Oj du store meg tid! Var berre innom for å sjå om noko hadde skjedd og det hadde det:-) Tusen takk for hjelpa! Dette var jo storveis. Har leita litt rundt på nasjonalbiblioteket sine heimesider, men eg fann ikkje noko bind 4, så, ja, eg får smøre meg med litt tolmod i mellomtida. Helsingar, Arnt
Kildeinformasjon: Nordland fylke, Brønnøy i Brønnøy, Ministerialbok nr. 813A05 (1752-1803), Kronologisk liste 1793, side 152. Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16503&idx_id=16503&uid=ny&idx_side=-153 Eg er på leit etter informasjon om Niels Arentsen, ...
Hei, det er meg igjen. Eg treng hjelp til å tyde noko skrift i samband med ovannevnte førespurnad, og fører det difor opp i samme tråd. (Sei ifrå om det er feil framgangsmåte.) Eg hadde vore veldig takksam for kva hjelp som helst. Det eg ikkje klarer å tyde er det som står på side 152, midt på sida?...
Tusen takk alle saman! Det har hjelpt mykje. Mykje av det som har drive meg er rett og slett at eg er nysgjerrig på kvar namnet mitt kjem frå, og i og med at det går igjen og igjen, har det blitt meir og meir interessant. Då skal eg halde fram med leitinga. Og sit eg fast igjen, så skal eg ikkje nøl...
Eg er på leit etter informasjon om Nils Arntsen og hans forfedre. Dei relevante områda er vel rundt Sømna. Nils Arntsen / Niels Arentsen vart gift med Gjertrud Pedersdatter. Dette er registrert under 1815, Sømna ministerialbok. Desse fekk sonen Arnt Nilsen(1822 - 1895) gift med Pernille Hågensdatter...