerike
Emne: Nils Johnsen Thoen - kven er han?
Svar: 9
Visninger: 2748

Re: Nils Johnsen Thoen - kven er han?

Takk for svar! Eg byrjar å tenkje at han er utanfrå Norderhov. Eg har prøvd å følge dei to kandidatane du har over, men dei ser ut til å vere gifte andre plassar (sjølv om giftarmåla berre passar med alder, og ikkje bustad - så sikkert er det ikkje). Fadderane til borna er berre naboar og slektninga...
av dn08004
08 jun 2011 18:29:19
Forum: Gran
Emne: Gulbrand Hansen Egges foreldre (f. ca. 1751)
Svar: 4
Visninger: 1171

Gulbrand Hansen Egges foreldre (f. ca. 1751)

Hei! Eg søker etter foreldrene til Gulbrand Hansen Egge. Eg finn han ikkje døypt i Gran kring det aktuelle fødselsåret, men han er konfirmert i 1766 i Gran (eit stykke nede på andre sida). Vidare giftar han seg med Mari Olsdatter Dæhlen 22. oktober 1778 . Dei får sju barn som eg veit om: Hans, f. 17...
av dn08004
30 mai 2011 13:07:26
Forum: Ringerike
Emne: Nils Johnsen Thoen - kven er han?
Svar: 9
Visninger: 2748

Nils Johnsen Thoen - kven er han?

Hei! Eg leitar etter informasjon etter min 3-tippoldefar, Nils Johnsen Thoen. Det eg veit er: Han giftar seg 17. april 1810 (lysing 24. mars) med Kari Jørgensdatter Thoen (1782-1866), datter av Jørgen Svendsen Holmestuen (ca. 1748-1809) og Mari Jensdatter (ca. 1744-1815). Nils og Kari får minst to b...
av dn08004
08 mai 2011 19:02:17
Forum: Stranda
Emne: Elen Pedersdotter Tryggestad, f. ca. 1736
Svar: 2
Visninger: 929

Re: Elen Pedersdotter Tryggestad, f. ca. 1736

Takk for svar! Eg har stussa på den Eli Gunnersd., for Elen (Eli) Pedersdotter giftar seg med Jetmund Amundsen Stadsnes etter Jens Andersens død - det burde eg sjølvsagt opplyst om. Truloving i Borgund, 2.7.1785 Vigsle i Borgund, 22.11.1785 Gunnersd. må nok vere ein skrivefeil/feilkopling frå preste...
av dn08004
08 mai 2011 09:34:17
Forum: Sunnmøre - ukjent kommune
Emne: Ole Eskildsen fra Sunnmøre
Svar: 9
Visninger: 1752

Re: Ole Eskildsen fra Sunnmøre

Det treng forresten ikkje vere same personen, ettersom alderen på Ole Askildsen ikkje stemmer med "din" Ole Askildsen. Då er det nok heller den Ole som Astrid skriv om over. Ser du har ein tråd i Herøy-rommet også, som har kome lenger i diskusjonen.
av dn08004
07 mai 2011 21:59:17
Forum: Sunnmøre - ukjent kommune
Emne: Ole Eskildsen fra Sunnmøre
Svar: 9
Visninger: 1752

Re: Ole Eskildsen fra Sunnmøre

Hei! Om Askild Andersen er faren, ser eg at han er død 29. mars 1815 . Kva med å sjekke om han stend i skifta etter faren? Eg har sett i registera der det er register utan å finne han, men det er ikkje alle det er register til. Her er vel den mest aktuelle protokollen: arkivverket.no/URN:sk_read/245...
av dn08004
07 mai 2011 18:29:46
Forum: Stranda
Emne: Elen Pedersdotter Tryggestad, f. ca. 1736
Svar: 2
Visninger: 929

Elen Pedersdotter Tryggestad, f. ca. 1736

Hei! Eg har leita etter Elen (Eli) Pedersdotter, angiveleg frå Tryggestad i Sunnylven, men utan hell. Ho gifta seg med Jens Andersson i Borgund 27.3.1769 . Dei fekk to born, der den eine vaks opp: 1. Birte, døypt 21.5.1769 , fødd i Urvika på Sula (Borgund). 2. (Birte) Malene, døypt 14.1.1774 , fødd ...
av dn08004
30 apr 2011 22:58:43
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Kyrkjebok, Skodje i Borgund, Møre og Romsdal, 1718
Svar: 5
Visninger: 573

Re: Kyrkjebok, Skodje, Borgund, Møre og Romsdal, 1718

Tusen takk skal de ha! Det var klargjerande!

Eg ser at Gjertrud fekk sin andre "uekte" litt lengre nede på sida også.

Gunnar
av dn08004
30 apr 2011 16:24:15
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Kyrkjebok, Skodje i Borgund, Møre og Romsdal, 1718
Svar: 5
Visninger: 573

Kyrkjebok, Skodje i Borgund, Møre og Romsdal, 1718

Hei! Treng litt hjelp til å tolke kven som er faren og mora til det "uekte" barnet Anne fødd i 1718: Uekte barn 1718 Der stend at faren er "Knud Stephensøn af Ramstad udi Ørschous Sogn". Deretter kjem eit namn til ein soldat som eg ikkje heilt forstår kvifor er der. Kva er hans rolle? Eg ser han ogs...
av dn08004
22 mar 2011 16:18:02
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Kirkebok, Domkirken i Stavanger, Rogaland, 1745
Svar: 3
Visninger: 407

Kirkebok, Domkirken i Stavanger, Rogaland, 1745

Hei! Det er i grunnen lettleseleg dette, men er litt usikker på eit ord eller to som kan vere essensielle! Nr. 39 Eg les dette: Gitløv Eskildsdr hendis uægte Søn er døbt Fredag?? den 4de Junii og kaldet Eskild, baaren til Daaben af Ingebor Nielsdr. Fadderene Laurs Andersøn, Elling Olsøn, Søren Muldr...
av dn08004
07 feb 2011 20:04:54
Forum: Informasjon om Slektsforum
Emne: Fra gjest til medlem
Svar: 193
Visninger: 121672

Re: Fra gjest til medlem

Var pålogga med feil konto, så no kan du prøve att. :)

Mvh.
Gunnar
av dn08004
07 feb 2011 19:04:13
Forum: Informasjon om Slektsforum
Emne: Fra gjest til medlem
Svar: 193
Visninger: 121672

Re: Fra gjest til medlem

Hei!

Det samme gjelder for meg! :)

Gjestekonto: gj07795 og DIS-konto: dn08004

Tusen takk! :)

Gunnar
av dn08004
18 jan 2011 09:03:46
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Skifte, Levanger, Nord-Trøndelag, 1772
Svar: 2
Visninger: 303

Re: Skifte, Levanger, Nord-Trøndelag, 1772

Då var det det eg trudde. Takk for stadfestinga!

Gunnar
av dn08004
16 jan 2011 18:38:46
Forum: Levanger
Emne: Ingebrigt Joensen f 1757 i Kolberg
Svar: 3
Visninger: 1260

Re: Ingebrigt Joensen f 1757 i Kolberg

Det er nokre fleire punkt som kan styrke teorien om at det er den eg leitar etter. Iflg. skiftet etter foreldra, Joen Ingebretsen og Marithe Mortensdatter (Granaunet) i 1772 er det nemnd 4 born; Berit (21 år), Ragnild (19 år), Ingebret (15 år) og Morten (14 år). Eg finn ein Morten Jonsen Kolberg som...
av dn08004
14 jan 2011 13:43:50
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Skifte, Levanger, Nord-Trøndelag, 1772
Svar: 2
Visninger: 303

Skifte, Levanger, Nord-Trøndelag, 1772

Hei!

Eg klarer berre å lese stykkevis, og treng hjelp til å finne ut kven som vart Ingebrigt Joensens verge, og gjerne om der stend meir om han i skiftet.

Nedst på side 2, og vidare på neste sidene (Granaunet)

Tusen takk!
av dn08004
14 jan 2011 12:38:53
Forum: Levanger
Emne: Ingebrigt Joensen f 1757 i Kolberg
Svar: 3
Visninger: 1260

Re: Ingebrigt Joensen f 1757 i Kolberg

Hei! Eg veit ikkje om eg kan hjelpe deg med klare svar, men du var interessert i alle opplysningar, så: Eg har vore på leit etter ein Ingebrigt Jonsen Colbergs fødsel i mange år, og kom over denne etterlysninga di ved ei tilfeldigheit etter eit google-søk. "Min" Ingebrigt er i Halden i FT-1801: FT-1...
av dn08004
28 des 2010 10:53:49
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Kirkebok, Aker, Oslo, 1817
Svar: 2
Visninger: 393

Kirkebok, Aker, Oslo, 1817

Hei! Eg har lenge lurt på etternamnet til Magdalena som giftar seg med Jon Wilhelm Kolberg. Har med både ministerialbok og klokkarbok. Eg tykkjer det ser ut som "Frohmsdatter", men får ikkje nokon treff på slike i FT-1801. Klokkarbok, øvst på fyrste sida Ministerialbok, nummer to på fyrste sida Han ...
av dn08004
27 des 2010 09:54:53
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Kirkebok, Skedsmo, Akershus, 1815/1816
Svar: 2
Visninger: 357

Kirkebok, Skedsmo, Akershus, 1815/1816

Hei!

Treng litt hjelp til tyding av post nr. 14 i på denne sida:
Post 14

Han heiter Jon Wilhelm Kolberg, og er nyleg tilflytta til Skedsmo då kona hans døyr. Han ser då ut til å flytte, men eg klarer ikkje å lese alt som stend om han. Kan nokon hjelpe meg med dette?

Mvh. Gunnar
av dn08004
21 des 2010 17:26:25
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Kirkebok, Halden, Østfold, 1798
Svar: 2
Visninger: 411

Re: Kirkebok, Halden, 1798

Tusen takk, Else!
av dn08004
21 des 2010 10:18:21
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Kirkebok, Halden, Østfold, 1798
Svar: 2
Visninger: 411

Kirkebok, Halden, Østfold, 1798

Hei! Eg trur eg forstår mesteparten, men treng litt hjelp til tyding av post 98, Engelbret. Fødte og døpte i Halden 1798, post 98 Eg tolkar dette: [Oktober] 19de Døbt: Engelbret Fød den 7de ?? Forældrene. Ingebreth Johansen Colberg Consumtions?? Betient, med Hustru Karen Christiana Nielsdatter Leerb...
av dn08004
19 des 2010 10:40:03
Forum: Hole
Emne: Madsi Hansdatter (Gihle?) (ca. 1783 - 1841)
Svar: 5
Visninger: 3040

Re: Madsi Hansdatter (Gihle?) (ca. 1783 - 1841)

Hei! Så fint at vi er flere som leter! Du kan jo få noen ting til av meg. Skiftet etter Massi er her, men jeg klarer ikke lese alt. Finner heller ingenting som kan lede oss mot Gihle. Men her er skiftet: Skifte etter Massi Hansdatter Langebro I tillegg er jeg litt usikker på om teorien din med Marte...
av dn08004
24 okt 2010 09:17:12
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Kirkebok, Borgund, Møre og Romsdal, 1752
Svar: 2
Visninger: 363

Re: Kirkebok, Borgund, Møre og Romsdal, 1752

Takk for den! Eg tolka "boe" som "bor" og skjøna ikkje setninga... :)
av dn08004
24 okt 2010 08:45:59
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Kirkebok, Borgund, Møre og Romsdal, 1752
Svar: 2
Visninger: 363

Kirkebok, Borgund, Møre og Romsdal, 1752

Hei!

Lurer på nokre ting som stend under 30. april 1752:
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-26

Eg klarer:
Dom. Cantate den 30 April: trolovede 1) Hans Hansen Walderhougstrand, ?? ?? bor i Lychen, ungkarl, med Pigen Karen Olsdat. Lychen, ?? ??

På førehand takk! :)
av dn08004
08 jun 2010 21:21:16
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Kirkebok Grytten, Møre og Romsdal, 1755
Svar: 3
Visninger: 607

Re: Kirkebok Grytten, Møre og Romsdal, 1755

Det eg klarer å lese er: 11te Jan. Døbt. Grydens kirke. Hans Hendrich Mons(en)?? uægte barn. Moderen Ane Olsdr. Nøsthøe??. N(avn) Lisbeth. T(est.) Søren Saagge-Bakke, Tolleiv And. Bakke, Synneve Tollevsd. ibid., Ane Steensd. Reiten og Magnild Olsd. Nøsthøe?? [eller] Nøsthøl?? Lukke til vidare i leit...
av dn08004
20 mai 2010 14:27:03
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Kirkebok, Volda, Møre og Romsdal, 1840
Svar: 2
Visninger: 346

Re: Kirkebok, Volda, Møre og Romsdal, 1840

Ser fornuftig ut! Hadde hengt meg opp i at S'en i Saavidt var ein D...

Takk!
av dn08004
20 mai 2010 13:50:04
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Kirkebok, Volda, Møre og Romsdal, 1840
Svar: 2
Visninger: 346

Kirkebok, Volda, Møre og Romsdal, 1840

Hei!

Eg treng hjelp til å tolke det presten har skrive under "Christenskundskab og Flid" på karen med løpenummer 4 (Ole). Kyrkjebok for Volda, MINI, 1840, s. 118
Det ser eigentleg greit ut, men eg får ikkje noko fornuftig ut av det. :)
På førehand takk!

Gunnar Aurdal
av dn08004
16 mai 2010 02:03:55
Forum: Hole
Emne: Madsi Hansdatter (Gihle?) (ca. 1783 - 1841)
Svar: 5
Visninger: 3040

Re: Madsi Hansdatter (Gihle?) (ca. 1783 - 1841)

Det stemmer med folka, ja, og datoen stemmer overens med kirkeboka. Takk for den! Men fremdeles finner jeg ingen sikre bevis på at Madsi hører til denne søskenflokken. Det stod dessverre ingenting om hvor foreldrene bodde i kirkeboka under "copulationen", så jeg prøvde å de under trolovede, men finn...
av dn08004
15 mai 2010 22:27:39
Forum: Hole
Emne: Madsi Hansdatter (Gihle?) (ca. 1783 - 1841)
Svar: 5
Visninger: 3040

Madsi Hansdatter (Gihle?) (ca. 1783 - 1841)

Hei! Jeg prøver å finne ut av en Madsi Hansdatters aner. Hun bodde på gården Langebru i Krokskogen g.m. Jakob Jansen (Jensen og Johansen er også brukt) Langebroe (f. Bye, men senere også Haug og Rognlia). De giftet seg i 1806 i Bærum (nest nederst på første arket). Her står det en bokstav etter henn...
av dn08004
04 nov 2009 23:01:03
Forum: Volda
Emne: Rasmus Ingebrigtsson på Slåttelid (c. 1757-1843)
Svar: 11
Visninger: 2856

Re: Rasmus Ingebrigtsson på Slåttelid (c. 1757-1843)

Ok. Då får eg henge fast i det hårstrået, eller leite vidare på anna vis. Tusen takk for hjelpa, Ivar! Og takk for linkane lenger oppe! Du verkar å vere dreven på dette! :)
av dn08004
04 nov 2009 20:00:21
Forum: Volda
Emne: Rasmus Ingebrigtsson på Slåttelid (c. 1757-1843)
Svar: 11
Visninger: 2856

Re: Rasmus Ingebrigtsson på Slåttelid (c. 1757-1843)

Eg har undersøkt litt kring Olaves foreldre og syskjen, og funne ut at: Faren Hans Hansen Valderhaugstrand (1728-1778) og mora Karen Olsdatter Lykken/Jogård (1733-1759) er døde før Olave giftar seg og evt. flyttar til Slåttelid. Skifte etter Karen Olsdotter Døngen Skifte etter Hans Hansen Joengaard ...
av dn08004
04 nov 2009 10:39:06
Forum: Volda
Emne: Rasmus Ingebrigtsson på Slåttelid (c. 1757-1843)
Svar: 11
Visninger: 2856

Re: Rasmus Ingebrigtsson på Slåttelid (c. 1757-1843)

Ivar: Takk for at du fann skiftet! Eg var ikkje komen så langt i skifteprotokollen, og har nytta lang tid på å prøve å forstå noko av det som stend på sidene. Forstår ikkje halvparten av det som stend i skiftet etter Olave, men skal trene meg opp. Skifter er nytt for meg, men eg ser jo at det er gul...
av dn08004
03 nov 2009 21:59:14
Forum: Volda
Emne: Rasmus Ingebrigtsson på Slåttelid (c. 1757-1843)
Svar: 11
Visninger: 2856

Re: Rasmus Ingebrigtsson på Slåttelid (c. 1757-1843)

Takk Ivar - det er godt med litt nøktern tenking inn i dette. Lett å bli litt riven med! Og eg fekk, som eg ville, svar på at eg må jobbe vidare med saka. Ei sak eg ikkje nemnde var deira fyrste born, Steffines/Stephanes, namn. Det er jo eit ganske uvanleg namn, i alle høve i desse traktene. Men eg ...
av dn08004
02 nov 2009 19:22:08
Forum: Volda
Emne: Gårder i Dalsfjorden
Svar: 2
Visninger: 1449

Re: Gårder i Dalsfjorden

Eg er frå Volda, men ikkje lokalkjend i Dalsfjorden. Likevel tykkjer eg at det nedste biletet, "Lauvstad 1" ser ut til å vere frå Sætre. Alle husa stend i sofall ikkje der i dag, men stranda og naturen elles får det til å sjå slik ut. Eg tenkjer det skal vere mogleg å finne det ut via Busetnadssoga ...
av dn08004
02 nov 2009 17:52:35
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Kirkebok, Åsnes, Hedmark 1904
Svar: 2
Visninger: 478

Re: Olga Dangy Pettersen

Det er krampe som stend der, ja.
Det blei brukt ord som er vanskelege å oversetje til dagens terminilogiar, så ho kan ha hatt kramper, men den eigentlege dødsårsaken er vanskeleg å seie kva var. Kanskje ein lege kan hjelpe deg?
av dn08004
02 nov 2009 15:08:54
Forum: Volda
Emne: Rasmus Ingebrigtsson på Slåttelid (c. 1757-1843)
Svar: 11
Visninger: 2856

Rasmus Ingebrigtsson på Slåttelid (c. 1757-1843)

Eg har ei nøtt eg har halde på med i lang tid. Iflg. Voldasoga av Årviknes er Rasmus Ingebrigtsson frå Haukeland i Syvde, og han og kona Olave Hansdotter kom som gifte folk i 1792. Den nye Busetnadssoga for Volda seier også at han er frå Syvde (sjølv om denne informasjonen var henta frå Årviknes). H...
av dn08004
12 okt 2009 20:30:30
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Kyrkjebok, Volda, Møre og Romsdal, 1834
Svar: 3
Visninger: 736

Re: Kyrkjebok, Volda, Møre og Romsdal, 1834

Ok!

Rekna med det stod "regner" og "4", men skjønte ikkje resten.

Tusen takk! :)
av dn08004
12 okt 2009 19:16:14
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Kyrkjebok, Volda, Møre og Romsdal, 1834
Svar: 3
Visninger: 736

Kyrkjebok, Volda, Møre og Romsdal, 1834

Hei! Det er eit par ord eg ikkje klarer. Det gjeld fyrste personen på sida: Nr. 1 - Jacob Johnsen Det gjeld karakteren, og det fyrste klarer eg; "Særdeles god i Kundskab og Forhold, skriver godt og". Resten klarer eg ikkje heilt å forstå - i alle høve ikkje med meining. På førehand takk! Gunnar
av dn08004
05 okt 2009 17:14:05
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Kyrkjebok, Volda, Møre og Romsdal, 1832
Svar: 3
Visninger: 644

Re: Kyrkjebok, Volda, Møre og Romsdal, 1832

Flott, det gjev meining!

Tusen takk skal de ha! :)

Mvh Gunnar
av dn08004
01 okt 2009 10:49:41
Forum: Hjelp til tyding av kildemateriale
Emne: Kyrkjebok, Volda, Møre og Romsdal, 1832
Svar: 3
Visninger: 644

Kyrkjebok, Volda, Møre og Romsdal, 1832

Hei! Eg treng hjelp til enkelte ord som eg trur eg tyder riktig, men ikkje forstår meininga med. Det gjeld nokre av postane og det gjeld berre under karakterrubrikken. Eg lurer på dei orda eg har markert under med ??. De må gjerne rette om eg har tolka noko feil. Post 1: "?? god i Flid, Kundskab og ...
av dn08004
22 mai 2009 18:50:44
Forum: Bærum
Emne: Fjeldhammer under Stabekk - hvor er det?
Svar: 4
Visninger: 1207

Re: Fjeldhammer under Stabekk - hvor er det?

Genialt! At eg ikkje har tenkt på det før... Tusen takk. :)
av dn08004
22 mai 2009 15:51:31
Forum: Bærum
Emne: Fjeldhammer under Stabekk - hvor er det?
Svar: 4
Visninger: 1207

Re: Fjeldhammer under Stabekk - hvor er det?

Supert! Tusen takk!

Kan eg spørre korleis du fann det ut?

Gunnar

Gå til avansert søk