Årsmøte 2023
Innkalling til årsmøte på Skei
25. mars 2023, klokka 11:00 - 13:00
Arrangementstype: | Medlemsmøter |
Sted: | Skei i Jølster |
Arrangør: | Slekt og Data Sogn og Fjordane |
Påmeldingsfrist: | 22 mars 2023 |
Påmeldingsinfo: | |
Kontaktperson: | |
Pris: |
Årsmøte i Slekt og Data Sogn og Fjordane
Tidspunkt: Laurdag 25. mars 2023, klokka 11.00- 13.00.
Stad: Bankbygget ved sidan av Skei Servicesenter (tidlegare Esso, no Circle K), inngang mot Circle K i 1. etg; 6843 Skei i Jølster.
Førebels saksliste til årsmøtet:
-
Godkjenning av representantar og registrering av fullmakter
-
Val av møteleiar og referent, samt to til å underskrive protokollen
-
Godkjenning av innkalling og saksliste
-
Styret si melding om arbeidet i 2022
-
Rekneskap for 2022 med revisorkommentar
-
Eventuell godgjersle til tillitsvalde for styrearbeid
-
Innkomne forslag
-
Vedtektssaker
-
Budsjett 2023
-
Val
Frist for innsending av saker til årsmøtet er fredag 3.mars 2023. Saker kan sendast til leiar Kjell Loen på e-post: leiar@sf.slektogdata.no .
Innkalling til årsmøte med fullstendig saksliste vert sendt på epost til dei registrerte medlemmane 10.mars 2023. Innkallinga vert og lagt ut på Facebook og på distriktslaget si heimeside https://slektogdata.no/…/slekt-og-data-der…/sogn-og-fjordane
Påmelding: Grunna bestilling av mat er det ønskjeleg å vite om lag kor mange som kjem til årsmøtet. Melding kan gjerast til leiar Kjell Loen; epost: leiar@sf.slektogdata.no eller til kasserer Bjarne Husevåg; e-post: kasserer@sf.slektogdata.no innan mandag 22.mars 2022
Velkommen til årsmøte!
I samband med val på årsmøtet, ønskjer distriktslaget fleire medlemmar som er villige til å ta del i, og drifte, distriktslaget og eventuelle lokale grupper.
Følgjande verv er på val 2023:
Leiar for 1 år
Kasserer for 2 år
1 styremedlem for 2 år
Revisor for 2 år
1 Varamedlem for 1 år
2 til valnemda for 1 år
Distriktslaget har ikkje hatt fast revisor sidan 2018, og treng eit medlem til å stå føre revisjon av rekneskapen (om lag 20 – 30 bilag pr år).
Har du forslag til, eller kan tenkje deg å ta del i drifta av distriktslaget, så ta kontakt med kasserer på epost kasserer@sf.slektogdata.no innan 5. mars, så vil dette bli vidareformidla til valnemda.