Er vi i slekt?

Mange har stilt dette spørsmålet. Sommaren og nye møte med slektningar kan vere starten på ny informasjon om familien.

Dette skulle eg ha spurt om før, har eg ofte tenkt.

Er det for seint å finne svar, når foreldre og besteforeldre er døde?

Med litt planlegging og forarbeid kan denne sommaren vere eit godt innsteg i familiane si historie.

  • Skriv ned det du veit
  • Skriv ned det du lurer på eller skulle ønske du visste
  • Finn fram bilete du har, både med og uten namn
  • Finn stader der slektningar har budd
  • Besøk gravstadane
  • Er det gjenlevande søsken, barn eller barnebarn 

Eg utfordrar deg til å ta kontakt, helse på og snakke med personar der du veit at familien kom ifrå.

Spør om lov til å ta bilete og skrive ned den informasjonen du får. 

Og så, når Slekt og Data startar opp igjen med møta på heimstaden din, er du hjerteleg velkomen dit!

God sommar!

 

 

Ennå ikke medlem

i Norges største organisasjon for slektsforskere?

Se alle medlemsfordeler

Annonse:

banner ad